Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Samisk rettferd

Av Cathrine Brøymer
,  18.01.08


Kautokeino-opprøret
Regi: Nils Gaup
Noreg

Mange har skrive og undra seg over kva som hende mellom samane og nordmennene ein dag i november 1852. Spørsmålet er kvifor ei gruppe samar gjekk til åtak på dei litt rufsete representantane for det offisielle Noreg i Kautokeino denne dagen: Lensmannen og handelsmannen blei drepne, presten og dei andre på staden fekk ris. Seinare blei to av dei samiske gjerningsmennene halshogne og resten dømde til straffarbeid.

I romanen Presten frå 2004 skriv Hanne Ørstavik om ein ung, kvinneleg prest som er i ferd med å skrive ei teologisk avhandling om opprøret. Hovudpersonen Liv talar mellom anna om at versjonen til samane av historia kan finnast mellom linene eller i fråværet i dei offentlege dokumenta, skrivne på dansk. Ved å granske desse hola kan ein konstruere ei anna side av historia. Det har jamvel funnest fleire versjonar av kva som kunne ha vore årsaka til tragedien. I Nils Gaups filmatiserte tolking av Kautokeino-opprøret er det nettopp sameperspektiv vi ser og høyrer. Ikkje minst ber han til torgs ei over­tydande forklaring på kvifor opptøyane tok til og korleis det enda med drap på båe sider.

Historia til Elen Skum
I filmen er historia sedd gjennom augo til samekvinna Elen Skum (fint portrettert av Anni-Kristiina Juuso), ei av dei sentrale i opp­røret. Vi høyrer røysta hennar over dei første bileta; ho talar til son sin, som ikkje fekk sjå mor si på sytten år etter oppstanden. Tidleg får vi òg sjå det vi alt veit skal henda: I ein høgtidleg prosesjon blir dei to samane Mons Somby og Aslak Hætta leidde mot skafottet som er sett opp attmed fjorden. Den vesle sonen til Elen Skum blir stengd inne i eit skur like før hovuda skal hoggast av: Her er det meininga at han skal vere til det er over. Det stengde skuret og avkomet som ikkje skal vite noko, blir jamvel eit sterkt bilete på forteiinga som har prega denne revolten heilt fram til i dag.

Sidan får sonen likevel høyre versjonen til mora; om spritsalet til den rike handelsmannen Ruth og om dei sosiale problema som følgde av det, og ikkje minst om påverknaden frå predikanten Lars Levi Læstadius og den rettkomne fordøminga hans av brennevinet. Når Elen Skum vil boikotte Ruth og sjølv føre vidare læra til Læstadius, kjem ho i ei knipe både med Ruth (Mikael Persbrandt) og presten Stockfleth (Bjørn Sundquist). Då dei to kastar mannen hennar i fengsel saman med nokre andre samar, får Elen store vanskar med å halde styr på reinflokken deira. Seinare bryt ho inn i gudstenesta for å få presten til å lytte, og i rettssaka som følgjer, blir ho i tillegg dømd til straff­arbeid i eit og eit halvt år. Sakskostnadene må ho betale i form av reinskrottar. Dette skjerpar sjølvsagt konflikten og forsterkar kjensla av at utfallet er uunngåeleg og eit resultat av toskete oppførsel frå både presten og handelsmannen.

Eg synest det er eit godt val å leggje historia i munnen på Elen Skum og såleis syne fram kvinneperspektivet i saka. Kven andre merka problema på kroppen når mannfolka sat på kneipa og drakk, eller når dei ikkje kunne hjelpe til heime av di dei sat i fengsel? Elles er det lett å få inntrykk av at Gaup har gjort nokre forenklande grep for å få historia til å henge saman som film. Det viktige er likevel at hendingane viser kor djup urettvisa overfor samane var, og korleis rettsforfølginga og det økonomiske trugsmålet pressa dei til å heise opprørsfanene. Underteksten som Ørstaviks hovudperson leita etter i dei offentlege dokumenta, er ikkje lenger berre ei svak mumling mellom bokstavane: I filmen finn vi ei staut og trygg forteljing som utan å nøle seier oss korleis det kunne ha vore.

Pen realisme
I fleire realistiske og stemningsfulle bilete ser vi hovudpersonane nærme seg tragedien og ulukka. Likevel blir forteljar­stilen til tider vel omstendeleg og traust. Scenene med reinflokkane i rørsle skaper rett nok ein fin dynamikk i heilskapen, men filmen burde ha vore langt råare og grovare i framsyninga av hendinga. Jamvel om filmforteljinga tikkar kraftfullt framover, lengtar eg etter noko som ikkje er så perfekt; noko stygt og ufullenda som endå betre kunne ha spegla det grufulle som hende.

Cathrine Brøymer er litteraturvitar og fast filmmeldar for Dag og Tid.





Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake