Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


For rikfolk, arbeidsfolk og trygda

Av Jon Hustad
,  10.08.07


Dei av dykk som har fylgt med i media dei siste par vekene, har fått det med seg: Opsjonane til direktørane i Hydro er eit trugsmål mot «den norske modellen», «den nordiske modellen» og «den skandinaviske modellen», som alle visstnok er den same modellen berre med ulike namn. Og det er visst litt av ein modell, skal vi tru store delar av omverda.

For gong etter gong under den franske presidentvalkampen stod Ségolène Royal på talarstolen og fortalde at Frankrike ikkje trong glana mot USA og Storbritannia for å få hjula til å rulla att, «for sjå berre kva dei har fått til i Skandinavia». Royal var ikkje åleine: Angela Merkel, til dømes, elskar å fortelja veljarane at «jau, den tyske velferdsstaten kan bergast berre ein legg om i nordisk retning», og det samstundes som internasjonal finanspresse nærast flyt over av daglege lovsongar om Norden og Noreg: «Ja, du kan få det alt saman: sjenerøs arbeidsløysetrygd, billege barnehagar, gratis utdaning og helsetenester og ein sunn økonomi med gode offentlege finansar attpåtil», kunne til dømes tingarane av International Herald Tribune lesa den 17. september 2005.

Det siste sitatet er det elles professor i sosialøkonomi ved Universitetet i Oslo Kalle Moene som har funne og delt med lesarane av den faste spalta han skriv i Dagens Næringsliv. Moene er svært oppteken av den nordiske modellen. No har han fått 100 millionar kroner av Forskings­rådet til å finna ut av kva denne modellen eigenleg er for noko. Med det i minnet er det kanskje noko ambisiøst av ein skarve journalist med 391.000 i årsløn å freista å koma med ei forklåring på kva det er Eivind Reiten og hans medskuldige slit og riv i. Vi freistar likevel.

Sjå til Sunnmøre
Som så ofte før når det skal handla om økonomi, bør vi byrja ein annan stad enn i Bærum og Oslo vest; vi kan byrja på Sunnmøre, i Volda og Ørsta, og der sjå på samanhengen mellom utdaning og pengerikdom. I Volda ligg skulemastodonten Volda vidaregåande, det som ein gong var det fyrste gymnaset på den norske landsbygda, Volda private gymnas. I Volda ligg òg Høgskulen i Volda, det som ein gong var den største lærarskulen i Skandinavia, og sist, men ikkje minst, vil ein som vart fødd der, påpeika: I Volda ligg Volda sjukehus.

Konklusjonen gjev seg sjølv: Voldingane er den best utdana folkesetnaden på Sunnmøre. Set ein seg så i bilen i Volda sentrum og køyrer nordvestover langs E39, kjem ein etter ei mil til Ørsta sentrum. Langsetter E39 gjennom Ørsta kommune ligg det ei rekkje fabrikkar. Det meste av det som vert produsert på desse fabrikkane – komfyrar, stålarmatur og møblar – vert eksportert ut av landet. Vi er hjå den konkurranse­utsette delen av norsk næringsliv. Utdaningsnivået i Ørsta er av det lægste på Sunnmøre.

Om ein samanliknar byggjefelta rundt dei to bygdesentra, ser ein knapt nokon skilnad; stort sett alle hus har høg standard og er godt vedlikehaldne, også standarden på bilane er den same. Samanliknar ein butikkane, er det derimot nokså ulikt. Før låg mange av fabrikkane i Ørsta i sentrum; no har dei flytt ut til omlandet eller for den del til utlandet. På dei gamle fabrikk­tomtene, i dei gamle fabrikkbygningane, er det no store kjøpesenter og nye husvære. I Volda er butikkane små og har få kundar.

Dei som haustar i havet
Om ein utlending på basis av dei to bygdesentra vart beden om å tippa kva for ein av dei to kommunane som låg best an økonomisk, ville han truleg seia Ørsta. Men i sentrum av korkje Ørsta eller Volda ser ein særleg mange døme på stor og synleg privat rikdom. Vil ein sjå litt meir av slikt, kan ein køyra vidare nordover langs E39 mot Ålesund. På vegen dit passerer ein bygda Vartdal. Der er nok utdaningsnivået endå lægre enn i Ørsta sentrum. Men på Vartdal bur desse som får Ottar Brox til sjå raudt, der bur både sunnmørsfiskaren og sunnmørsreiaren. Nede ved kaia ligg dei største fabrikkskipa i Noreg. På Vartdal bur der ei rekkje eigarar av ei rad ulike verksemder. Vartdal er ei såkalla gründerbygd.

Kva tener dei så i Volda, i Ørsta og på Vartdal, og kor mykje betaler dei i skatt? Det veit vi ikkje eksakt, men vi veit det nokolunde. I Noreg har vi nemleg sentrale lønsoppgjer og sentralt fastsett skatteøyre. Sagt på ein annan måte: Folk får stort sett det same i pungen for likt arbeid same kvar dei bur i landet.

Tala som syner det, finn vi i «Om grunnlaget for inntektsoppgjørene 2007. Endelig hovedrapport fra Det tekniske beregningsutvalget for inntektsoppgjørene» (TBSK). Den rapporten ligg på heimesidene til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Og tala er desse: Gjennomsnittsløna i indu­strien i 2006 var 384.200, i varehandelen var ho 331.600, i finanssektoren 455.300, mellom statstilsette 366.300, mellom kom­­mune­tilsette 329.000, i under­visingssektoren 376.000 og i helse­verksemdene 345.000 kroner.

Kva gjennomsnittsfiskaren og -kapitalisten på Vartdal tener, gjev ikkje TBSK-rapporten noko svar på. Det gjer heller ikkje SSB sidan inntektene til både fiskarar og kapitalistar varierer så mykje.

Dei som fell utanfor
Både Volda og Ørsta har elles, som resten av Noreg, mange i arbeidsfør alder som står utanfor arbeidslivet. Gjennomsnittsinntekta for desse har NAV rekna ut for Dag og Tid: I 2006 fekk ein uføretrygda mann gjennomsnittleg 174.302 kroner frå trygdekontoret, tilsvarande kvinne 144.832 kroner.

I røynda er nok tala ein del høgre for mange av desse sidan tenestetrygd frå tidlegare arbeidsgjevar ofte kjem i tillegg. Har ein vore tilsett i ei privat verksemd før trygdinga, kjem ofte om lag 50.000 på toppen av trygda frå det offentlege. Har ein vore tilsett i full stilling i det offentlege, er ein garantert 66 prosent av inntekta ein hadde medan ein var i arbeid. Heller ikkje forsytartillegget er med i desse utrekningane. Har dei uføre­trygda born, får dei meir. Over statsbudsjettet betalte det offentlege i 2006 ut om lag 115 milliardar i trygd til folk i arbeidsfør alder.

Så var det skatten: Kor mykje betaler voldingane og ørstingane i skatt? Vel, det kjem an på om dei er lønsmottakarar eller kapitalistar: Skattebetalerforeningen har rekna ut at ein gjennomsnittleg norsk skattetytar – han eller ho tente elles 386.500 kroner i fjor – betaler 54,24 prosent av inntekta i skattar og avgifter. Sagt på ein annan måte: I år vart vi ferdige med å betala skatt den 20. juli. Her kan vi nemna ein annan modell: den amerikanske. Der var dei ferdige med å betala skatt den 21. april.

Kapitalistskatten
Men så var det altså desse vart­dalingane, dei er langt frå gjennomsnittlege, men dei er likevel illu­strerande for skilnaden i skatte­regimet. Fiskarane på Vartdal arbeider som nemnt i havfiske­flòten. Der varierer inntektene enormt år om anna, men 5–600.000 tener dei vel på eit normalt år, om det i det heile finst. Den såkalla toppskatten slår inn ved 400.000 kroner. Då må ein betala ni prosent ekstra skatt på toppen av den vanlege skatten. Fiskarane er altså fyrst ferdige med skatten eit stykke ut i august.

Slik er det ikkje for dei som eig båtane og fabrikkane på Vartdal; dei betaler maksimalt 28 prosent skatt på overskotet i verksemda eller avkastinga på kapitalen. Med andre ord: Lønsmottakarar betaler langt meir i skatt enn dei som tener pengane sine i form av kapitalavkasting. I tillegg, som professor Terje Hansen ved Handelshøgskolen i Bergen har peika på, med dagens kapitalskatteregime må ein i røynda vera «idiot for å betale 28 prosent».

Då er det på tide å kopla inn att Kalle Moene, for jamvel om han har fått 100 millionar til å forska vidare på den nordiske modellen, har han alt gjort seg opp visse meiningar om slikt som ein ser i Volda og Ørsta.

Moene har sagt det såleis: «Den nordiske modellen er et kompromiss. Et kompromiss mellom kapitalistisk effektivitet og sosialistisk trygghet, mellom marked og regulering.» Og «kjernen i modellen», seier han, «er en koordinert lønnsfastsettelse».

Dei tre som tener
Det er visstnok særleg tre grupper som tener på denne modellen: Dei som er lite produktive, altså trygdeproletariatet, produktive industriarbeidarar og ikkje minst: dei som lever av avkasting av kapital. Og slikt noko fremjar vekst, meiner Moene, denne veksten som dei så gjerne vil ha nede på kontinentet.

For kva hender? Jau, det som har hendt med industrien i Ørsta, som leverer stendig større overskot til kapitaleigarane: Løning­ane i botnen vert pressa opp. I sin tur fører det til at dei lite lønsame verksemdene går konkurs. Dei kan ikkje leva med så høge løning­ar. Dei mest produktive arbeidarane flytter så over til dei mest produktive verksemdene. Då sit eigarane av desse verksemdene med både produktive arbeidarar og eit lågt skattenivå og har dimed både incitament og råd til å investera i produktivitetsfremjande teknologi og i nye fabrikkar og verksemder.

Då er det på tide med litt statistikk. For tjue år sidan hadde Grepa fabrikker i Ørsta 130 tilsette og produserte 120 komfyrar per dag. I 2002 flytte Grepa fabrikker inn i nye fabrikklokale utanfor Ørsta sentrum. Det året hadde verksemda 90 tilsette og laga 195 omnar per dag. På den gamle tomta i sentrum står no eit gigantisk kjøpesenter. I den nye fabrikken produserer dei i dag 220 komfyrar med 65 tilsette. Overskotet går rett nok til finske eigarar, men det er ei anna soge.

Men det er nokon som har mått betala for at industriarbeidaren, trygdeproletaren og kapitalisten skal ha det godt; det er dei godt utdana mellomlaga. «Deres inntekter er holdt tilbake i solidaritetens navn», som Moene har sagt det.

Dei skvisa mellomlaga
Middelklassen betaler altså på to måtar: gjennom høg skatt og gjennom låg løn. Såleis må det vera av di arbeidsgjevarane, eller kapitaleigarane, ikkje har kunna eller ynskt å bera kostnaden som kjem i kjølvatnet av at dei lågproduktive vert støytte ut. Og kostnadene ved utstøytinga er det hovudsakleg lønsmottakarane, særleg dei som betaler toppskatt, som har bore.

Mykje av stoda har si forklåring i dette som vert kalla frontfagsmodellen, eller Aukrust-modellen (oppkalla etter «Bror min», Odd Aukrust, som var sjef for SSB). Den kom til på midten av 1960-åra (andre vil hevda at modellen kom til alt ved hovudavtalen av 1935) og inneber at det er dei konkurranse­utsette næring­ane som legg lista når løna vert fastsett. Spissformulert tyder det at ingen organiserte arbeidstakargrupper skal få meir enn det Fellesforbundet forhandlar seg fram til.

Både NHO, det offentlege som arbeidsgjevar og LO har reelt sett vore heilt på line her. Modellen har med visse unnatak vore praktisert nokså rigid i Noreg dei siste førti åra. Og det er det særleg dei velutdana som har fått merka; Noreg ligg som kjent i botnen i Europa når det kjem til avkasting på utdaning, særskilt om ein arbeider i offentleg sektor.

Lektor I Volda
Då kan vi taka ein tur attende til Volda og det som ein gong var Volda landsgymnas. I 1950- og 1960-åra kom den skulen gong etter gong på karakterstatistikken som eit av dei beste gymnasa i landet. Langt dei fleste av lærarane var lektorar. I 1975 vart Volda gymnas, på line med alle andre gymnas i landet, avskipa. Vi fekk den vidaregåande skulen, allmennfagleg line. Løna for lektorane hadde lenge vore på veg ned jamført med industriarbeidarar. Likevel: I 1975 tente ein lektor 55 prosent meir enn ein gjennomsnittleg industriarbeidar, i 1995 var lønspåslaget kome under 20 prosent.

Av dei lærarane som vart tilsette på gymnasa i byrjinga av 1970-åra, hadde over 70 prosent hovudfag. I 1970-åra fekk allmenn­fagleg vidaregåande òg samfunnsfagleg line i tillegg til real- og språkline. Frå slutten av 1980-åra har tala på nye lærarar med hovudfag lege på drygt 20 prosent. Dei fleste med hovudfag har samfunnsfagleg hovudfag (den billegaste utdaninga for det offentlege å finansiera). I røynda har det knapt vorte rekruttert realistar med hovudfag dei seinaste 25 åra. No har ein lektor ei lægre livsløn enn ein person med treårig vidaregåande utdaning. I dag er det få som talar om den høge kvaliteten ved Volda vidaregåande.

Modell mot oppløysing
At lektorane er vortne så få, har òg gjort dei svake i lønstinging­ane. I praksis har fagforeiningane deira vorte etne av Lærarlaget, som no heiter Utdanningsforbundet. Konsekvensen er klår: Frå 2003 til 2006 var lønsauken 11,4 prosent for ein lærar med berre lærarskulen, for ein lektor var auken 4,9 prosent.

Den same utviklinga ser vi elles i lønene til professorar. I 1975 tente ein professor godt over dobbelt så mykje som ein industriarbeidar. I 1999 tente professorar berre 50 prosent meir.

Slikt får fylgjer. Og her er vi framme ved paradokset: Ein av konsekvensane av utviklinga kan vera at den nordiske modellen ramlar i hop, eller i det minste vert kraftig svekt, nettopp på grunn av den nordiske modellen.

For når lærarane er veike, vert elevane veike, og særleg veike er dei i realfag, syner all statistikk.

Men så er det berre det at næringslivet framleis treng reknekunnige funksjonærar. Og ein økonomi som er i vekst, genererer pengar som må inve­sterast, og for å investera desse pengane treng dei som har tent dei, personar som har kunnskap til verkeleg å skjøna rekneskap, som verke­leg kan analysera verdi­papir.

Verksemdene til NHO og Finansnæringens hovedorganisasjon har gløymt, eller kanskje heller ynskt å gløyma, at ein sentral del av frontfagsmodellen har vore at heller ikkje dei har skulla tilby dei godt utdana med realistkompetanse høgre lønsvekst enn det andre grupper har fått.

I 1970-åra og eit godt stykke utetter i 1980-åra heldt arbeidsgjevarane att, men så byrja demninga å bresta, og no renn det meir eller mindre fritt.

Tala talar
Då kan vi på nytt gå attende til TBSK-rapporten for 2007. I 2006 tente ein industriarbeidar med vidaregåande skule 349.000 kroner medan ein industrifunksjonær med meir enn fireårig universitets- eller høgskuleutdaning tente 597.800. Kvart år dei siste ti åra har dei utdana funksjonærane i gjennomsnitt fått éin prosent meir i auke enn dei som berre har vidaregåande. I skuleverket var tilsvarande tal for dei same to utdaningsgruppene i 2006 350.200 og 424.100 kroner. Kvart år dei siste ti åra har dei som berre har vidaregåande, fått éin prosent meir i lønsauke enn dei med minst fireårig utdaning. Med andre ord: Lønsutviklinga i skulestellet har vore diametralt motsett av utviklinga i industrien.

Best betalt for utdaning får ein elles i finansnæringa. Minst fire år med utdaning gav ei løn på 685.400 i 2006.

Kva har så pengane til Reiten og dei andre direktørane i Hydro med dette å gjera? Det må vel rubriserast under kategorien godt spørsmål. Det er nok liten tvil om at når nokre lønsarbeidarar så til dei grader får riva seg laus frå den samanpressa lønsstrukturen, så fører det til at andre òg vil ynskja å riva seg laus. Om dei får det, er eit anna godt spørsmål. Men faktum er nok helst at svært høge løningar for nokre få utvalde har få eller ingen realøkonomiske konsekvensar. Dei best betalte lønsmottakarane høyrer nok meir heime mellom kapitalistane enn i mellomlaga.

I USA har veksten vore like høg som i Noreg dei siste tretti åra. Mellomlaga har fått så godt som ingenting av denne veksten. Mest alt har gått til direktørsjiktet og kapitaleigarane.

Fråkopla direktørar
Kva ville til dømes henda om ein delte heile opsjonspakken på 210 millionar på alle dei tilsette i Norsk Hydro i Noreg? Det ville gje ei eingongsutbetaling på 22.000 kroner per tilsett. Inkluderte ein alle dei utanlandstilsette i Hydro, ville tilsvarande tal verta berre 8000 kroner.

Situasjonen er at både staten og dei private eigarane av dei største norske kommersielle verksemdene lenge har late direktørsjiktet verta fråkopla alle andre lønstakarar. Det har dei kunna gjera i trygg forvissing om at LO ikkje vil tora å gjera noko med utviklinga. Den såkalla opninga mot omverda vi har fått dei siste åra, globaliseringa, har nemleg hindra arbeidarane i å få ein særleg stor del av den raskt aukande verdiskapinga. For skulle alle få like stor lønsauke som dei best betalte direktørane, måtte verksemdene raskt gå konkurs. Og det veit sjølvsagt kvar ansvarleg LO-leiar.

Kva kjem så til å henda i åra frametter, kjem den norske eller nordiske modellen til å overleva? Vel, her må kvar gjera seg opp ei meining sjølv. Men under føresetnad av at den noverande politikken med fri flyt av tenester, varer, kapital og personar over landegrensene held fram, er underskrivne ein av dei som trur at modellen langt på veg er ferdig.

Skilnadene vil auka
Frontfagsmodellen vart skapt i ei tid då det var knapt om ufaglærd arbeidskraft. Slik er det ikkje lenger. Innvandringa til Noreg har vore massiv dei siste åra; polakkane er komne til Sunnmøre, også austeuropearar kan handtera eit sveise­apparat.

Ei lita framskriving kan kanskje syna kva lei utviklinga ber: Om det utdana funksjonærsjiktet i industrien held fram med å få éin prosent meir enn arbeidarane i lønsauke per år, kjem skilnaden mellom arbeidar og funksjonær etter kvart til å verta massiv. Seier vi at arbeidaren får 2,5 prosent per år i lønsauke dei neste tretti åra, og funksjonæren med minst fireårig utdaning får 3,5 prosent per år i same perioden, kjem arbeidaren til å ha om lag 632.000 kroner i løn i 2037. Funksjo­næren, derimot, kjem til å ha 1.451.000 kroner i årleg løn.

Det er nok òg slik at dersom stendig fleire får ei god løn og stendig fleire verkeleg vert rike, slik utviklinga har vore dei siste åra, så kjem desse til å byrja å etterspørja kvalitetstenester det offentlege ikkje lenger gjev.

Skal ein som er godt betalt eller har mykje kapital, tryggja at borna hamnar i den same klassa som han sjølv, vil nok vedkomande at avkjømet skal gå på skular med godt utdana lærekrefter. Held den noverande løns­utviklinga i den offentlege skulen fram, ja, så seier det seg langt på veg sjølv at private alternativ tvingar seg fram.

Det ligg no eingong til oss menneske å tilpassa oss dei rådande strukturane. Ein treng ikkje å vera marxist for å sjå det. Og her har vi ikkje nemnt skorten på ingeniørar, geologar, økonomar... som det offentlege alt no står andsynes.

Og til dykk der ute som meiner de ikkje har fått heile soga: De har heilt rett. Den er det Kalle Moene som skal gje dykk.

Kva så med ørstingane og voldingane? I sumar vart den øvste høgda på gamle Ørsta bruk seld til husvære. Ho var på 300 kvadratmeter. Kjøparen betalte 8 millionar. Han var lækjar og eig ei privat bedriftshelseteneste. Volda sjukehus går derimot mot nedleggjing, seier rykta.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake