Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Samstemde kunstnarar

Av Klaus Johan Myrvoll
,  01.02.08


I år er det hundre år sidan diktaren Olav H. Hauge (1908–1994) og komponisten Geirr Tveitt (1908–1981) vart fødde. Båe var dei frå Hardanger, og det har lokale krefter visst å utnytta, soleis at 2008 har vorte eit kombinert Hauge-Tveitt-år.

Sume har stelt seg undrande til at desse to kunstnarane skal høgtidast i lag. Ein har spurt seg om dei to hundreåringane har noko sams ut over at dei var frå Hardanger.

Denne kritikken toppa seg i eit oppslag i Klasse­kampen 24. januar med overskrifta «– De hadde ikke mye felles». Det er Hauge-biograf Knut Olav Åmås som fører ordet, og han tykkjer det er «litt søkt» å feira Hauge og Tveitt i lag. Hauge skal ha tykt at Tveitt var «en svært konservativ, ja bakstreversk figur», og det skal serleg vera «Tveitts antimodernistiske synspunkter» han hadde vanskar med.

Då Hauge fekk meldinga om at Geirr Tveitt var avliden i 1981, skreiv han i dagboka: «Geirr Tveitt er den eg har tykt best um av dei eg har møtt.» Kan henda var ikkje konservatismen åt Tveitt so tung å svelgja for Hauge likevel?

Før dei møtest
Hauge og Tveitt budde ikkje so langt frå einannan, Hauge i Ulvik og Tveitt i Norheimsund, men dei møttest fyrst i 1961. I 1985 skriv Hauge i dagboka: «Me var på same alder, men møttest ikkje fyrr me var godt yver 50. Eg var lite ute millom folk i ung­domen og lenge etter den tid òg, so eg kjende ikkje mange utanum bygdi.»

Den fyrste innførsla om Geirr Tveitt i dagboka er frå 1956. Då har Hauge høyrt Tveitt fortelja om folketonar i Hardanger i kringkastinga: «Godt. Han var liketil og ekte. Og velsigna folkeleg.» Seinare, i 1958, høyrer han Tveitt i radioen att. Han lèt vel om innhaldet i programmet, men tek seg i å lyda mest etter målet: «Tveitt talar velsigna reint og godt».

Det er Tveitt som tek kontakt med Hauge. Då Hauge fyller femti år i 1958, kjem det mange telegram. Likevel er det eitt Hauge er serskilt glad for, og det kjem frå Geirr Tveitt: «Eg kjenner han ikkje personleg, og har aldri set honom, men eg tykte mykje mun i det å få helsing ifrå den mest kjende av alle hardingar.»

Tveitt er ikkje berre den hardingen som er mest kjend; han er òg den mest originale, meiner Hauge. I 1959 drøfter han kva «skapande litterært arbeid» hardingane har gjort. Han finn lite som er verdt å merkja seg; det er noko «trongt og småskore» over alle dei han kjem på. «Einaste undantaket må vera Geirr Tveitt og Ingebrigt Vik. Der er røynleg flòg og skapande syn.»

Det fyrste møtet
Den fyrste gongen Hauge og Tveitt møttest, var i desember 1961, då Tveitt var i Ulvik i samband med eit program han laga for kringkastinga. Tveitt kom opp til Hauge to dagar på rad og fekk honom til å lesa dikt, og dei rødde om På ørnetuva, som hadde kome tidlegare same året. Hauge noterer: «Det var hyggjeleg å møta Geirr Tveitt, det er harding og verdsborgar.»

Same året hadde Tveitt fått fast avtale med NRK om å laga diktarprogram med nyskriven musikk til tekster av diktarane. Ut av dette prosjektet kom m.a. melodiane til «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta» (Låstad Lygre) og «So rodde dei fjordan» (Vaa). I 1963 hadde turen kome til Hauge, og 20. september det året noterer Hauge i dagboka at Tveitt har sendt honom «tonar til ni songar». Hauge les ikkje tonar og balar litt med å få einkvan til å spela dei for seg. 4. november er han på Hydle og fær sonen i huset til å spela songane. Hauge likar dei med ein gong: «Det var noko ekte og norsk yver dei! Endå han [d.e. Daniel Hydle] sa at dei var moderne og frie i sitt tonespråk, utan fast toneart.»

I desember kjem Tveitt heim til Hauge i lag med NRK-mannen Steinar Brauteset og gjer opptak. Tveitt spelar no sjølv tonane. Hauge kommenterer i dagboka: «Dei var oveleg fine. Han er ein trollmann til å laga tonar.» Me merkar at Hauge har stor age for Tveitt og felagen hans: «Både Tveitt og Brauteset er folk som har lært og set mykje. Det er ikkje for ein heimføding å tala med slike. Elles er Tveitt ei robust kjempe, det stend ein viss støkk av han.»

I motsetnad til Hauge hadde Tveitt reist mykje og studert i utlandet; studietida si hadde han ved konservatoriet i Leipzig med opphald i Paris og Wien, og sidan hadde han reist på turnéar kring­om i Europa og Nord-Afrika. Hauge las både engelsk, fransk og tysk og var godt orientert i europeisk åndsliv, men han hadde ikkje vore utanlands. Dei faktiske røynslene som Tveitt hadde, må ha gjort inntrykk på honom.

Attåt kjem det at Tveitt var ein litt annan type enn Hauge. Det gjeld ikkje minst i synet på og i omgangen med alkohol. Etter at Tveitt var reist, trega Hauge på at han hadde lese inn dikta «Upp­skoke» og «Hardingøl» på ljodband: «Eg har ofte hatt vondt av at eg kom til å trykkja noko slikt, eg skulde ikkje vera med i den øl-kultusen her i fjorden. Men so veik og vinglen kan ein vera.»

Nærskylde
Kor høgt Tveitt sette Hauge og diktinga hans, går fram av brevet han skreiv nyårsaftan 1964, då han takka for Dikt i utval. Tveitt gjev uttrykk for at han gjerne vil verta betre kjend med Hauge: «... dikti dine er i hugen min stendugt. Eg lenktar mykje etter å sjå deg att, og til å få væra saman med deg ein heil dag eller nott eller kva det enn kallast. Du og eg hev mykje å talast um som enno ikkje er nemnt, og eg trur me er nærskylde på fleire måtar enn me er medvitne um.»

Det er ingen tvil om at Hauge og Tveitt hadde mykje sams. Dei var båe målmenn og oppglødde for alt norsk. Dei henta emne og inspirasjon i folkekulturen og i det norrøne, og dei såg på den heimlege arven som eit naturleg utgangspunkt for å skapa nye kulturuttrykk. Ein annan ting dei hadde sams, var evna til å kombinera nasjonalt råstoff med eit moderne tone- og formspråk. Hauge set ord på dette i dagboka i 1967: «Styrken vår er at me har dyrka noko lite i eigen hage. Det ser dei ikkje lenger, dei unge. Difor har gjerne Geirr Tveitt og [Hans Henrik] Holm – og mange med dei – rett. Dei vender heim. Tveitt, kanskje den som har fare vidast og skynt mest av tidi.»

For konservativ?
«Hauge var også konservativ på sitt vis, men Tveitt blir for mye av det gode», seier Åmås til Klassekampen. Her er det ein vanskeleg grenseoppgang: Kor mykje meir konservativ kunne Tveitt vera? Hauge kunne nok verta forundra over kompromissløysa åt Tveitt, men det er inkje i dagboka som tyder på at han tykte Tveitt var ein «bakstreversk figur». Stutt tid etter eit møte i 1965, midt inne i ein refleksjon om tradisjon og modernisme i diktinga, kjem Hauge med denne merknaden: «Geirr Tveitt er ein konservativ mann; han skuvar gjerne klokka attende til 1200.» Det er lett å tolka dette som ei avskriving av Tveitt. Men ein slik karakteristikk tarv slett ikkje vera meint negativt av Hauge. I tankeverda hans kan det å skuva klokka attende til 1200 vera vel verdt å freista.

25. juni 1965 fær Hauge brev frå Tveitt, som vil gjera eit nytt opptak med honom til hausten. Hauge er, som vanleg, avventande: «Vel, eg fær no høyra kva som bur i han når eg no reiser ut til han. Eg er redd han er for konservativ, og eg er ikkje huga å slutta meg til bakstrevarane heller.» Hauge held att, men det er ikkje rett å karakterisera dette som «reservert frykt», som Åmås gjer i biografien sin. Hauge kjende ikkje Tveitt so godt og var vel ikkje heilt trygg på kva selskap han kunne koma i, ikkje minst med tanke på at det skulle lagast radioprogram.

Modernismen
Det var serskilt i synet på modernismen Hauge og Tveitt skilde lag. I svaret Hauge sender Tveitt nokre dagar seinare, nemner han litt om dette, «men varsamt. For eg vil ikkje gå med på det å rakka ned på alt det nye, eg finn so mykje fint i modernismen.» Her er det viktig å ha klårt for seg at Hauge ikkje hadde noko eintydig positivt syn på modernismen; han såg veikskapane. I ei innførsle i dagboka frå 1965 vert dette kontra­stert med Tveitt: «Eg trur at mange som skriv sokalla modernistisk poesi, i grunnen ikkje trur det er noko stor dikting, men noko snadder ved sida av, som å løysa eller laga kryssorduppgåvor. Ekte dikting er rytmiske uttrykk som kjem innan­­frå og er eitt med hjarteslagi, ingen skal brigda på det!» I framhaldet skriv Hauge at Vestlandet vantar ein Duun eller ein Aukrust. Han nemner at «[s]umt har kome til uttrykk» gjennom karar som Kinck, Sivle og Nygard, men so kjem det brått, entusiastisk: «Men me har Geirr Tveitt! og han er kanskje like god som Duun og Aukrust!»

Tvisynt som Hauge var i møtet med dei nye litterære straumdraga – dei gamle meistrane kytte han jamt av –, vert det misvisande å plassera Tveitt og Hauge i kvar sin bås, slik Åmås gjer i intervjuet med Klassekampen: «Hauge var jo etter hvert først og fremst modernist, mens Tveitt var antimodernist.» Både Hauge og Tveitt var meir mangfaldige enn som so, og «modernist» er heller ikkje nokon eintydig kategori.

Hauge såg at han og Tveitt hadde ulikt syn på modernismen, men gjorde ikkje noko stort nummer av det. Det var ei sakleg usemje som det var råd å leva med og som ikkje stod i vegen for eit samkvæme merkt av gjensidig vyrdnad og ov­­undring.

Hauge var i det heile meir tolug enn Tveitt og trudde at ting ville laga seg med tida: «Lat desse spetakkelmakarane som Geirr Tveitt kallar dei, laga sin musikk av uljodar! Har me høyrt på dei ei tid, vil kanskje ei sonata av det gode gamle slaget eller ein liten folketone koma smjugande att i hugane, kanskje folk då vil kjennast ved dei på ein ny måte og skyna venleiken i dei.»

På vitjing på Tveit
I september 1965 var Hauge på vitjing på Tveit-garden, og han overnatta til dagen etter. Vel heime att sit han med mange inntrykk, som han brukar fleire sider i dagboka på å melta. «Det var ei stor uppleving for meg å koma til Tveit, eg skal aldri gløyma det.» I bokhylla legg han merke til dei samla verka åt Nietzsche og Die Reden Buddhas. «Frå Nietzsche har han viljelæra, dei strenge krav til seg sjølv, arbeid. Og aristokratismen. Han forakta alt som heiter pøbel. Men vyrder ein reinhårig arbeidsmann for det.»

Hauge har òg eitt og anna å seia om personlegdomen åt Tveitt: «Han kan vera grov i munnen, serleg når han er full. Ofte kan han vera tverr, men det ligg noko under der, folk skynar han ikkje alltid. Prinsipp, til ytste konsekvens.» Kan henda såg Hauge at dei stod for mykje av det same, men at Tveitt drog det lenger enn han. «Noko som sermerkjer han, er at han er so trugen mot det som fanga hugen i ungdomen.» Hauge kan ha sett på Tveitt som meir naiv, mindre atterhalden i den nasjonale øsinga.

«Ein av dei gamle»
Det som kan henda undra Hauge mest av det han fekk sjå på Tveit, var husguden på spinett­pianoet, ein gamal sengestolpe med runer på. «Det såg ut som eit utskore hovud. Ein fleskesvor var bunden til, det skulde blidka han.»

I eit notat i dagboka nokre dagar etter heimkoma frå Tveit kjem Hauge med ein slags konklusjon om Tveitt: «Du må skyna at han er ein av dei gamle. Han lever i lag med dei, ... og dei syng tonane for han.»

Kva han meiner med «dei gamle», går fram av sekvensen føre, som er sett opp som eit dikt. Der talar han om «ei høgare verd» som «vaker yver oss». Ein bør «[l]æra seg til å lyda etter røystene». So kjem det: «Dei gamle kunde det. / Og kunde so mykje fint. / Og tenkte so fint.» Med andre ord er Tveitt ein av dei som ikkje har tapt kontakten med verda attanfor, og det er grunnen til at han kan laga so storfelt musikk; «dei syng tonane for han». Jamvel om Hauge ikkje kunne fylgja Tveitt i avvisinga hans av kristendomen, var han ikkje framand for åndeverda hans.

Mindre kontakt
Det vart ikkje fleire turar ut til Tveit-garden for Hauge. I 1967 busette Tveitt seg fast i Oslo, og det vart mindre hopehav mellom dei. Det kom nokre brev og helsingar, og Hauge svara på dei fleste av dei. Dessutan talast dei ved i telefonen nokre gonger. Og sumaren 1968 møttest dei i Oslo og gjekk på byen i lag. Hauge ven seg aldri heilt til Tveitt og det livet han fører: «Fekk høyra av dama i recepsjonen at Tveitt hadde lege hjå henne um morgonen, ho hadde hus der i nærleiken. Galen mann!»

Det vart aldri noko jamt brevskifte mellom Hauge og Tveitt. Det er nemnt i alt ti brev frå Tveitt i dagboka åt Hauge. Åtte av dei kjem i åra 1963–69, dei to siste er frå 1976 og 1979. Dette er ikkje serleg imponerande. I 1979 ligg Tveitt på Sunnaas sjukehus. Han bed Hauge om å koma innom når han er i Oslo. «Det skal eg gjera», skriv Hauge i dagboka, men det vert aldri noko av. 1. februar 1981 døyr Tveitt, og Hauge fær vita om det gjennom Bergens Tidende dagen etter. «Det er vel eit år sidan, då skreiv han og bad meg sjå innum, kom eg til Oslo. Eg har ikkje gjort det, endå eg har vore fleire vendor der etter den tid. Det kjem eg alltid til å angra på. Geirr Tveitt er den eg har tykt best um av dei eg har møtt.»

Harding og verdsmann
I 1990 kjem Reidar Storaas med biografien sin om Geirr Tveitt, og Hauge er snar med å kjøpa boka. I dagboka skriv han: «Når eg no les Storås, ser eg meir Tveitts liv i samanheng og kvi det gjekk som det måtte gå med han: Motstand og bakvasking gjorde sitt.» Men Hauge er ikkje framand for at det òg kunne ha noko med «ustyrt livsmod» å gjera.

Då Storaas bad Hauge om opplysningar i 1985, skreiv Hauge i dagboka: «Eg synest eg enno ser Tveitt fyrste gongen han kom inn i gangen her: Ein høg, seneberr kar i svart, harding, men på same tid verdensmann.» Denne kombinasjonen av harding og verdsmann var det som fascinerte Hauge ved Tveitt, og samstundes var dét noko dei to hadde sams, kvar på sitt vis.


Klaus Johan Myrvoll er korrekturlesar i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake