Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Kunnskapsmetta språkreise

Av Klaus Johan Myrvoll
,  23.11.07


SAKPROSA
Rolf Theil:
Skyformasjonane på San Franciscos sørhimmel i grålysninga 30. april 1882 og grunnane til at vi ikkje har sett namn på dei. Reiser mellom språk
Det Norske Samlaget 2007

Den uvanleg lange tittelen på denne boka er meint som ein illustrasjon av eit endeframt lingvistisk poeng, som Rolf Theil røper på siste side: Folk set ikkje namn på meiningsløyser. Det var Ireneo Funes, hovudpersonen i ei novelle av den argentinske forfattaren Jorge Luis Borges, som skrytte av at han kunne skildra skyformasjonane på denne serskilde dagen. Ireneo hadde eit uhorveleg minne og sette ord på kvar minste ting han såg, utan nokon grenser, og laga på det viset sitt heilt eige språk. Soleis er det ikkje i naturlege språk; der set ynske om kommunikasjon og evne til rasjonalisering grensene.

Det fær Rolf Theil synt til fulles, gjennom ti kapittel som tek føre seg ulike sider ved språk. Han fortel om teljing, jamføring, klassifisering og orientering, attåt mykje anna. Theil hentar døma sine frå all verdsens språk, og serleg frå dei han sjølv har arbeidt mest med, afrikanske og nord-amerikanske. Norsk vert einast drege inn til jamføring, og det kjennest i grunnen berre godt. Eitt språk vert me betre kjende med enn alle andre, og det er norsk romani, som Theil kjem inn på i slutten av kvart kapittel. Dette språket illustrerer på ein god måte undertittelen på boka (Reiser mellom språk): Romanifolket har reist heile vegen frå det nordvestlege India til Noreg og har plukka med seg ord og måldrag frå ei rad språk på vegen, mellom anna persisk, gresk og tysk.

Krevjande
Sume vil sikkert meina at framstellinga er for krevjande, for Theil går ikkje på akkord med faget sitt. Han seier det som lyt seiast og lèt ikkje vera å nytta fagord og sjeldsynte skriftteikn om han har bruk for det. Slikt er sjølvsagt i populære framstellingar av naturfag og matematikk, men i språkfaga har det diverre vore eit tildriv til å gjera ting enklare enn det som godt er. Boka åt Theil er ei påminning om at språk er vanskeleg, serleg om ein går utanom dei europeiske språka, som Theil gjer. Og her som elles gjeld regelen om at di høgre treskelen er for å skjøna, di større vert gleda for den nyvunne innsyna.

Geirfuglen
Det er mange fine detaljar i boka. Eg lika serskilt utgreiinga om ordet pingvin, som opphavleg var nemne for geirfuglen. Det skal ha vore Sir Francis Drake og sjøfolka hans som «kalla opp» geirfuglen då dei fekk sjå den sjøfuglen me no kallar pingvin, på jordomsiglinga deira frå 1577 til 1580. Kva ordet kjem av, er ikkje etymologane sikre på, men truleg skriv det seg frå namnet på øya som var den største hekkeplassen for geirfugl, Penguin Island, som kan vera keltisk og tyda noko slikt som 'Kvitneset' eller 'Kvit­toppen'. Her har eit ord «smitta» over frå øya til geirfuglen og so til pingvinen.

Forvitneleg er òg kapitlet der me fær vita om bakgrunnen åt dei ymse namna som jødane sette på område i Europa, som Sfarad og Ashkenaz. Til dømes skal det slaviske området ha fått namnet Knaan etter soga i Gamletestamentet om Kanaan, som skulle vera træl for brørne sine – på grunn av likskapen mellom slavar og slave 'træl'. Når Theil fortel soga om utgranskinga av powhatan, det indianarspråket som har gjeve flest ord til engelsk, dreg han inn både Shakespeare og Pocahontas. Slikt kallar på attkjenning hjå lesaren og gjer Reiser mellom språk til spanande lesnad. Og om nokon skulle vera i tvil: Theil lèt oss få vita at grønlandsk berre har to ord for snø – eit for snø som fell og eit for snø som ligg på bakken.

Kognitiv vs. generativ
Theil soknar til den kognitive skulen innanfor målvitskapen, som står i motsetnad til den før so dominerande generative. Heilt stutt kan ein seia at kognitivistane legg til grunn at språket er ein del av den ålmenne kognitive utrustinga som alle normale menneske har, medan generativistane reknar med ei eiga, åtskild språkevne og dessutan ein «universalgrammatikk» i botnen for alle språk. Theil drøfter ikkje eksplisitt det teoretiske fundamentet sitt, men det går tydeleg fram av den sterke interessa han syner for menneskeleg kategorisering og analogidaning.

Medan generativistane leitar etter det som er likt, er kognitivistar som Theil like opptekne av det som skil. Det opnar for eit meir relativistisk syn på språk der det ikkje er gjeve på førehand koss noko skal uttrykkjast, eller om det skal få noko uttrykk i det heile. Theil syner t.d. at ikkje alle språk har utbygde talsystem, noko som kan koma av at dei kulturane det gjeld, ikkje har serleg bruk for å telja. Verda er meir mangfaldig enn ho kan sjå ut til frå Oslo 3.

Menneskekroppen og både materiell og åndeleg kultur set grenser og legg føringar for språket. Når det nordamerikanske språket tlingit vantar labiale konsonantar – konsonantar laga med lippene – trass i at det har so mange som 45 konsonantar, kan det forklårast med at tlingitane før gjekk med ei stor plate i underlippa – det gjorde det vanskeleg å laga labialar, og språket fann andre vegar. Og når vindane er plasserte i restklassa av substantiv i det australske dyirrbal-språket, medan stormane tilhøyrer klassa for menneske av hankjønn, er det av di dei vert rekna for mytiske menn. Theil gjev mange slike døme som fær oss til å skjøna at språk ikkje er føreseielege, men at dei likevel opererer innanfor det som er mogeleg gjeve det menneskelege utgangspunktet. Og Theil læst ikkje som om han eller nokon annan har funne «svaret», men lèt oss «gruvle vidare», som han skriv ein stad. (Denne skorten på ein dogmatikk er no elles eit kjennemerke på den kognitive retninga innanfor målvitskapen.)

Smakfull typografi
Boka er godt gjennomførd på alle vis; forfattaren har sjølv sytt for ein smakfull og tiltalande typografi der teksta er broten opp med ei rad nyttige illustrasjonar, tabellar og kart. Eg har funne fåe feil; den einaste som skiplar lesinga, er forbytinga av ordet postposisjon med «preposisjon» ein stad (s. 209). Den tidlegare samnorskmannen Rolf Theil skriv betre nynorsk enn dei fleste, men eg kunne nok ynskt at han hadde slege seg endå litt meir laus i den tradisjonelle enden av nynorskskalaen. Ein fær vera tolleg nøgd; det er trass i alt Samlaget som har gjeve ut boka.

Informasjonsskrivet frå Samlaget som fylgde med boka, har overskrifta «Språkleg og antroposofisk rundreise med Rolf Theil». Det syner kan henda betre enn noko anna at Theil gjorde rett i å laga satsen til boka sjølv.

Klaus Johan Myrvoll er korrekturlesar i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake