Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Vi er einsame i lag
Øyvind Vågnes,  26.10.07

KONSERT
Bruce Springsteen og The E Street Band
Madison Square Garden,
New York, 17. oktober

«Bruuuuuuce!» Salen var i kok alt lenge før Bruce Springsteen og bandet kom på scenen i New York onsdag førre veke. Springsteen, som er frå den andre sida av Hudson River og framleis bur i New Jersey, er på heimebane i New York, og konsertane i Madison Square Garden har vorte noko av ein institusjon. Arenaen mogeleggjer ei form for intimitet som er sjeldan for slike storkonsertar: Scenen er omslutta av tilhengjarar på alle kantar, og høgtalarane er monterte i taket, slik at det finst svært få hindringar i synsfeltet same kvar du er plassert. Dette var noko bandet nytta seg av, dei var gode til å vende seg i alle retningar til alle tider, slik at alle fekk vere med.

Fellesskapet
Akkurat dét er viktig, for i 2007 er ein konsert med Springsteen og bandet framfor alt ei feiring av fellesskapet i vid forstand, noko som òg vart tydeleg markert med ein strålande tidleg versjon av «The Ties That Bind». Det fleirgenerasjonelle publikummet møtest i desse songane, som dei deler, og i mange tilfelle har delt, opp gjennom åra. Bandet er proffe til fingerspissane, men viser ei smittande og tvillaust autentisk speleglede: Vi kunne både sjå og høyre at dette er folk som har spela saman i meir enn tre tiår og som framleis likar å gjere det.

Kvar tredje song var henta frå Springsteens nye og ujamne album Magic, men fleire av desse sat betre i øyra enn dei gjer på den Brendan O’Brien-produserte plata. Konserten veksla heile vegen mellom fortid og notid, ein strategi som fungerer godt, særleg fordi dette synleggjer nye samanhengar i Springsteens karriere. Dei gamle songane vart naturleg nok møtte med større entusiasme enn dei nyare. Versjonane var tette og effektive; det var lite teikn til eksperiment, med unnatak av ein i mine øyro baktung og berre halvvegs vellukka elektrisk bluesversjon av «Reason To Believe», ein song som er best tent med å vere så naken som mogeleg. I all hovudsak gjekk det i energisk rock, og i kjend stil avløyste songane kvarandre i eit heseblesande tempo i to og ein halv time, før vi alle snubla ut med ein øyresus som gjorde sjølv Manhattan-trafikken uhøyrleg.

Von og vonbrot
Springsteen brukar ofte å seie nokre ord mellom songane, men var uvanleg fåmælt denne kvelden. Det litle han sa, hadde han tenkt vel over. Han introduserte to songar frå Magic, tittelsporet og «Livin’ In The Future», med skarp kritikk av Bush-administrasjonen: «Vi lever i ei tid der det som er sant, vert framstilt som løgner, og der løgner vert framstilte som sanningar», sa han, med tydeleg adresse. Han har alltid sunge om einskildmenneske som oppdagar at dei er styrde av mekanismar dei ikkje kan rå over.

I syttiåra – Springsteens sterkaste tiår som låtskrivar – handla det om menneske som vart føydde inn i liv dei ikkje makta å endre, og det beste vi høyrde denne kvelden, var gnistrande versjonar av songar frå denne perioden («Adam Raised A Cain», «The Promised Land» og «Badlands»). I alle desse songane handlar det om kampen individet fører for å halde på ei form for anstendigheit i sitt eige liv, om å insistere på von i ein eller annan situasjon som krev vonbrot.

På kløktig vis viser songvalet på denne turnéen at desillusjonen i Springsteens univers i veksande grad har vendt seg mot nye strukturar, og då i størst grad mot styresmaktene. Sjølv om dei nye songane ikkje er like gode – Springsteen har ikkje laga eit gjennomført vellukka album sidan The Ghost of Tom Joad (1995) – demonstrerer konsertane ein imponerande kontinuitet. Dei viser at Springsteen i alt han har gjort, rettar seg mot einskildmennesket og dei kåra det lever under, og at hans store kvalitet som sceneartist er at han maktar å få kvar einskild publikummar til å relatere til desse forteljingane – både som individ og som del av eit fellesskap til same tid. Det er ein stor prestasjon.

Immigrantens draum
Heldigvis fekk vi nokre songar som ikkje skulle gjere anna enn å skape stor stemning – som «Darlington County» og «Dancing In The Dark» – og det gjer dei saktens. Mannen nærmar seg seksti, men har energien til ein tenåring, der han er høgt og lågt på scenen heile tida. Saksonist Clarence Clemons og gitarist Steven Van Zandt går noko tyngre over scenegolvet, men verka likevel meir spelesugne enn dei gjorde sist eg såg dei i Oslo. I botnen er bassist Gary Tallent og trommeslagar Max Weinberg som alltid fjellstøe.

Soozie Tyrell, som har vore med på fleire Springsteen-plater dei siste åra og som er sentral i Seeger-bandet han sist gjesta Noreg med, var med på fele, men drukna ofte i den veggen av lyd the E Street Band blir, ikkje minst når dei stiller med tre gitarar i front (Nils Lofgren var òg med). Men dei gongene Tyrell verkeleg fekk sleppe til, svinga det godt av det.
Heilt til slutt fekk vi «American Land», ein nokså ny song Springsteen gjorde med Seeger-gjengen i fjor. Songen skildrar i korte trekk korleis immigrantens draum har forma eit idealisert bilete av landet, eit bilete som no er hardt prøvd – ei passande avslutning på ein slik kveld, med andre ord.
Bruce Springsteen spelar i Oslo 4. desember.

Øyvind Vågnes er forfattar, stipendiat i visuell kultur ved Universitetet i Bergen og fast platemeldar i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake