Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ramin-Osmundsens vanskelege val

Av Svein Gjerdåker
,  11.01.08


Homofil adopsjon og tilgang til assistert befruktning for lesbiske ektefeller er to av hovudpunkta i framlegget til ny ekteskapslov frå Barne- og likestillingsdepartementet. Lova vil om kort tid koma opp i statsråd. Som ansvarleg statsråd for saka sit Manuela Ramin-Osmundsen. Ho er katolikk og går jamleg til messe i den katolske kyrkja i Oslo.

Bed om samtale
– Eg vil be Ramin-Osmundsen om ein samtale om desse spørsmåla, seier biskopen i Oslo katolske bispedøme, Bent Eidsvik, når vi spør han om kva han synest om at det er ein katolsk statsråd som fremjar den nye ekteskapslova.

Den katolske kyrkja legg sterke føringar på medlemene sine og har ein sterk kollektiv solidaritet. Kyrkja reknar med at katolikkar er lojale mot trua si i grunnleggjande spørsmål – og forpliktar livet sitt på trua til kyrkja. Dette i motsetnad til den norske kyrkja der kvar og ein i ulik grad er «personleg» kristen og det kollektive er sterkt nedtona. For å seia det slik: Det er lite sannsynleg at dei norske biskopane i statskyrkja vil be nokon av statskyrkjemedlemene i regjeringa om eit personleg møte i denne saka.

Heilagt sakrament
Det som gjer denne saka spesielt vanskeleg for ein katolikk, er at ekteskapet mellom mann og kvinne er eit av dei sju sakramenta i den katolske læra: dåp, nattverd, ekteskap, ordinasjon, konfirmasjon, skriftemål og sjuke­salving. Sakramenta, særleg ekteskapssakramentet, er teikn på pakta mellom kyrkja og Jesus Kristus.

I den lutherske protestantismen er det derimot berre to sakrament – dåp og nattverd – og ekteskapet vert sett på som ei verdsleg ordning.

Takka nei til intervju
Vi ville gjerne stilt Ramin-Osmundsen spørsmål som: «Korleis har du som katolikk tenkt rundt denne saka?» «Har du drøfta desse spørsmåla med sentrale katolske leiarar i Noreg?» og «Korleis tenkjer du rundt tilhøvet mellom religion og politikk?» Men Ramin-Osmundsen vil ikkje gje noko intervju til Dag og Tid før proposisjonen er lagd fram, truleg i februar.

Til Vårt Land i fjor, på spørsmålet om arbeidet med saka hadde vore prega av at ho var katolikk, svara Ramin-Osmundsen kort: «Ja, ved å erkjenne at saken for mange mennesker er noe mer enn bestemmelser om sivilrettslig vielse».

Går sterkt imot
Ramin-Osmundsen tilhøyrer Oslo katolske bispedøme. Det same bispedømet har gått sterkt ut mot lovframlegget:

«Lovforslaget i sin nåværende form representerer så alvorlige anslag mot samfunnets bærende institusjoner – ekteskapet og familien – og mot vår sivilisasjons viktigste verdier, at vi tar fullstendig avstand fra det og ber om at lovforslaget trekkes umiddelbart tilbake».

Kva gjer så bispedømet når saka no vert framførd av ein av medlemene i deira eiga kyrkje? Vi spør biskopen i Oslo bispedøme, Bernt Eidsvig.

– Ramin-Osmundsen har ikkje bede meg om noko råd i denne saka, så om eg gjev henne det no i dette intervjuet, er det litt utidig. Eg vil derimot be henne om ein samtale. Det er betre at ho høyrer direkte frå meg kva eg meiner, enn at det skjer gjennom media, seier Eidsvig.

Latent konflikt
– Prinsipielt vil eg seia at det må vera svært vanskeleg for ein katolikk å losa gjennom ei slik lov. I alle fall ikkje utan å koma i ein latent konflikt med kyrkja. Det er ein påfallande avstand mellom læra til kyrkja og dette lovframlegget. Desse lovendringane, som at eit barn har rett til både ei mor og ein far, er ei moralsk nytenking som er nokså overdøyvande og bryt med ein eintydig tradisjon i vår sivilisasjon, eller kva som helst annan sivilisasjon, seier Eidsvig.

– Hadde det vore eg som var statsråd, ville eg stilt plassen min til disposisjon.

– Katolske biskopar i USA har sanksjonert overfor katolske politikarar som har gått inn for fri abort og nekta dei nattverd?
– Eg er klar over det. Slik reaksjonar trur eg ein oppnår lite med. I dette konkrete tilfellet med Ramin-Osmundsen, er det betre at ho som katolikk konfronterer sitt eige samvit og bed om råd frå skriftefar sin, enn at eg på dette tidspunktet skal seia at ho ikkje har tilgang til skriftestolen eller nokre av dei andre sakramenta.

– Går utviklinga, som i den protestantiske kyrkja, mot at katolikkane òg så å seia set saman si eiga tru ved å velja bort det dei ikkje trur på?
– Nei. I dag er det slik at dei som ikkje lenger er samde med kyrkja, forlèt oss. Det er ingen som lenger har nokon praktiske føremoner ved å vera katolikk, seier biskop Bernt Eidsvig.





Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake