|
|
Kleptokratiet Av Kåre Lunden, 21.09.07 Sakprosa Øystein Rian: For Norge, kjempers fødeland. 12 portrett frå dansketida Det Norske Samlaget «Historia er store menns biografi», heitte det ein gong. Tvert imot; historia skal skrivast «nedanfrå», handle om massen, er eit nyare syn. Øystein Rian viser i denne boka at framifrå samfunnshistorie framleis kan skrivast som portrett av einskildmenn, i sin samanheng. Dei tolv portretta her er alle frå dansketida. Målet til forfattaren er å få lesarane til å «forstå litt meir» av denne perioden – noko som trengst sårt og lukkast vel. Objekta er valde fordi dei har spela representative roller. Berre statthaldaren 1642–51, kongens svigerson Hannibal Sehested, høyrer til fyrsteleg eller toppadeleg nivå. Det første portrettet gjeld Olav Engelbrektsson, erkebisp 1523–38 og norsk riksrådsformann. Portrettet konkretiserer korleis Noreg vart avskipa som likestilt stat med Danmark, som landet var etter unionstraktaten frå 1450. Dette fallet har ofte vore framstilt som nær automatisk konsekvens av pest, folketalsfall og produksjonsnedgang. Rian avslører slik demografisk-økonomisk determinisme. Sjølvstendetapet vert sett på plass som politisk og militært fenomen. Kongen gjorde planfast Noreg til eit land utan leiarar. Riksråd og kyrkje vart først lamma, sidan avskaffa. (Den katolske kyrkja hadde vore mykje likestilt med kongedømet.) Personar som stod kongen imot, vart drepne eller jaga frå landet, som Olav. Framleis norsk elite Reaksjonen i norsk elitemiljø er uttrykt i Absalons historieverk Om Norgis Rige frå 1567. Boka er så nasjonalpatriotisk at ho vart nekta utgjeven i København så seint som i 1630. Absalon skriv at dersom Noreg hadde hatt eigen konge, og dermed eigne statsinntekter, hadde landet vore like rikt som noko anna. Og så bortetter. Skriftene til Absalon høyrer til dei hundretals vitnemåla frå alle hundreår sidan 1100-talet som kastar det rette lyset over historikartesen til J. A. Seip og fleire: Eit norsk nasjonalmedvit skal først ha kome som konsekvens av statsgjenreisinga i 1814, og var ikkje ein føresetnad for den gjenreisinga. Dansk Irland Systemet var eit «kleptokrati» (plyndrarøkonomi), seier Rian. Det hadde også fylgjande side: Den eventyrlege korrupsjonen på topplanet gjorde at statsinntektene berre i mindre mon kom allmenne føremål til gode, i Noreg eller i Danmark. Mest tente dei til å gjere Sehested, svogeren Corfitz Ulfeldt og eit nettverk av «sønderjydar» grunnrike. På ni år hadde Sehested åleine påviste ekstrainntekter på 400.000 riksdalar, i tillegg til ordinær årsløn på 40.000 riksdalar – jf. statsinntektene ovanfor. På to–tre år slo Sehested under seg ein svært stor del av alt norsk jordegods. Rian har rett i at «historikarar i mange generasjonar ikkje har sett seg grundig inn i» dette korrupsjonssystemet. Skikkelege folk på 1800- og 1900-talet hadde knapt fantasi til å førestelle seg at føremålet med staten i den tid var i hovudsak å gjere personar som Sehested og Ulfeldt med sveinar rikare, med lovlege eller ulovlege middel. Kjennskapen til u-landa no har hjelpt på fantasien. Har lært mykje Historiegranskinga og Rian progresserer. Men nesten alle journalistar, historielærarar og turistguidar «veit» framleis at det er ein forelda myte at danskestyret i Noreg kan kallast ei politisk, økonomisk og kulturell ulukke for dette landet. Det er på tide at det kjem for ein dag kva forskingssituasjonen vedkomande dansketida i 2007 er, etter det Rian og andre i seinare år har lagt fram. Det er ikkje plass til å omtale dei andre portretta tilsvarande, om dei kan vere like interessante. Men portretta av opprørarane Kristian Lofthus og Hans Nielsen Hauge konkretiserer det nye på 1700-talet, det som fører fram til statsgjenreisinga i 1814: reisinga mot standsprivilegia, den veksande frigjeringa av tanken. Rian har alltid vore ein framifrå stilist, på moderat bokmål – heimedansk som dei sa før. Her skriv han likså god nynorsk, slik at den formelle utviklinga kongruerer med den historisk substansielle. Kåre Lunden er professor emeritus i historie ved Universitetet i Oslo.
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|