Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ruth Maier vart ofra
Espen Søbye,  19.10.07

Eg skal prøva å svara på eit spørsmål: Kvifor måtte det gå 65 år før vi kunne lesa om lagnaden til Ruth Maier – og dagbøkene hennar? Berre for å hindra mistydingar: Bak spørsmålet ligg det klander og irettesetjing. Spørsmålet leier derimot straks til eit nytt spørsmål: Kvifor måtte det ein poet til for å gje oss dette kapitlet av Noregs krigshistorie? Kvifor har ikkje den akademiske og universitetsbaserte forskinga for lengst opplyst dette feltet? Forskinga om krigen har då skapt ei rekkje akademiske karrierar, men enno er det ikkje skrive ei einaste doktoravhandling om jødeforfylgjingane under krigen. Kvifor er det slik?

Det er diverre lett å svara på det spørsmålet: Det har ikkje vore relevant. Jødeforfylgjingane har vorte oppfatta som ei sak mellom dei tyske okkupantane, NS-regimet og det jødiske folket i Noreg. Difor har saka òg falle utanfor norsk historie, og denne førestellinga har fått festa seg jamvel om norske ikkje-nazifiserte instansar hjelpte til med jødeforfylgjingane. Det finst strålande unnatak til dette: arbeid av Knut Sveri, Per Ole Johansen og Oskar Mendelsohn.

Frikjende for drap
Det er ikkje berre slik at jødeforfylgjingane har vore oppfatta som ein strid mellom jødar i Noreg og tyske okkupantar; det er den fyrste lekken i ein uhyggjeleg logikk.
To grenselosar vart i 1947 frikjende for å ha drepe det jødiske ekteparet Feldmann. I politiavhøyra kom det fram at drapet ikkje var ei naudrettshandling og dei gjekk ved at dei hadde planlagt å drepa ekteparet og stela pengane deira. Likevel såg aktor bort frå påstanden om eit ransmotiv.

Leo Eitinger kritiserte dommen då han fall i 1947. Verdens Gang, avisa til heimefronten, med redaktør Oskar Hasselknippe, svara Eitinger: «Forskjellene på krig og fred er jo nettopp at soldatene i krig har rett og plikt til å ta menneskeliv. (...) Nå skrikes det opp om ansvarsløshet. Vi må da få lov til å rette et spørsmål til dem som skriker høyest (altså Eitinger). Hvor var du da kampen raste som verst?» Leo Eitinger svara: «I Auschwitz! (Dette er drege saman frå ein framifrå kommentar av Roald Helgheim i Dag og Tid frå 2003.) Oskar Hasselknippe vart heidra med statsgravferd då han døydde i 2001.

Knut Rød
Sjølve krondømet på den same tankegangen er naturlegvis frifinninga av Knut Rød. Politiinspektøren som planla og gjennomførde arrestasjonane av jødane i Oslo-området, men som vart frikjend visstnok på grunn av dei tenestene han hadde gjort for heimefronten. Etter krigen vart han støtta av både heimefrontheltane Jens Chr. Hauge og Gunnar Sønsteby. Frikjenninga av Knut Rød har vorte kalla det absolutte nullpunktet i norsk rettshistorie. For berre eit halvt år sidan, 14. februar 2007, kom det ein manifestasjon som synte at dette nullpunktet er representert i Høgsterett gjennom Georg Fr. Rieber-Mohns kronikk som slo fast at «det ikke er noe å si på den jussen» som vart nytta då Knut Rød vart frifunnen. Godt sagt: Det er det som er problemet.

Ingen skilnad
Slik argumenterer Georg Fr. Rieber Mohn: Retten meinte det ikkje var prova «at Rød tok del i selve planleggingen, men at han var med på å forberede arrestasjonene». Han var ikkje med på å planleggja, men på å førebu. Orsak, kva er skilnaden? Tankevekkjande er det at Rieber-Mohn siterer fra dommen, når det nettopp er dommen som vert dregen i tvil fordi han på så mange punkt ikkje samsvarar med dei faktiske tilhøva. Det har jo lite for seg i dag å gje seg til å lesa dommen som fann Fritz Moen skuldig og hevda at det ikkje er noko gale med jussen, når provmaterialet som låg til grunn for dommen, har rakna. I tilfellet Knut Rød er det altså mogeleg enno å gjera det for ein høgsterettsdommar.

Ingen har orsaka
Felles for Feldmann-saka og frifinninga av Knut Rød er at jødane var noko som kunne ofrast. Det er hovudgrunnen til at ingen frå politi- og lensmannsetaten, ikkje éin av dei hundre drosjesjåførane, ikkje éin av dei som flytte inn i husværa til dei deporterte, ikke éin som kjøpte konfiskert jødisk eigedom etter krigen, har orsaka det. Ikkje éin!
Frøken Moum budde same stad som Ruth Maier hausten 1942, eit hospits for unge kvinner på Sankthanshaugen, og har fortalt om arrestasjonen: To norske politimenn tok henne med seg ned til ein bil som stod og venta. Kven berga skinnet ved dette offeret? Ingen. Kva vann Noreg ved dette offeret? Ingenting. Med Ruth Maiers dagbok, attfunnen, transkribert og tilrettelagd av son til antinazisten Ragnar Vold, Jan Erik Vold, får vi eit sterkt vitnemål om kva vi tapte.

Espen Søbye er forfattar og kritikar. Teksten vart framførd på lanseringa av dagboka til Ruth Maier.   




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake