![]() |
|
|
Meisterstykke frå David Lynch Av Cathrine Brøymer, 14.09.07 FILM Inland Empire Regi: David Lynch (USA) Med: Laura Dern, Justin Theroux, Jeremy Irons og Diane Ladd Eg måtte sjå filmen to gonger før eg fatta det: Inland Empire er eit storslege filmverk. For dette er ein film det ikkje er så lett å bli klok på med det første – eller nokon gong. Filmklippa er innfløkte, ofte utan kronologi og logikk. Og om du trur at B alltid kjem etter A, bør du sjå ein annan film. Gradvis bryt skiljet mellom fiksjon og røyndom saman, og det er her det blir interessant: Som tilskodar må ein passe på å leggje merke til nyansane og samankoplingane mellom dei ulike nivåa. Men meininga er ikkje at ein skal gripe alt, noko ein raskt bør akseptere. Djupast sett trur eg dette handlar om å følgje den underlege labyrinten i Lynch-verda. Noko av det viktigaste ved filmopplevinga er til dømes stemninga og kjenslene, og heilt klart overskridinga. Inland Empire er som ein draum, der ein til dømes brått kan råke på surrealistiske, menneskeliknande kaninar som sit i ei stove, talar saman, tek telefonen og til og med har ein konflikt. Fanga av filmen Det er som om skodespelaren Nikki gradvis blir fanga inn av filmen ho er i ferd med å lage. Ofte er det umogeleg å seie kva scene som er frå filmen som blir spela inn, eller frå røyndomen til Nikki og medspelaren hennar. Kva som er filminnspelinga og kva som er eigne røynsler, er difor eit sentralt spørsmål. Etter kvart som Nikki viklar seg lenger og lenger inn i irrgangane i filmen, blir korridorane nærmast for opphaldsrom å rekne. Dei eksisterer som alternative røyndomar og oppløyser høvet for at det finst éi samanhengande verd. Eg nemner jamvel filmlydane, som Lynch er kjend for også frå andre filmar. Dette er tunge og mørke industrielle lydar, eller ei slags summing som nokre gonger kan minne om lyden frå projektoren til ein stumfilm, berre forvriden. Dette bruset skaper ei særskild stemning og er like viktig som filmbileta. Nikki er ikkje berre fanga av filmen, ho er like mykje kapsla inn av lydane. Intens Lynch Kanskje nettopp av di vi er vane med filmar som fortel oss ei historie, kan tre timar kjennast noko lenge. Trass i at eg likar filmen særs godt, trur eg ikkje resultatet hadde vore dårlegare om han hadde blitt korta ned litt. Den tynne lina i forteljinga liknar svakt på tvillingstrukturen i den førre filmen til Lynch, Mulholland Drive. Der blir historia brått delt midtvegs, medan ein annan versjon forvrengt speglar den første. Begge filmane konstruerer eit spel med filmen og draumefabrikken Hollywood. Men i Inland Empire er det mørkret som dominerer. Filmen er ein uendeleg draumelabyrint du ikkje kjem ut av, jamvel ikkje etter at lerretet har svartna. Då må du nemleg sjå filmen ein gong til.
« Tilbake |
![]() |
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|