Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ivar Mortensson-Egnund 150 år

Av Arne Dag Østigaard
,  03.08.07


Han var forfattar, journalist, teolog, granskar, omsetjar, politikar og filosof. Og sjølvsagt målmann. Han var fødd 24. juli 1857 i Alvdal. Foreldra var Anne Petronelle Tangen og stortingsmann for Venstre Morten Mortensen Ogarden (1816–1910), begge frå Tynset.

Ivar Julius Mortensen voks opp i eit haugiansk venstremiljø og vart teolog i 1883. Han fornorska namnet til Mortensson. Han vart kjend med Moltke Moe på Aars og Voss skule. Og gjennom Moe med Arne Garborg. Da Garborg sette i gang Fedraheimen i 1877, vart Mortensson medarbeidar, og i 1884 redaktør.         

Mortensson vart landskjend da han i 1881 leidde eit opprør på Gråtenmoen ved Skien. Han ville slåst for Sverdrup, parlamentarisme og målsak. Det resulterte i kakebu i Kristiansand. Deretter heldt flogvitet føredrag om stev og salmar i Setesdal.

Garborg skreiv at når venen var komen borti noko urimeleg, fann han på det mest bakvende. Når han tok pennen fatt, blanda det seg leik og dikting. Da måtte Ingeborg Jore gå mellom karane i avis­lokalet. Men venskapen heldt fram. Dei to gav i 1885 ut lesebok i det norske folkemålet.

Redaktøren
Fedraheimen tok til som «Eit vikeblad aat det norske Folket», men vart ei avis som skulle stri mot «pengevelde, prestevelde og statsvelde». Men om Mortensson var revolusjonær, var han ikkje materialist. Da Gud hadde «sett han i Heimen», var det Guds vilje at han skulle slåst mot Djevelen. «Det lyt bli mange basketak!», slo han fast.

I «kråkereiret» i Pilestredet var det «eit sant målstrevarbol». Dei drakk kaffi, røyk­te tobakk og dagdrøymde om da Fedraheimen skulle ha ti tusen tingarar. Hulda Bergersen gjekk på målskule der med Mortensson og Andreas Hølaas. Ho vart førd inn i ei verd med folkemusikk, folkedikting, ættesoger, folkedans og bunad. Mortensson vart den som påverka Hulda mest. Han ordna også at Arne Garborg fekk leige «Kolbotnen» ved Savalen i Tynset. Da Arne og Hulda flytta dit 1887, vart Mortensson og Fedraheimen med på lasset til Tynsetbyen.

I 1888 gjekk Mortensson inn for Garborg som stortingsmann for Hedmarken Amt, noko som var mindre vellukka. Året etter heldt han 17. mai-tale i Tynset, der han gjekk til åtak på feige eidsvollsmenn, men rosa den franske revolusjonen. Han avslutta med å syngje Marseillaisen for sjokkerte bønder. Han og Garborg melde seg så ut av Venstre og stifta arbeidarlag på Tynset og Røros.

Mortensson heldt no føredrag om og samla inn pengar til nasjonalgåve til bestevenen. Nokre føredrag vart trykte i tidsskriftet Fridom i 1897, samtidig som biografien Arne Garborg. Ein fyritalsmann kom ut.

Folketalaren
I 1889 reiste Mortensson til Tyskland for å hjelpe Garborg med Hjå ho mor. Seinare reiste han til Italia og kjende seg som fullblods europear. Før Fedraheimen gjekk inn i 1891, drog han som «Ivar Matlaus» på føredragsturné. På tre år heldt han 200 føredrag for 15.000 tilhøyrarar. Han hevda at Jesus var ein revolusjonær som ville skape Gudsriket på jorda. På Hamar bad ein emissær for føredragshaldaren. Mortensson hadde studert Bibelen på originalspråket og kjende seg trygg i tolkinga.

I 1899 drog den ihuga landsmålsmannen atter på turné, og da for å kjempe mot riksmålsmannen Bjørnson. Der Bjørnson tala om riksmål, dukka Mortensson opp etterpå for å slå eit slag for landsmål. Føredraga resulterte i bok om Ivar Aasen i 1902.
Anarkisten
Mortensson vart anarkismens største teoretikar her til lands. Han hadde vakse opp i eit bondesamfunn, som nasjonalromantikar Hulda Garborg meinte var naturleg og lukkeleg. Bygdene i Nord-Østerdalen var samfunn utan standsskilnad. Dugnadsånda og samvirketanken stod sterkt.

Om livssynet til Mortensson var prega av mystikk og russisk-europeisk anarkisme, sat han trygt forankra i bondekulturen. Han slo fast at det hadde rådd praktisk anarkisme i bondesamfunnet. Tankane vart til Bondeskipnad i Norig i eldre tid (1904). Han syner at privat eigedomsrett ikkje er opphavleg, men at jorda høyrde til samfunnet.

Mortensson brevveksla med Kropotkin. Da han sjølv vart bonde, gav han ut bladet Fridom og boka Fridomsvegen. Han slår fast at sosialdemokratiet er eit trugsmål mot fridomen, og at ei dyr og mannsterk regjering berre vil administrere bort og øydeleggje dei beste sakene!

Teologen
Teologien til Mortensson er tufta på folke­leg trusliv, påverka av haugianisme. Han hadde sjølvsagt lese Kierkegaard og lærde Arne Garborg om filosofen. Slik vart altså Læraren til.

Iallfall ville Mortensson søkje attende til urkristendomen. Seinare styrkte teo­sofien og antroposofien han i livssynet. Redaktør Rasmus Steinsvik, som hadde teke over Fedraheimen i 1889, slo fast at venen tenkte som ein professor, fantaserte som ein oppfinnar, drøymde som ein profet og sverma som ein metodist for brorskapets framtidsevangelium!

Forfattar og granskar
Som forfattar er ikkje vår ven lett tilgjenge­leg. Men han fekk lovord av teatersjef Bjørn Bjørnson for skodespelet Varg i Veum. Forfattaren vil syne fram tidsskiftet i vikingtida. Spelet vart sett opp på Det Norske Teatret, med musikk av Christian Sinding. Også David Monrad Johansen har tonesett drama av Mortensson.   

Mortensson brukar folkedikting i ein særprega litteratur han så å seie er åleine om her til lands. Mest kjend er landsmålsomsetjingane av Den eldre Edda frå 1904. Han gav seinare ut ein versjon av «Draumkvædet» – Gjallarbrui.

Alt i Paa ymse gjerdom (1889), som han melde sjølv, skapte forfattaren ei prosa­lyrisk form, som dukkar opp att i Garborgs Den burtkomne Faderen. Da han i ånda til ny­romantikken forfatta Or duldo. Draumkvæe, syntest konsulent Garborg at dikta var eit nytt «Draumkvæde» – og vart sjølv inspirert til Haugtussa.

Også Aukrust, Kinck og Obstfelder vart påverka av Mortensson. Både Aukrust og Kinck har halde hus hos Mortensson. Tidens Tegn skreiv seinare at få visste at Ivar Mortensson-Egnund var ein av dei største diktarane våre. Det hadde ikkje minst Or Duldo vist.

I tida som bonde fekk han god tid til å tenkje. Det resulterte i dei sjølvkritiske Ein frikar. Forteljing (1905), Trollham og Skogtroll (1906) Forfattaren gjev seg sjølv bygde­domen: «Di meir boksprengd ein er, di meir tufs blir det med garden.» Han overlét gardsstellet til kona, fødd Karen Nilsen frå Bergen. Han fekk nemleg statsstipend på to tusen kroner årleg i 1907.

Huslyden slo seg ned på Lillehammer. Oppbrotet er skildra i Runar. På Lillehammer grunnla kona og han kulturdagane – «Haaballsvaka». Han fekk tilmed Bjørnson med på laget, ved god hjelp av Karoline.

Hulda Garborg meiner at læremeisteren hennar hadde dikting, draumar og granskarverd langt frå asfalt og kafékrokar. Verkstaden låg i naturen, med utsyn mot stjernehimmelen. Mortensson trekte seg tidleg frå dagsens strid. Han var meir oppglødd over å ha funne «nøklane» til Voluspå enn unionsoppløysinga i 1905.

Moltke Moe var ikkje fullt så begeistra for Edda-granskinga, og hevda at «Savalguten» – han skifta støtt namn – dreiv valdtekt på vitskapen. Arne Garborg meinte derimot at den gode grannen hans burde skape eit doktorgradsarbeid. Han støtta derfor Ivar med pengar.

Garborg skreiv: «Eg er Jærbuen. Flatlendingen, som veks roleg og seint. Han er frå den ville fjell- og fjordbygd med sine bråkast og stup og stormar og glansdagar. At han er vill anarkist i 80-åra og kapitalist tjue år etter, det er for honom reint normalt. Kva veg han heretter kan taka, veit ikkje eg; men at hans vegar ikkje er mine vegar, det veit eg. Gjev han måtte gjera det godt!»

Presten
I 1909 vart Mortensson stiftskapellan i Hamar og året etter utnemnd til prest i Fyresdal. Karen lika ikkje pietistane. Ein sa til Ivar: «Me skynar ikkje presten, og det me skynar, er me ikkje einige i.» Sokne­presten sende kona på møte i indremisjonslaget. Så fekk han kall i Løten. Der tok han farvel med «Siste ordet åt Hedmarkingen».

Mortensson skifta no namn til Mortensson-Egnund. Garborg meinte at venen hadde fleire namn enn Odin. I 1919 hamna teologen i Seippels arbeidslag for å setje om Bibelen til landsmål.

14. januar 1924 sovna besteven Arne inn på Hvalstad. «Savalguten» i presteskrud tala i gravferda i Trefoldighetskirken for statsminister Berge og Ivars fetter, stortingspresident Ivar Lykke.

Dei siste åra levde Ivar Mortensson-Eg­nund mest som ein profet i diktarstova. Han gjekk bort i 1934, same året som Hulda Garborg. Jubilanten vår er kan hende den mest allsidige kulturpersonlegdomen som har levd i Noreg.

Arne Dag Østigaard er forfattar, lektor
og lokalhistorikar.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake