Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Poetisk western
Cathrine Brøymer,  16.11.07

Mordet på Jesse James av den feige Robert Ford
USA 2007
Regi: Andrew Dominik

Det har vore laga tallause filmar om den legendariske bank- og togrøvaren Jesse James. Den kjende mannen frå Missouri blei oppfatta som både skurk og helt av folk flest – ikkje ulikt framstillinga av ei rekkje andre cowboyar og lovlause på film. Hardhausen Clint Eastwood laga til dømes den dystre westernfilmen Unforgiven frå 1992, der han spelar ein mann som vil tene gode pengar på å drepe dei to stakkarane som skamferte ei prostituert kvinne. Men trass i at han tidlegare har vore ein skurk og skote fleire menneske, veit Eastwood-helten sjølvsagt også skilnaden på rett og gale. Det er nett dette som gjer det til ei frygd å følgje denne Eastwood-skapnaden som heilt til slutt viser oss kvar skapet skal stå.

I Andrew Dominiks film om mordet på Jesse James er heltane verken like nådelause eller særleg opptekne av den gode, gamle westernmoralen. Ved sida av Jesse (Brad Pitt) er det nemleg feigingen Robert Ford som er hovudpersonen – den ynksame antihelten. Den unge guten (glimrande spela av Casey Affleck) forfølgjer og drøymer om kjendistjuven Jesse James. Han får jamvel bli med på det neste togrøveriet til James-brørne, som også viser seg å vere det siste. Og slik blir Bob ein del av den inste krinsen til Jesse James. Heile tida ønskjer han å likne på Jesse, som også ved eit høve stiller spørsmålet: «You wanna be like me, or you wanna be me?»

Nostalgiske filmbilete
Det er særs interessant å følgje dette ustemde tospannet: Den usikre augnetenaren Bob Ford gjer alt for å gjere barskingen Jesse James nøgd, som på hi sida blir meir og meir ustabil og paranoid. Til slutt er det jamvel berre Robert og broren Charley Ford som er att av kumpanane til Jesse James. Frykta for å bli drepen er heile tida til stades: Kven vil skyte kven? Dette er eit spel om tillit og om ei ærekjensle som gradvis blir svekt.

Såleis kan vi også sjå nostalgien og lengten etter den gamle gode tida: Nybrotstida og dei verkelege heltane som aldri ville ha skote nokon bakfrå. Denne saknaden blir jamvel understreka av nokre særs vakre filmbilete. Dei poetiske og nærmast fargelause bileta blir passe sørgmodige når kamera dvel ved det golde landskapet eller rammar inn dei ymse figurane.

På eit vis blir den unge mannen Robert Ford eit passande uttrykk for ein slik nostalgi. I ein boks under senga har han til dømes fillete bokhefte om bragdene til Jesse. Han lengtar etter å vere ein del av verda til dei spanande røvarane i historiene han har lese, men i staden blir han kasta inn i ein særs ustabil røyndom der helten jamvel ler av han. Her er det ikkje mykje att av moralen frå cowboyar som Clint Eastwood.

Var han verkeleg feig?
Kvifor heiter det at Robert Ford var feig? Er det berre fordi han skyt Jesse James i ryggen? Ein kan like godt seie at han er feig fordi det ikkje finst noko hemnmotiv, og at han tek livet av Jesse på grunn av pengane. Eller kanskje fordi han ville bli like kjend som røvaren sjølv? Like fullt hadde det vore mogeleg å seie at Robert Ford er ein helt. Han drap trass i alt ein stor forbrytar, og såleis gjorde han på eit vis samfunnet ei teneste.

Likevel liknar Robert Ford kanskje litt på meg og deg: Han er både tilskodar og observatør. Hadde kinoen funnest i 1870-åra, hadde Robert Ford sett seg på fyrste rad og sett filmar med helten Jesse James. Den massive tilbedinga av gangstertypen Jesse er ikkje heilt ulik vår sans for lunefulle skurkar på film, kanskje nett slik dei fleste av oss likar mafiabossen i den nyleg avslutta amerikanske TV-serien Sopranos. Tony Soprano syner oss både gode og grufulle sider, og vi elskar å sjå han ta hemn – særleg om det er nokon som har plaga han eller familien hans – men vi ville verkeleg hata dei som skaut han i ryggen.

Så langt alt vel: Etter at Robert Ford drap Jesse James, blei han ståande for all ettertid som ein feiging. Siste del av filmen kjendest vel lang. Likevel er det lett å nyte denne strålande westernfilmen. Musikken er endåtil laga av Nick Cave.

Cathrine Brøymer er litteraturvitar og fast filmmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake