Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


For vår jord

Av Øyvind Vågnes
,  28.09.07


MUSIKK
Joni Mitchell:
Shine
Universal

Det har gått ni år sidan Joni Mitchell kom ut med nye songar, og ei ny utgjeving vert såleis med god grunn møtt med store forventningar. Meldinga om at Shine skulle kome, var noko uventa, for då Mitchell laga Both Sides Now (2000), ei flott samling versjonar av jazz-standardar gjorde med stort orkester, og Travelogue (2002), med nye arrangement av eigne songar i same format, var det fordi ho var forplikta til det gjennom ein platekontrakt. Ho gav tydelege signal om at ho hadde fått nok av å lage musikk. Dei siste åra har ho konsentrert seg om å vere saman med ei dotter ho i fortviling adopterte bort då ho var 22 år gammal, og som fann vegen tilbake til henne i vaksen alder, og om å måle (ho er òg biletkunstnar). Mykje peika mot at Mitchell hadde trekt seg tilbake frå musikken for godt. Men no er altså Shine her, eit lite knippe songar som varer i knappe tre kvarter.

Kreativ kontroll
Det er – sjølvsagt, nær sagt – godt å høyre Mitchell igjen, som i ein alder av snart sekstifire år uanstrengt utstrålar ein moden eleganse. På denne plata dyrkar ho fleire av dei særtrekka som gjer henne så unik. Først og fremst tenkjer eg på vokalen, som er mørkare og djupare enn nokon gong. Shine er elles først og fremst eit møte med pianisten Mitchell, gitaristen kjem i bakgrunnen, og innspelinga er prega av at arti­sten har funne att gneisten over tangentane. Det første, smittande instrumentalsporet fløymer over av spelelyst.

Mitchell har elles sørgt for å ha total kreativ kontroll denne gongen. Ho gjer det meste sjølv, her og der er ho akkompagnert av flotte folk som Greg Leisz på gitar og Brian Blade på perkusjon, men produksjonen – hennar eigen – er strategisk minimalistisk. Bob Sheppard spelar sopransaksofon på fleire spor og tilfører såleis uttrykket ein ingrediens Wayne Shorter har fått prege mange Mitchell-innspelingar med opp gjennom åra.

Lukt til helvete
Alt er med andre ord slik det skal vere – om ein ønskjer at det skal vere som venta. Eg saknar likevel eit og anna når eg lyttar til Shine. Plata har vorte ein suite for moder jord; nesten alle songane sirklar rundt den omfattande og systematiske øydeleggjinga av naturressursane som pregar verda vi lever i. Mitchells harme her er vel grunngjeven, men etter mi meining hadde Shine vore tent med ein breiare tematikk. Ho er elles best, synest eg, når ho tenkjer lokalt, snarare enn globalt, for å seie det slik; når ho er konkret, snarare enn abstrakt, i tekstane sine. Her og der er ho farleg nær det banale. «We are making this Earth our funeral pyre!» syng ho i «If I had a Heart», og i «Bad Dreams» heiter det: «I guess I should be happy just to be alive, but we have poisoned everything and are oblivious to it all. The cell phone zombies babble through the shopping malls while condors fall from Indian skies, whales beach and die in sand.» Då er det betre når Mitchell i «This Place» står i vindauga og ser ut på svartbjørnen som rotar rundt i søppelspannet hennar i bakhagen: «He’s getting so bold but no one wants to shoot him.»

Sjølv om Shine altså ikkje har same gjennomgåande høge kvalitetsnivå som førre høgde­punkt frå Mitchell, Turbulent Indigo (1994), er det likevel mykje å setje pris på her. Særleg er det verdt å merkje seg tittelsporet, som står seg mellom det beste denne arti­sten har gjort – og det seier ikkje lite. I «Shine» når kombinasjonen av økologisk og teologisk tematikk eit klimaks i eit stort dimensjonert episk sveip som maktar å balansere, ikkje minst på grunn av fleire lakoniske innslag. «Let your little light shine», syng Mitchell, og lyfter det store blikket: «Shine on Wall Street and Vegas, place your bets. Shine on the fishermen with nothing in their nets. Shine on rising oceans and evaporating seas. Shine on our Frankenstein technologies.» Slik held det fram i fleire minutt, og når det er over, så kjennest det for tidleg.

Øyvind Vågnes er forfattar og stipendiat i visuell kultur ved Universitetet i Bergen og fast platemeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake