Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ledig stilling for syndebukk
Bent Kvalvik,  21.12.07

TEATER
Sogn og Fjordane Teater:
Mikal Hetles siste ord
av Edvard Hoem
Regi: Torkil Sandsund
Scenografi: Dordi Strøm

Det er både eit slags historisk sus og ein dagsaktuell glo over det nye stykket til Edvard Hoem, som hadde premiere i Førde sist helg. Det handlar om justismordet som fenomen, og kva som fører til det. Med utgangspunkt i ei hundre år gamal, uløyst kriminalsak, den ikkje ukjende Hetle-saka, gjev Hoem – og Sogn og Fjordane Teater – nokre grelle og til dels skræmande ljosstreif over ein gamal urett, som har klår adresse til vår eiga tid, der nyhende­media har tifald større makt og konsekvensar enn for hundre år sidan.

Mikal Hetle var ein bonde frå Viksdalen i Sunnfjord, som – saman med to søner – vart dømd for drap på naboen sin, få dagar etter at eit tvistemål mellom dei var vorte avgjort til fordel for naboen. Mikal Hetle var ein stridbukk og kjend som ein ikkje heilt enkel mann. Men det fanst aldri noko prov på at han hadde drepe naboen, faktisk ikkje eingong på at dødsfallet var noko drap. Mest førti år etter skandalen vart Mikal og sønene hans frikjende i Høgsterett. Då var Mikal for lengst død.

Autentisitet
Det er først og fremst autentisitetsfaktoren som held grepet på oss i skodespelet Mikal Hetles siste ord, for om enn skrive med hoemsk diktarhand er nok ikkje dette nokon ny klassikar som vil leve vidare på eigen hand. Det er eit tvieggja sverd å gje seg i kast med drama frå røynda. Det set visse etiske grenser, og det kan, som til dels her, knebla den fiktive forteljartonen. I dette stykket er vi på eit vis att og fram mellom klassisk lagnadsdrama og ein slags scenisk «Fakta på laurdag». Det er ein vanskeleg sjanger. Regissør Torkil Sandsund og scenograf Dordi Strøm har heilt klårt sett både problemet og utfordringa og lagt seg heilt medvite i grenselandet, det er stilreine brot mellom tilbakeblikk og notid, både i scenebileta og i opptrinna personane imellom.

For skodespelarane gjev ikkje eit slikt stykke det heilt store høvet til virtuositet, ikkje eingong for ein sterk og durkdriven skodespelar som Frode Rasmussen. Inntrykka vert i stor mon for spreidde. Men glimtvis greier Rasmussen likevel å ta oss inn til mennesket Mikal Hetle, temperamentet hans, indignasjonen – og det endelege nederlaget. I konfrontasjonar med enkja etter den avlidne, Karoline (Wenche Kvamme) og nabobonden Rognald Tuften (Kyrre Eikås Ottersen), som er frenetisk overtydd om at Mikal er mordaren, er det augneblinkar av kraft og alvor. Sterkt verkar òg scenene med den unge budeia (Irene Waage), som opphavleg ikkje har noko fellande vitneprov, men vert pressa av «bygdedyret» til å endre forklaring.

Rettsskandale
Det tankevekkjande med at samfunnet skaper syndebukkar og at rettsstaten dømer utan prov, er ei påminning som set støkk i eit teaterpublikum. I tillegg til at Hetle-saka er ein legendarisk rettsskandale i heile landet, har ho sjølvsagt ein særskild klangbotn i Sogn og Fjordane, der både eldre og unge folk kjenner saka gjennom personleg overlevering. Ein har alltid høyrt om Hetle-saka. Det er ei historie som gjer vondt. Det merkast òg på publikummet i Førdehuset, som lydhøyrt og rørt tok «Mikal Hetles siste ord» inn over seg. Det kjem nok òg turnépublikummet til å gjere ut over vinteren.

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake