Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Draum og desperasjon
Cathrine Brøymer,  09.11.07

TEATER
Det Norske Teatret:
Få meg på, for faen
Regi: Marit Moum Aune
Manus: Olaug Nilssen

Eg blei så glad då eg såg teaterframsyninga av Olaug Nilssens roman: Dei små og morosame figurane hennar finst! Dei funklar ikkje like sterkt som i boka, men alle har kome seg heilskinna ut or teksten. På scena i Det Norske Teatret kan ein for tida sjå den kåte tenåringsjenta Alma, reinhaldaren Maria og ikkje minst kona til Sebjørn. Dei tre personane frå Skoddeheimen drøymer om ulike former for merksemd og lengtar fælt etter at noko skal hende i liva deira. I mellomtida kan dei sjølvsagt projisere draumane sine i røynda.

Ungdomens kåtskap
Tenåringsjenta Alma er kåtast, og eg vil ikkje seie at det eigenleg handlar om at ho vil bli kjærasten til Arthur. Endå ho konstaterer høglydt at Arthur kom borti henne med pikken og sidan oppsøkjer han, er han jo berre ein tilfeldig gut og mann. Venene ler av henne, Pikk-Alma, og livet er ikkje berre enkelt når det syd og kokar inni deg. Det kan ikkje ha vore så lett å spele denne jenta. Figuren Alma syner oss noko som er både morosamt, pinleg og sårt på ein gong, men eg tykkjer Charlotte Frogner har skapt ei fin og god jente. Alma var jamvel favoritten min mellom dei tre personane i boka, og det er ho framleis! For det er ho som kjennest viktig og ny: Dei seksuelle fantasiane og handlingane til ei ung jente har ikkje blitt skildra slik før. Kanskje kunne teater-Alma ha vore endå sterkare og kåtare?

Jamvel om eg tenkjer at Alma er hovudpersonen i stykket, er det kanskje like bra å sjå at ho ikkje er den einaste desperate personen. Kona til Sebjørn er lei av å berre vere, vel, kona til Sebjørn. Kampsaka hennar blir den lokale nepefabrikken, og ho vil kjempe med kjetting og nepestuing for at han ikkje blir nedlagd. Ho er jamvel mor til åtte jenter, mellom anna reinhaldaren Maria, som har flytt til Bergen. Maria er student, og eit av høgdepunkta er framsyninga ho lagar av sosiologiførelesinga si. Nett i den scena gjer Pia Tjelta eit skikkeleg bravurnummer som Maria. Ho drøymer nemleg om å bli sedd, og støtt fantaserer ho om å bli intervjua på TV.

Frå bok til scene
Eg har aldri heilt fatta kvifor ein på død og liv må setje opp romanar på teaterscena, som om det var eit poeng i seg sjølv. Det er sjølvsagt knytt visse problem til omskapinga frå romantekst til dialog og handling, men eg må vedgå at det også kan få fram ein viss kreativitet og syne nye sider ved boka. Noko eg lika særs godt med teaterframsyninga av Få meg på, for faen, er samanflettinga av dei ulike historiene. I boka har kvar person sin tekst, og ein kan lese dei kvar for seg. På scena kan ein ofte sjå alle figurane på same tid, noko som skaper ein god dynamikk. Ikkje minst gjer den raske kuttinga at ein kan sjå likskapen til dei ulike figurane og samtidig ane ein større heilskap.

Også samspelet mellom dei ulike familiemedlemene er festleg og slåande. Det er noko med kvardagskomikken som slår til på rett stad. Det blir til dømes temmeleg komisk når ein kan sjå Sebjørn sitje på do i ein eigen bås høgt oppe til venstre på sceneveggen. Då mor til Alma ringjer for å tale med han på telefonen, skrik dottera høgt at han ikkje må ta i røyret med bæsjehanda (fnis).
Få meg på, for faen er blitt eit godt teaterstykke og er både underhaldande og tankevekkjande. Men det er Alma som er viktig, det er slike som ho vi skulle hatt fleire av. Både i norsk litteratur, på teater og på film.


Cathrine Brøymer er litteraturvitar og fast filmmeldar for Dag og Tid.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake