Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Kongen over Vestlandet

Av Jon Hustad
,  02.11.07


Memoarar

Carl I. Hagen:
Ærlig talt.
Memoarer 1944–2007

Cappelen

Carl I. Hagen har lenge kokettert med at han ikkje kan skriva. Det er sjølvsagt berre vås, eit såpass ærleg og intelligent menneske kan ikkje skriva dårleg. Pottetreninga må ha vore vellukka på Røa.
Om seksuelle landevinningar i London: «Det var litt problematisk på hybelen. Finn (ein han delte husvære med) og jeg hadde bare to senger på samme rom.» Om då Gro gjekk: «Det var intet som tydet på at Thorbjørn Jagland ville arve noe av Gros popularitet og autoritet som ny statsminister. Han var i utgangspunktet verken karismatisk eller særlig spennende og nyskapende.» Om Fred Olsen: «Hadde han hatt lyst, kunne han brukt tiden sin til å ligge på stranden med en drink i hånden, omsvermet av lettklede damer. Han hadde råd til bare å ha det gøy og deilig.»

Hagen vs. bermen
Det er truleg i den manglande angsten det meste av suksessen til Hagen ligg, det er i minsto difor vi journalistar – i motsetnad til det Hagen sjølv hevdar – dyrkar han så. For det er vel snart berre norske prestar som ottast mediedyret meir enn leiande norske politikarar.
Men Hagen er ikkje redd, Hagen gjev f..., Hagen seier det han meiner: Mange er berre «idioter», pressa vert konsekvent omtala som «bermen» og Kjell Magne Bondevik og Johan J. Jacobsen er «skikkelige drittsekker». Om privatlivet får vi derimot ikkje vita noko som ikkje var godt kjent frå før, for få veit betre enn Hagen kvar ein skal skilja mellom det private og det offentlege.

Intellektuelt lat
Men ein godt balansert psyke og endå betre instinkt gjer ikkje Hagen til ein stor tenkjar. Han er altfor intellektuelt lat til å orka å fullføra kompliserte resonnement. Dei altfor mange sidene om økonomi er i så måte ulidelege. Atter får vi til dømes høyra at full statleg stykkprisfinansiering av helse- og omsorgssektoren vil løysa alle problem. Ikkje éin gong tek Hagen innover seg at etterspurnaden etter slike tenester er uendeleg og dimed vil tvinga Stortinget til stendig større ekstraløyvingar, som atter vil gå utover det private næringslivet som Hagen hevdar å ha slik omsut for.

Argumentasjonen hans for eige utanlandsbudsjett – som i og for seg kan ha noko føre seg under visse omstende – vert berre patetisk. Men sjølvsagt, dette er òg ein av styrkane til Hagen: Nett ved å lata vera å tenkja problem igjennom kan han nå så mange.
Hovudproblemet med Ærlig talt er at vi har høyrt det aller meste før, og når Hagen korkje har eit heilskapleg samfunnssyn eller orkar å gjennomføra skikkelege økonomiske analysar, vert mykje etter kvart nokså trøyttande.

Kynisk analytikar
Likevel: Boka er verd å lesa, for som kynisk analytikar av det politiske spelet er Hagen ein meister. Her får han oss i bermen til å framstå som korgutar. Sjølvsagt veit vi at politikarar driv avtala spel, sjølvsagt veit vi at mange av konfrontasjonane berre avdekkjer skinusemje, men når Hagen gong på gong fortel oss kor omfemnande spelet er og kor lett det burde vera å avsløra, er det berre å vedgå: Norske journalistar og politiske kommentatorar gjer ikkje godt nok arbeid. Forklåringa på den vantande viljen til å avsløra, i tillegg til skort på intelligens, seier Hagen, er at vi mediefolk driv dette skodespelet i samarbeid med politikarane for å legitimera eksistensen og løna. Diverre har han nok altfor rett i den påstanden.

Den som kjem verst ut av boka, er Kjell Magne Bondevik. Hagen portretterer han som ein anomisk person, ein mann som ikkje har verdiar og som ikkje har politiske mål. Alt Bondevik gjer, gjer han av di han vil ha posisjonar, ikkje for å utøva makt, men for å sola seg i sitt eige spegelbilete. Diverre tyder det meste på at Hagen har rett. I røynda har truleg Bondevik øydelagt KrF, for kven kan etter han seia at KrF er til å lita på i Israel-spørsmålet, i abortspørsmålet, i skulespørsmålet og så bortetter?

At Carl I. Hagen vann Vestlandet frå KrF og mellompartia, er vel den største sigeren hans, men underleg nok: Ikkje ein einaste stad i boka problematiserer han dette. Det er nærast som han ikkje er medviten om kor veltilpassa Frp er vestlandspopulisten til Stein Rokkan.

Framtida er Ap
Journalistar har for vane å peika på kor mange feil Hagen gjer. Så godt som alltid tek vi feil. Men det han skriv om Søviknes-saka, er underleg. Fem månader før saka vart avslørd i media, visste han, Siv Jensen, John Alvheim og Geir Mo om kva som hadde gått føre seg, og dei gjorde ingenting. Kaldt konstaterte Hagen at «Terje bekreftet at han hadde vært dum eller tjukk i huet, eller hadde tenkt med det gale hodet». Mi magekjensle seier at denne avsløringa tener ikkje Frp eller Siv Jensen på. Magekjensla til Hagen seier noko anna. Han har vel rett denne gongen òg.
Elles lovar Hagen at det ikkje skal koma fleire borgarlege regjeringar utan deltaking frå Frp. «Det [slår] meg hvor mye lettere det var å samarbeide med Ap-folk fremfor drømmerne i KrF, Venstre og Sp.» Stoltenberg har gode år framføre seg.
Om nokon skulle tvila: Hagen kjem til å ha makta i Frp i mange år enno.

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake