Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Mann utan minne
Margunn Vikingstad,  16.11.07

ROMAN
Carl Frode Tiller:
Innsirkling
Aschehoug

Frå debuten av har Carl Frode Tiller skrive med stø røyst. Ein kan òg seie at innsirkling har vore eit prosjekt frå starten; i Skråninga er det eit sjukt menneske på lukka avdeling som prøver å sirkle inn sanninga om seg sjølv ved å skrive, og i Bipersonar er det ulike personar kring Thomas Isaksen som freistar å sirkle inn tragediane hans. I Innsirkling er utgangspunktet at David har mista minne. Ein annonse blir sett inn for å etterlyse menneske som kjenner han slik at dei kan fortelje fram livet til David for David. Innsirkling er samansett av brev frå tre av dei som svarar på annonsen, barndomsvenene Silje og Jon og stefar til David, Arvid. Romanen skifter mellom breva til David og skildringar frå dei tre brevskrivarane på notidsplanet.

Å finne ei form
Eitt av grepa til Tiller er at han lèt dei tre forteljarane i mykje større grad sirkle inn sine eigne liv enn Davids. Det gjer prosjektet om å fortelje fram livet til David famlande. Jon skriv fram den sjølvmedlidande Jon, Arvid skriv fram den einsame Arvid og Silje skriv fram ei Silje som sidan ungdomstida har gått i dvale. Dei sit i klisteret i sine eigne liv i notid. Som Jon i relasjonen til mora: «Og no må eg berre fortsette på same viset, må seie eit eller anna eg veit ho liker å høre, same kva det er, berre seie noko som kan hjelpe på humøret hennar, orkar ikkje vere i dette tunge saman med henne, greier det ikkje, i alle fall ikkje no.»

Både Bipersonar og Innsirkling har fått det mot seg at dei synest konstruerte. Så kan ein spørje seg kva litterært verk som ikkje er ein konstruksjon. Ikkje minst kan ein spørje seg kva godt litterært verk som ikkje er sett inn i ei medviten form (som t.d. den realistiske forma). Tiller spelar på form og er ein sterk formgjevar, slik at mellom anna tvitydigheita i Bipersonar kunne lesast som eit innlegg mot debutens meir klare realisme og der det no kanskje kan spekulerast i om prosjektet i Innsirkling er Tillers eller Davids kunststunt.

Det eg synest det er større grunn til å setje spørjeteikn ved i Innsirkling, er kor vellukka konfliktane er i historiene til dei tre som fortel. Det startar sterkast, med Jon. Konflikten kring Jon er usikkerheita hans som viser seg i eit svartsyn og ein negativ veremåte som trøyttar ut alle rundt han: Dette opnar romanen med på notidsplanet, og Tiller følgjer denne tråden godt opp, særskilt i skildringa av samspelet mellom Jon og mora. Historia til Arvid vert særskilt interessant som skurrande gjenklang og som motsats til det Jon fortel. Historia til Silje opnar godt, med ein nesten-konfrontasjon mellom Silje og mora som, til liks med måten Tiller maktar å vise Jons lengt etter å bli sedd av mora på, har mykje sår intensitet og uro i seg. Men den trøytte Silje maktar ikkje å gå mora i møte, og då ho endeleg tenner, i eit oppgjer med mannen Eigil, vert det meir teatralsk enn dramatisk godt og er den heilt klart svakaste delen av romanen. Kanskje hadde denne delen fungert betre i ein teatertekst.

Å hevde sanninga
Ingen av forteljarane er heilt til å tru på. Eller: Dei har òg andre agendaer enn nett å fortelje David kven han var då dei kjende han som best i 1980-åra. Dei har mellom anna ei notid å leve i. Den notida er ikkje lett for nokon av dei. Og det er heller ikkje berre notida dei er interesserte i å fortelje om. Dei er nesten like interesserte i å hevde sanninga om dei andre forteljarane.

Skal ein tru Silje, var Jon «... så sjølvopptatt og sjølvmedlidande nokre gonger at vi syntest at han ikkje fortente betre, og han var dessutan så puslete, stakkarsleg og hjelpelaus innanfor alt som ikkje dreidde seg om musikk at det irriterte og provoserte oss ...» eller: «Han var som ein parasitt, han saug krafta ut av oss, og jo meir han vakna til live, jo meir visna vi...» Skal ein tru Arvid, var Jon «... så skjør, så på brestepunktet til ei kvar tid». Og skal ein tru Jon: «Går greitt dette, er roleg no, berre glømme det som har skjedd, ikkje tenke på det. Men det skal fan meg bli lenge til eg snakkar med mamma igjen...»

Då eg her har valt ut sitat som berre gjeld Jon, er det fordi det er først og fremst i Jons historie eg les meg inn i eit trykk av konfliktar og eit alvor som uroar og rører. Det er òg her eg finn ein tematisk tråd, kanskje tynnare enn fleire andre (som t.d. det å kjempe om å definere fortida, kva som var og er sant, redsle for og sorg i konfrontasjon, men òg erkjenning, og i forlenginga av dette identitet og historieforteljing), men som er handsama særs godt og som er kjelde til viktige og verksame konfliktar.

Den tause skamma
For i Jons historie får vi ei moderne historie om skam. Skam over hans etter kvart så djuptsitjande bitterheit, skam over ikkje å vere synleg, ikkje å vere god nok. Jon som gong på gong fører seg sjølv langt ut over grensene for sympatisk framferd i det desperate ønsket sitt om å verte sedd, men som nett difor aldri får det han lengtar etter: kjærleik, støtte, sympati.

Karl Ove Knausgård er ein annan forfattar som skriv om skam i ei tid då det truleg ikkje er det mest innlysande å skrive om. Eller i ei tid der kanskje skamma er blitt tausare og meir einsam enn før? Men der ein kan seie at Knausgård skriv om skam i ei vidare ramme, med mellom anna engleteori i førbibelsk tid og bibelsoger i ny vri (jf. En tid for alt, band to i ein venta trilogi), skriv Tiller i ei nesten ekstremrealistisk, sosialpsykologisk, ramme. Innsirkling er første del i eit større romanprosjekt, truleg ein trilogi. Kva trådar og røyster Tiller kjem til å forme og følgje vidare, er umogeleg å seie. Men at David har noko urovekkjande å kome med, verkar sannsynleg. Og kanskje er det heilt skamlaust. Eitt er sikkert: Carl Frode Tiller er ei sterk og viktig røyst i norsk samtidslitteratur som du skal syte for å få med deg.

Margunn Vikingstad er litteraturvitar og fast bokmeldar for Dag og Tid.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake