Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Storskrytarane i Oljedirektoratet

Av Per Anders Todal
,  24.08.07


Oljedirektoratet har ansvaret for å levere nokre av dei viktigaste tala i Noreg: tala for olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel. Kvart år lagar direktoratet prognosar for kor stor produksjon som er venta. Men om ein les gjennom anslaga som er laga for oljeproduksjonen sidan 2002, og held dei opp mot kor stor produksjonen i røynda vart, er det eit underleg mønster som avteiknar seg: For alle dei siste fem åra har prognosane for oljen synt seg å vere for høge. (Gassproduksjonen er ikkje tema her.)

Direktoratet har som regel spådd aukande oljeproduksjon frå eitt år til det neste, medan den verkelege produksjonen har falle med kring 20 prosent sidan toppåret 2000.

Bom etter bom
Nokre av bomskota til Oljedirektoratet er marginale, medan andre er nokså grove. Her er nokre døme:

I januar 2002 spådde direktoratet at oljeproduksjonen på norsk sokkel skulle liggje kring 3 millionar fat per dag dei neste fire åra. Det talet stemde brukbart for 2002. Men dei neste tre åra fall produksjonen, og i 2005 var han komen ned i ca 2,5 millionar fat per dag.

Det er ikkje berre dei meir langsiktige spådommane som har slått feil for direktoratet. I januar 2004 melde til dømes OD: «Oljeproduksjonen for 2003 var 1,5 prosent lavere enn ODs siste anslag. For 2004 anslår Oljedirektoratet at oljeproduksjonen vil bli noe høyere enn i 2003.» Men da 2004 skulle oppsummerast i januar 2005, heitte det: «Produksjonen av olje var lavere i fjor enn tidligere år.»

Prognosane for 2005 vart reduserte noko i høve til tidlegare optimisme. Men ikkje nok, synte det seg da oppsummeringa kom i januar 2006: «Oljeproduksjonen for 2005 var 7,5 prosent lavere enn ODs anslag utarbeidet høsten 2004», melde direktoratet.

Seinast i oktober i fjor meinte OD at oljeproduksjonen i 2007 skulle aukast med 8 prosent frå 2006-nivået, til 3 millionar fat per dag, inkludert kondensat og flytande gass. Men denne gongen kom retretten raskt: Alt i januar i år opplyste oljedirektør Gunnar Berge at prognosen var kutta med heile 400.000 fat – over 13 prosent. Produksjonen i år blir dermed lågare enn han var i fjor.

Nytten av å overdrive
Det må kallast merkeleg at det statlege Oljedirektoratet systematisk har overvurdert oljeproduksjonen. Ikkje minst er det rart fordi dette har skjedd i ein periode da oljeprisen har stige kraftig, noko som burde motivere oljeselskapa til å hente ut så mykje olje som dei greier.

Dei stadige feila er òg merkelege av ein annan grunn: OD tok til å lage sine eigne prognosar nett fordi dei erfarte at oljeselskapa overvurderte eigen produksjon når dei rapporterte til direktoratet. Oljeselskap har interesse av å skryte opp den komande produksjonen og oljereservane sine, fordi det er bra for aksjekursen deira. Men kva grunnar kan liggje bak feilvurderingane til Oljedirektoratet?

Dag og Tid ringjer og spør Helge Ryggvik om han har nokre forslag. Han er forskar på Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved Universitetet i Oslo, og har forska på norsk oljeindustri og oljepolitikk.

– Eg kjenner til denne tendensen til overvurdering i prognosane til OD, men eg har ikkje studert dette spesielt. Men det har vore ein generell tendens til at både oljeland og oljeselskap har overvurdert produksjonen sin dei siste åra, seier Ryggvik.

«Går så det susar»
Helge Ryggvik trur det er denne generelle tendensen i oljeindustrien som slår inn i tala til OD.

– Men spørsmålet er om det òg ligg element av politikk i dette. Oljedirektoratet er interessert i å selje norsk olje til internasjonale oljeselskap. Dei kan ha interesse av å overdrive for å gjere norsk sokkel meir attraktiv.

Det kan dessutan liggje ei forklaring i modellane OD brukar når dei lagar prognosar, trur Ryggvik.

– Det kan vere at modellane deira ikkje har teke inn at leiteteknologien har blitt mykje betre, og at funna difor er betre kartlagde på førehand. Difor blir det færre positive overraskingar.

Ryggvik meiner tala til direktoratet burde vore gått mykje nærare etter i saumane.

– Vi ser korleis den servile pressa forheld seg til det: «Det går så det susar i Nordsjøen». Det allmenne inntrykket er at det er veldig mykje olje att. Men faktum er at oljeproduksjonen har falle ganske kraftig dei siste åra.

Må stole på OD
Det er særleg ein grunn til at produksjonsprognosane frå Oljedirektoratet er så viktige: Desse tala går rett inn i dei norske statsbudsjetta kvart år, same kor usikre dei er. Oljeproduksjonen er ei hovudinntektskjelde for den norske staten, og verken Olje- og energidepartementet eller Finansdepartementet har folk som verkeleg kan utfordre dei prognosane OD legg fram. Regjeringa må stole på tala til direktoratet, dei har ingen alternativ.

– Det finst ingen kompetanse nokon annan stad til å etterprøve dei tala direktoratet kjem med, seier Helge Ryggvik.

– Det er klart dette er problematisk. Men så lenge oljeprisen har gått opp, har ein ikkje merka problemet. Det historiske problemet blir di større. Noreg tappar ut oljen sin raskare enn dei aller fleste oljeland, i høve til reservane.

– Manglar kompetanse
Einar Steensnæs er av dei som har merka kor avhengig norske regjeringar er av tala til Oljedirektoratet. Han var olje- og energiminister frå 2001 til 2004. Steensnæs er intervjua i Berit Kristoffersens masteroppgåve i samfunnsgeografi. Her klaga Steensnæs over mangelen på ekspertise i departementet som kunne utfordre OD.

– All analysen vår er basert på informasjonen Oljedirektoratet gjev oss (...) Tenestemennene i departementet må ta for gjeve det som kjem frå Oljedirektoratet, sa Steensnæs da.

– Departementet rår ikkje over kompetanse som kan overprøve prognosane til Oljedirektoratet, seier Steensnæs til Dag og Tid.

– Det vi hadde av tilleggsinformasjon da eg var statsråd, kom frå oljeselskapa sine prognosar. Men dei var nokså samanfallande med OD sine. Eg meiner departementet burde ha kompetanse som gjer mogleg ein dialog med OD om både prognosar og teknikken som ligg til grunn for dei.

– Dei siste fem åra er det ein tydeleg tendens til at OD overvurderer produksjonen?
– Som statsråd hadde eg inntrykk av at OD brukte sitt beste faglege skjønn. Men prognosar er omgjevne med mykje uvisse. Mange har vore optimistiske og håpa på nye funn, men det har vore ein lang tørkeperiode utan nye større funn av olje.

– Kan OD ha overdrive optimismen for å gjere Nordsjøen meir attraktiv for oljeselskapa?
– Det blir berre spekulasjon om eg skal meine noko om det. Styresmaktene er jo interesserte i å halde motet oppe i Nordsjøen, men eg har ikkje grunn til å tru at OD har vore kunstig optimistiske for å trekkje til seg utanlandske selskap. Eg skjøner at ein kan stille spørsmålet, men eg har ikkje inntrykk av at dei driv på slik, seier Einar Steensnæs.

– Vi har ikkje teke hardt nok i
Oljedirektoratet justerer ned prognosane frå oljeselskapa så godt dei kan. Likevel blir dei stadig for høge, fortel senioringeniør Jan Bygdevoll i OD.

Dag og Tid ringjer Oljedirektoratet og spør kvifor prognosane deira for oljeproduksjonen på norsk sokkel har vore for høge kvart år sidan 2002. Jan Bygdevoll, som arbeider med ressursanalyse og prognosar i direktoratet, tek på seg å svare.

– Det stemmer at prognosane har vore noko for høge. Vi lagar prognosane på grunnlag av rapportering frå operatørane. Om vi brukte tala deira direkte, ville prognosane våre blitt enda høgare. Vi justerer difor ned tala, men vi har teke for lite i. Når produksjonen blir mindre, kan det kome av streikar eller andre uføresette problem, seier Bygdevoll.

– Men det er ein tydeleg tendens her: For fleire av dei siste åra har OD spådd auke i oljeproduksjonen, men resultatet har blitt nedgang?

– Ja. Dette kan mellom anna kome av at ein har venta at nokre nye felt skulle kome i produksjon, men har blitt seinka.

– Til tider har prognosane dykkar vore mykje for høge. Oljeproduksjonen for 2005 vart 7,5 prosent lågare enn anslaga de kom med hausten 2004. Det er ein kraftig bom?

– Det er heilt sant. Det året justerte vi tala lite ned frå det operatørane oppgav, fordi oljeprisen hadde gått opp, og vi trudde det skulle bidra til å få auka produksjonen. Likevel vart det altså rapportert inn meir enn dei klarte å produsere.

Måtte kutte anslaga
Jan Bygdevoll understrekar at oljeproduksjonen på norsk sokkel så langt i 2007 ser ut til å vere omtrent slik direktoratet spådde i januar. Men så seint som i oktober i fjor rekna Oljedirektoratet med at oljeproduksjonen (inkludert kondensat og flytande naturgass) skulle auke til 3 millionar fat per dag i 2007. Ikkje lenge etter vart prognosen jekka ned til 2,6 millionar fat per dag.

– Det vil seie at den første prognosen var over 13 prosent for høg?
– Det var nok selskapa som la inn så mange planer om korleis dei skulle auke produksjonen, planer som det syner seg at dei ikkje klarer gjennomføre.

– Men det første, mest optimistiske talet dykkar for 2007-produksjonen gjekk rett inn i Nasjonalbudsjettet i fjor haust.
– Data som skal inn i Nasjonalbudsjettet, må vere ferdige alt i juni. Men den store innsamlinga og analysen vår av data frå operatørane skjer først i oktober. Dette medfører iblant ganske store endringar i revidert Nasjonalbudsjett.

– Hadde ikkje oljeprisen blitt så høg som han vart, kunne ein slik bom skapt alvorlege problem for dei som skal få statsbudsjettet til å gå opp?
– Det spørst. Statsbudsjettet går opp med ganske god margin, men det ville blitt mindre i oljefondet med ein lågare oljepris.

– Det er eit stort ansvar de har når de lagar prognosar? Verken olje- og energidepartementet eller Finansdepartementet har kompetanse til å overprøve tala dykkar?
– Det er klart. Vi har ansvar for å prøve å lage så gode prognosar som mogleg, og dei er vanskelege å overprøve. Men vi prøver å forklare at desse tala alltid er usikre.

– Ei rekkje oljeselskap har overdrive ressursane og den framtidige produksjonen sin for å halde aksjekursen oppe. Er det slike overdrivingar som slår inn i prognosane til OD?
– Det er vanskeleg å seie kva som er overdriving. Vi klarer ikkje å sjå at selskapa overdriv for å oppnå noko. Rapporteringa mellom oljeselskapa og direktoratet er basert på eit tillitsforhold. Eg kan ikkje meine noko om kva oljeselskapa gjer i forhold til børsen.

– Ikkje mistillit
– Er OD sine prognosar prega av at Noreg har interesse av å få Nordsjøen til å framstå som attraktiv for oljeselskapa?

– Det trur eg ikkje. Vi tek ikkje slike omsyn. Og som sagt justerer vi ned prognosane ein del prosent i høve til dei tala vi får frå selskapa.

– Det internasjonale energibyrået IEA har fått med seg at OD lenge har hatt for høge prognosar. Byrået melde i sommar at dei vil bruke lågare anslag enn dykkar for framtidige produksjonstal i Nordsjøen. Syner ikkje det ein mistillit til direktoratet?
– IEA gjer det same for dei fleste andre OECD-landa. Og dei justerer ikkje ned veldig mykje meir for Noreg enn dei andre. Nei, eg ser det ikkje som ein mistillit.

– I mai i år heitte det i ei pressemelding frå Olje- og energidepartementet, bygd på tal frå OD: «Det forventes en liten økning i oljeproduksjonen i 2008.» Kan vi verkeleg tru på den prognosen, når de har vore for optimistiske alle dei fem siste åra?
– Det kjem nye tal for 2008 i Nasjonalbudsjettet i oktober. Dei kjem nok til å vere noko lågare enn den prognosen du viser til der, seier Jan Bygdevoll.

Stoler ikkje på direktoratet
Det internasjonale energibyrået IEA har mista tilliten til prognosane frå det norske Oljedirektoratet. Grunnen er at byrået har vurdert prognosane frå oljeproduserande OECD-land dei siste åra opp mot faktisk produksjon, og funne grove overdrivingar av framtidig produksjon. Tendensen til overvurdering var nokså allmenn, men dei norske anslaga var dei mest overdrivne i OECD.

IEA trur difor ikkje eingong på dei sterkt nedjusterte prognosane til OD for i år, og meiner oljeproduksjonen på norsk sokkel i røynda kjem til å hamne 100.000 fat dagleg under OD-prognosen. Men verre blir det: IEA ventar at oljeproduksjonen på norsk sokkel skal falle opp mot fire prosent årleg i åra som kjem, langt raskare enn det OD har spådd.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake