Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Krese og konsentrert
Kjetil Berthelsen,  04.01.08

AFORISMAR
Per Roald:
Aforismer. Et utvalg
Føreord av Jan Thowsen og
etterord av Helge Nordahl
Solum


«Norsk bokheim er ikkje nett rik på aforismesamlingar», skriv Olav H. Hauge i dagboka si, dette store verket som i mangt og mykje fløymer over av aforistiske formuleringar. Og han har rett i at norske forfattarar i liten mon har dyrka aforismegenren. Nokre heiderlege unnatak finst, mellom andre Henrik Ibsen, Kristofer Uppdal, Alf Larsen og Aasmund Brynildsen. Men berre éin norsk forfattar har gjort den minste av dei litterære formene til si eiga: Per Roald (1912-2001). Roald publiserte fire aforismesamlingar mellom 1948 og 1987, der dei tre første alle hadde tittelen Aforismer (1948, 1961 og 1973) og den fjerde Eselspark til Pegasus. Aforismer (1987). Han gav også ut to diktsamlingar.

Roald var utdanna som biletkunstnar, men la etter kvart bort penselen for pennen. I ein periode var han kunstmeldar i Morgenbladet, og han hadde ein aforismeteig i Farmand. Utvalet som endeleg ligg føre, er det første i sitt slag og er basert på dei fire samlingane, attåt fleire etterlatne aforismar som no er komne med i utvalet. Merkeleg nok er desse etterlatne aforismane plasserte fremst i samlinga. Det hadde vel vore meir naturleg å ha dei sist, slik at ein betre kunne sjå ei mogeleg utviklingsline i forfattarskapen? Ikkje di mindre skal forlaget og dei tre ansvarlege for utvalet, Niels Magnus Bugge, Helge Nordahl og Jan Thowsen, ha ros for at dei dreg fram ein forfattar som nok berre dei færraste har høyrt om. Men forlaget kunne godt ha vore meir samvitsfullt med korrekturen; diverre er boka skjemd av ei rekkje stygge feil. Det er synd, for aforismane til Roald er så formsterke at desse feila skjèr ein så mykje, mykje meir i auga.

Saknar musikken
Boka er utstyrd med ei fin biografisk skisse av Jan Thowsen, og eit kunnig og interessant etterord om dei retoriske draga ved Roalds skrivekunst av Helge Nordahl. Utvalet er godt og solid, men spennvidda i Roalds aforismekunst kunne kanskje vore gjort klårare ved å få med fleire av dei emna Roald handsama. Til dømes saknar eg ei rekkje aforismar som krinsar rundt musikken, ei kunstform som låg hjarta hans nær.

Ordet aforisme kjem frå det greske aphorizein, som kan forklårast som «å avgrensa» eller «å bestemma». Ålment kan ein definera forma som ein konsis, konsentrert og språkleg velklingande prosasats som søkjer å samanfatta og utdestillera eit viktig poeng i ein tankegang eller eit fenomen i verda. Og nett slik er det Roald komponerer aforismane sine. Dei krinsar rundt dei menneskelege grunnvilkåra og ikkje minst den vindskeive lagnaden til verda. Ikkje noko menneskeleg var han framandt. Eit døme: «Naturen er intet fengsel. Det er vi som drasser omkring med våre bur» (s. 50). Som Alf Larsen peikar på i ei melding av den første boka til Roald, kan han minna om den store franske aforistikaren La Rochefoucauld.

Universelt og aktuelt
Roald handsamar både dei universelle og dei dagsaktuelle spørsmåla. Og det er vel aforismane om det dagsaktuelle som har tolt tida minst. Som aforistikar er han til tider ujamn, men når han er god, rår han over forma si suverent, slik som til dømes her: «Klok av skade faller man ikke i fristelse. Skadet av klokskap fristes man til misantropi» (s. 95).
Ein lyt ta seg god tid når ein les Roald, den underfundige ironien hans og det ofte døkke i uttrykket gjer at det tek tid før aforismane «opnar» seg for lesaren. Berre tygg på denne: «Latteren og kraniet avslører hverandre» (s. 55). Men tek ein seg tid, vil lesaren få mang ei aha-oppleving i møtet med Roalds kresne skrivekunst.

Kjetil Berthelsen er litteraturvitar og bibliotekar ved Bergen kunsthøyskole.





Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake