Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Loe frå pikerommet
Margunn Vikingstad,  23.11.07

ROMAN
Erlend Loe:
Muleum
CAPPELEN

Det er ikkje typisk norsk å vere god. Det er derimot typisk norsk å ta livet sitt, tenkjer den trassige forteljaren i den nye boka til Erlend Loe, Muleum. Julie har mist mor, far og bror i ei flyulukke. I dagboka hennar, som utgjer Muleum, får lesaren høyre om kvardagen etter ulukka; om å ete middag åleine på Holmenkollen Restaurant, om den polske flisleggjaren Krzysztof som framleis held til i huset, om veninna Constance som uthaldande prøver å få Julie i kontakt med dyr, særskilt hestar, om psykogeir som prøver som best han kan å vere profesjonell og til hjelp i sorgprosessen. Men først og fremst blir lesaren tilhøyrar til Julies einaste nyttårsforsett: å døy.

Påståeleg og einsam
Muleum har fleire likskapstrekk med Naiv. Super. Kanskje kan ein seie at eg-forteljaren i Muleum er ei kvinneleg utgåve av hovudpersonen i Naiv. Super, på eit endå tidlegare ungdomsstadium. Men der eg-forteljaren i Naiv. Super går i dørken etter eit krokkettap, er bøygen for Julie at ho misser heile den nære familien sin. Så er då temaet i Muleum hakket meir utfordrande. Å skrive om ein lengt etter å døy er vanskeleg og dristig.

Loe handterer det på sitt eige vis i balanse mellom det morosame og det mørke. Slik høyrest eg-forteljar Julie ut: «Psykogeir mente forresten at jeg burde skaffe meg hund. Han sa at det er mange som er nedfor som blir gladere når de får hund. Jeg begynner å bli lei av at alle snakker om at jeg må omgås dyr. Jeg sa at jeg er allergisk og at jeg dør hvis jeg kommer i nærheten av en hund. Det fins allergifrie hunder, sa psykogeir, eller det vil si at noen mener at det fins slike hunder og noen mener at det ikke fins, men psykogeirs søster driver selvfølgelig oppdrett av slike hunder og mener selv at de blir mer og mer allergifrie for hvert kull. Jeg spurte om søsteren hans er allergisk selv, men det var hun ikke. Og så var jeg stille lenge for å sjekke om psykogeir selv la merke til den logiske bristen i det han nettopp hadde sagt, men det gjorde han ikke.»

Erlend Loe har funne ei eigenrådig, bortskjemd og drivande jenterøyst i Muleum. Julie lèt seg ikkje på noko vis styre av omgjevnadene, som prøver som best dei kan å vere støttande i tida etter flyulukka. I den attkjennande loeske blandinga av det enkle og det komplekse trer Julie fram som ei ung jente det er mogeleg å tru på; naiv og sjølvsikker, forkjælt og einsam, full av kunnskapshol og samstundes så påståeleg, og ufordrageleg, som berre ei jente kan vere i over­gangen frå ungdom til vaksen. Eg tek meg i å le høgt og godt, som eg plar gjere av Loes tekstar, der han, som han stort sett alltid gjer, held seg milevis borte frå realismens rammer, og eg tek meg i å bli rørd over korleis Loe lèt den sorga som Julie hardnakka prøver å halde i sjakk, skina igjennom.

Sorg i museum
Det er som eit dokument over ein individuell sorgprosess at denne boka har sin styrke. Som tittelen på sitt rare, barnslege, loeske vis indikerer: Muleum er museum uttala feil, slik Julie sa det før ho kunne snakke reint og slik heile familien adopterte å seie det, men som det ikkje gjev meining å seie lenger.
Men vel ein å lese Muleum som ei morosam – og alvorleg – bok om ulike måtar å døy på, kan ein finne betre andre stader (til dømes den i norsk samtidslitteratur uslåeleg gode og rare og heilt særeigen morosame Odd W. Surén med boka Dødsmåter frå i fjor. Han er kanskje den av norske samtidsforfattarar som får meg til å le høgast. Og lengst. Som skriv ein litteratur som rommar mykje.)

Vel ein å lese Muleum som tenåringsportrett, eventuelt tenåringsportrett særskilt av vestkantungdom, scorar boka heller ikkje høgt. (Og Loe når ikkje opp til svenske Mirja Unge, som i alle verka sine handsamar tenåringsrøynsler og som til dømes skriv svært sterkt, og morosamt, om sorg og død i Motsols.) Det eg spør meg om, meir di lenger ut i teksten eg kjem, er dette: Kvar har Loe tenkt å lande når Julie eventuelt har fått reist frå seg? Skal ho lukkast i å ta livet sitt? Eller skal ho ikkje lukkast i noko som helst?

Problemet er at soga til Julie, gjennom utferd og flukt, gjennom prøving og feiling, endar opp ganske konvensjonelt. Og kva er eigenleg Muleum? Først ei dristig og så ei konvensjonell dagbok om sjølvmord? Eller først ei dristig og så ei oppbyggjeleg dagbok om sorg? Det er ikkje det at eg etterlyser ei «Den unge Julies lidelser», med tilhøyrande konsekvensar for ein ung skare av Loe-fans. Som Ragnar Hovland, med ungdomsromanen Fredlaus, gjev Loe hovudpersonen sin både eit skakt blikk på verda og samstundes handlekraft.

Men medan Hovland held den skakke retninga til hovudpersonen som har flytta ut i skogen (!), jamt ut, svingar Loe Julie, ganske brått, inn i trygg hamn som gjer at Loe går ungpikebøker frå 1940- og 1950-åra ein høg gang. Då Loe gav ut Doppler, hevda ein kritikar ganske så treffande at Erlend Loe gjorde seg til den mest skremmande forfattaren i landet. Med Muleum gjer Erlend Loe seg til den mest konvensjonelt oppdragande forfattaren i landet.

Margunn Vikingstad er litteraturvitar og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake