Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Det barnlause kontinentet

Av Jon Hustad
,  01.02.08


Amerikanarane kallar det «elefanten i romet», og med det meiner dei eit problem som alle kan sjå er der, men som ingen vil nemna av di det synest for stort og vanskeleg. Då veit kanskje ein del kva det er vi skal tala om, for fødselstala i Europa går ikkje nett oppetter, dei gjer ikkje det. Skal ein folkesetnad halda seg stabil, må fødselsraten per kvinne vera om lag 2,1; Tyskland, Austerrike, Spania, Hellas og Italia har alle ein reproduksjonsrate som nærmar seg éin per kvinne, for tida ligg ratane og vakar mellom 1,25 og 1,35.

Slikt får fylgjer. 2006 vart eit merkeår i europeisk historie: For fyrste gong i såkalla moderne tid – då sett bort frå den fyrste og den andre verdskrigen – døydde fleire menneske enn det vart født. Fødselsraten per 1000 menneske var 10,0, dødsraten var 10,1. Rundt år 1900 hadde Europa om lag 25 prosent av menneska i verda, no har vi 11 prosent, og i 2050, seier FN – mediumframskrivinga – kjem vi til å ha sju prosent, og det jamvel om fødselstala går ned stort sett over heile verda.

Tsjekkaren åtvarar
I Oslo i byrjinga av januar i år heldt Nordic Fertility Society (NFS) den 18. årlege konferansen sin. Konferansen fekk knapt omtale i norske medium, og det endå om tala som demografi­professor Jitka Rychtarikova frå Universitetet i Praha la fram i opningsføredraget, vel må seiast å vera svært så tydelege: Om gjennomsnittleg levealder held seg stabil i Tyskland, Hellas, Austerrike, Italia og Spania samstundes som kvinnene held fram med å få berre 1,3 barn, vert folkesetnadene i desse landa halverte dei næraste 44 åra. Reproduksjonsraten for heile EU er no på 1,47, og ligg alt anna fast, fører det til ei halvering av folkesetnaden innan 65 år, konstaterte den tsjekkiske demografen.

No kan vi kanskje rekna med at levealderen held fram med å auka, men det kjem berre til å seinka utviklinga litt. I alle høve nærmar den gjennomsnittlege levealderen i EU seg alt no åtti år, og ein så høg levealder gjer at det vert stendig vanskelegare å få levealderen vidare opp.

Immigrasjon lita hjelp
Her er det at den såkalla restfaktoren kjem: Vi talar sjølvsagt om immigrasjon, som visstnok ikkje gjer så mykje til og frå. Rychtarikova hevda nemleg at det noverande nivået på innvandringa til EU ikkje ville hjelpa i særleg grad, dette både av di innvandrarane raskt byrjar å taka etter reproduksjonsvanane i dei landa dei buset seg i, og av di dei ikkje er mange nok. Det noverande nivået på innvandringa kan på line med auka levealder altså berre utsetja hal­veringa av folketalet med nokre få år. Difor tek då også stendig fleire til ords for ein massiv auke i innvandringa til Europa.

Kva den endra fødselsraten fører med seg, ser ein kanskje best i Italia: Skal Italia halda oppe det noverande høvetalet mellom arbeidarar og pensjonistar, som alt no er mellom dei skeivaste i Europa, må landet, om vi skal tru ein FN-rapport frå 2000, anten 1: auka pensjonsalderen frå 60 år for kvinner og 65 år for menn til 77 år for alle – det vil reelt sett vera ei avvikling av alderstrygd – eller 2: taka inn 2,2 millionar innvandrarar kvart år så lenge fødselsraten ikkje går opp. I dag har Italia om lag 60 millionar innbyggjarar. Ingen veit sikkert kor mange innvandrarar det er i Italia, men dei offisielle tala frå 2005 var 2,4 millionar.

Genova grånar
I dag er det slik at 25 prosent av dei italienske kvinnene ikkje får born i det heile, medan nye 25 prosent berre får eitt barn. Dei fyrste områda i Italia som byrja å få nedgang i fødselstala, var dei rike områda i nord. Liguria-regionen, der Genova er hovudstad, er eit av dei rikaste områda i verda. For kvar person under 15 var det for tjue år sidan 0,7 personar over 65. I dag er det same talet 1 til 2,4. Sagt på ein annan måte: I 1987 var det 70 personar over 65 for kvar 100. barn under 15, i 2007 var det 240 eldre for kvar 100. barn.

Utviklinga har gått føre seg jamvel om både den legale og illegale innvandringa til regionen har vore relativt stor, noko som syner seg ved at 50 prosent av skuleelevane i Genova har utanlandsk bakgrunn (born av illegale immigrantar får gå på skule i Italia, red.merk.). Dei siste ti åra har 10 prosent av skulane i Liguria vorte nedlagde, langt fleire skal leggjast ned i åra som kjem. Sjuke­husa er derimot på randa av konkurs, overfylte og vantar arbeidarar.

Baltikum vert tømt
Stoda er om mogeleg endå verre i dei baltiske landa. Der har òg fødselsraten kome under 1,3. Men på toppen av dette kjem stor utvandring. Varsame overslag syner at dei neste femten åra kjem dei baltiske statane til å få ein folketalsnedgang på 10 til 15 prosent, så kjem nedgangen til å byrja å akselerera. Særleg markant har utviklinga vore etter at grensene mot EU vart opna i 2004, som har ført til masse­emigrasjon.

I 1970 var fødselsraten i Spania 2,9 per kvinne. I 1993 var han komen ned i 1,23. Verdsbanken spådde i juli i fjor at over helvta av folkesetnaden i Spania i år 2050 kjem til å vera over 55 år, og det trass i den høge immigrasjonen til Spania dei seinaste åra; i 2000 budde det til dømes 900 pakistanarar i Spania, i 2005 var det same talet 50.000.

Paven pesar
Kva er så årsaka til folketalsnedgangen? Vel, gode svar er vanskelege å finna, men kombinasjonen av kvinnefrigjering, manglande tilpassing av arbeidsliv til barneoppseding og altfor få barnehageplassar høyrer til dei mest vanlege forklåringane; i Tyskland har til dømes berre fire av ti kvinner med doktorgrad fått born når den fertile perioden er over.

Ein annan tyskar, pave Benedikt, har ein meir idealistisk forklåringsmodell. Han meiner vi er vortne egoistiske og pessimistiske og trur lite på påstandar om vantande barnehageplassar. I ein tale i Mariazell i Austerrike sist september sa Benedikt: «Europa har vorte fattig på born. Vi vil ha alt med ein gong og lit ikkje på framtida.»

Paven er kanskje inne på noko. I USA får kvinnene framleis 2,1 barn og vel så det, og det utan at arbeidslivet er særleg kvinne- eller barnevenleg. Men så syner då også ymse meiningsmålingar om framtidsvon at amerikanarar har eit langt meir optimistisk syn enn vi europearar. Demografane i Verdsbanken reknar elles med at helvta av den amerikanske folkesetnaden i 2050 kjem til å vera under 35 år, altså tjue år under mediangrensa i Spania same år.

Eitt synest likevel nokså sikkert – om vi skal tru framskriving­ane: Europas kristne andlet er i ferd med å verta endra for godt. Det er ikkje paven så sikker på om han likar: «Alle burde gjera sitt for å hindra at den dagen kjem då berre steinane i Europa talar om kristendomen.»

Noreg får det til
Benedikt kjempar i oppoverbakke: I opningsføredraget sitt på fertilitetskonferansen fortalde den før nemnde Rychtarikova at om fødselsraten fyrst har kome under 1,5, så er han svært vanskeleg å få opp att.

Noreg då? Vi ligg jamt på 1,8 barn per kvinne, i tillegg kjem høg innvandring. Det same ser vi i resten av Norden og i Storbritannia. Tendensen er elles nokså klår over det meste av Europa. Protestantar får fleire born enn katolikkar (Monty Python tok feil, kvar spermie var ikkje heilag). Det syner vel at samfunnsutviklinga, motsett det den tsjekkiske demografen hevda, kan gjera både bråe og uventa kast. Unna­taket er Frankrike. Der får dei fleire born (2,0) enn vi i Noreg, men så tapte då Vatikanet det meste av makta alt i 1789.

Og for å halda oss i det apokalyptiske får vi til slutt sitera ein annan tyskar, Oswald Spengler (1880–1936): «Den dagen kvinnene stiller spørsmål ved om dei vil ha born eller ikkje, er sivilisasjonen dei tilhøyrer, ferdig.»

I alle høve: Vi lyt hugsa at framskrivingar berre er framskrivingar, demografar er ikkje nett kjende for presise spådomar.

– Uante konsekvensar
Kåre Willoch er redd mange av dei europeiske velferdsstatane kjem til å bryta saman.

I den siste framskrivinga si for Europa seier Det amerikanske folketeljingsbyrået at verdsdelen kjem til å oppleva ein reduksjon i arbeidsstyrken på 14 prosent dei neste 22 åra. I 2010 reknar den austerrikske regjeringa med at det i EU vil vera fleire i aldersgruppa 55–64 enn i aldersgruppa 15–24. EU-kommisjonen seier i eit varsamt estimat at EU i 2050 vil ha 58 millionar fleire pensjonistar enn i dag og 48 millionar færre i arbeidslivet.

I Noreg står vi andsynes liknande problem sidan reproduksjonsraten lenge berre har vore på 1,8. Tysdag denne veka la likevel Bjarne Håkon Hansen fram eit utkast til ny folketrygd som inneber at alle kan gå av ved fylte 62 år. Då folketrygda vart innførd i 1967, kunne ein fyrst gå av når ein vart 70. Nedgangen i pensjonsalder har kome i ei tid då norske kvinner har fått stendig færre born samstundes som levealderen har gått opp.

Kåre Willoch er uroa. Han er tidlegare statsminister og var statsråd då folketrygda vart innførd i 1967.

– Kva konsekvensar får det endra fødselsmønsteret, både i Noreg og i Europa?
– Eg trur ikkje nokon har god oversikt, men verknadene kan verta dramatiske. Særleg dei indirekte konsekvensane – som sjølvsagt er svært mange – manglar vi oversyn over. Det eg kanskje er mest redd for, er at desse talrike og dominerande årgang­ane av eldre vil nekta å taka konsekvensane innover seg når dei røystar. Det kan føra til at for mykje vert teke frå barnefamiliane, som igjen kan føra til ei forsterking av den dynamiske spiralen nedover, seier Willoch.

Djupt frustrert
– Tendensen har vore klår sidan 1970-åra, og likevel har lite vore gjort?
– Ja, og eg kjenner ein djup frustrasjon over at det politiske systemet vårt har neglisjert desse problema. Eg trur vi lett kunne ha kome unna dei, men veljarfokuset har vore andre stader enn hjå barnefamiliane. Også i Noreg har vi lenge vore inne i ein prosess der inntektene til barnefamiliane vert svekte jamført med dei barnlause. Vi ser òg ein veldig auke i pensjonsutgiftene som vert kjempa fram av grupper – særleg LO – som nektar å sjå einfelde økonomiske saman­heng­ar, seier Willoch, som heller ikkje er nøgd med det nye pensjonssystemet.

– Med den nye reforma står vi andsynes eit system som gjer at eldre både kan ha høge lønsinntekter og høge pensjonar samstundes. Dimed vert den relative velstanden til barnefamiliar endå meir svekt. Det er diverre mykje inkompetanse i Stortinget når det gjeld vurderinga av levekåra til barnefamiliane.

– Men det finst dei som er meir inkompetente?
– Ja, våre problem er bleike skuggar jamført med stoda ved Middelhavet. Slik demografien er der, må masseinnvandringa koma same kva styresmaktene seier. Vi står andsynes ein situasjon der desse landa kjem til å skifta kulturell karakter. No kjem maurarane attende til Spania. I si tid vart dei forviste av dei kristne frå dei praktfulle byane dei hadde skapt, men om ei tid kjem dei til å få att majoriteten i nokre om­­råde.

Velferdsstaten fell
– Innvandring eller ikkje – står vi andsynes ei avvikling av velferdsstaten slik at folk vert tvinga ut i arbeid?
– Eg er redd utrykket «avvikling» er villeiande, «bryta saman» er nok meir dekkjande. Det som kanskje undrar meg mest her til lands, er at vi no ser at mange unge deltek i kampen for å halda på AFP. Her får dei halvgamle i LO dei unge med seg på å kjempa for ei låg aldersgrense og eit økonomisk overføringssystem som kjem til å bryta saman lenge før dagens unge vert 62 år. Men før aldersgrensa bryt saman, er det altså dei unge barneforeldra som kjem til å betala mykje av kostnadene.

– Trur du at ein kan snu utviklinga?
– Ja, i Frankrike såg dei tidleg utviklinga og sette inn tiltak. No har dei ein høgre fødselsrate enn Noreg. Samanliknar ein Tyskland og Frankrike, er skilnaden heilt slåande. I Tyskland gjekk det lenge ikkje an å tala om problemstillinga, truleg av di nazistane var så opptekne av barnetala. Fyrst no i det siste har tyskarane sett i gang nokre tiltak. Men det er seint og det er for lite.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake