Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Faren ved politisk ukorrekt forsking

Av Jon Hustad
,  03.08.07


At forsking skulle vera heilt fri for politiske føringar, er det vel få som trur på, men om ein forskar no fyrst fekk det føre seg at han eller ho ville forska på noko politisk ukorrekt, kva vil vera mest kontroversielt? Føremonen med korporleg avstraffing av born? Ulempa med manglande dødsstraff? Samanhengen mellom fri abort og nedgang i kriminalitet?

At alt dette ville vera vågalt, kan vel dei fleste av oss vera samde om, men neppe så vågalt som å forska på samanhengen mellom kjønn og intelligens. Og likevel: Nett dette siste var det Danmarks leiande intelligensforskar, professor i utviklingspsykologi Helmuth Nyborg ved Aarhus Universitet, ville finna ut av.
Det skulle han ikkje ha gjort.

Persona non grata
Men på vegen vart Nyborg om inkje anna Danmarks mest kjende psykologiprofessor. Så her er ei av sogene om kva politisk ukorrekt forsking kan føra til, ei soge som fekk ein førebels slutt den 3. juli i år. Då vart Nyborg frikjend for alle skuldingar om uheiderleg forsking.

Men før frikjenninga hadde han vorte sparka frå professorstillinga, uthengd i dansk og internasjonal presse og skulda for illojalitet mot universitetet i Aarhus. I tillegg hadde han fått vita at forskinga hans ikkje samsvara med verdiane det danske universitetssystemet bygde på.

Historia om Nyborg og intelligensforskinga hans er elles noko lang, men av plassomsyn må vi byrja så seint som i 2005. I august det året publiserte Nyborg artikkelen «Sex-related differences in general intelligence g, brain size, and social status» i det velrenommerte Elsevier-tidsskrifet Personality and Individual Differences. (g står elles for «General Intelligence Factor» og er ein måle­stav for intelligens som skal vera mykje meir presis enn vanleg IQ-testing). I artikkelen hadde Nyborg mellom anna kombinert si eiga intelligensforsking på danske skuleborn med internasjonal forsking på vaksne.

I artikkelen tok Nyborg fleire atterhald om at det kunne vera manglar ved forskinga hans og at meir forsking måtte til før ein kunne seia noko sikkert. Men likevel: I artikkelen stod det å lesa at menn var i gjennomsnitt 3,8 IQ-poeng meir intelligente enn kvinner.

«Han er gal»
Dimed var det verkeleg gjort. Heimlandet åt smøret og flesket hadde fått ein ny kjendis. Danmarks svar på Dagbladet, den liberale avisa Politiken, gjekk i front. Dei meinte mellom anna å vita at Nyborgs vitskaplege metodar ikkje heldt vatn. I tillegg skulle sjølve tenkjinga til Nyborg vera grunnleggjande galen: «Problemet er, at Nyborgs udgangspunkt hviler på et mere end tvivlsomt grundlag», skreiv avisa i ein leiar.

Det svært så tabloide Ekstra Bladet var om mogeleg endå meir direkte: «HAN ER GAL», stod det å lesa over heile framsida på den avisa.

Instituttleiar ved Psykologisk Institut og Nyborgs næraste overordna, Jens Mannen, fann at dette kunne han ikkje leva med. Rett etter publiseringa av artikkelen gjekk Mannen til dåverande dekan ved Det Samfundsviden­skabelige Fakultet, Tom Latrup-Pedersen, og leverte inn ei formell klage på forskinga til Nyborg.

Eit sakkunnig utval på tre personar vart sett ned. Konklusjonen låg føre sumaren 2006. Utvalet hadde sett på tre av arbeida til Nyborg. I eitt av dei meinte dei å finna metodiske veikskapar.

Friteken
No var ein ny dekan komen på plass, han heitte Svend Hylleberg, og han handla raskt. Nyborg hadde levert ein «utroværdig og værdiløs undersøgelse», skreiv Hylleberg i eit brev til Nyborg og «fritok» han for vidare teneste ved Aarhus Universitet. Nyborg fekk melding om å rydda kontoret sitt. I mellomtida hadde også Psykologisk Institut fått ny styrar, Jeppe Jeppesen. Han var tilsett av nett Hylleberg.

Jeppesen var særs nøgd med avgjerda om å sparka Nyborg og fortalde dansk presse at arbeidsklimaet ved instituttet no kom til å verta mykje betre.

Nett det var ikkje kollegaene til Nyborg ved Psykologisk Institut samde i. Professoren i forskingsmetodologi ved instituttet, Steinar Kvale, kunne ikkje skjøna den harde framferda mot Nyborg: «Man skal huske på, at Helmuth Nyborg længe har været en toneangivende dansk forsker i psykologi, der har publiceret i vel­renommerede inter­nationale tidsskrifter. Nu er han blevet fritstillet på grund af problemer med én undersøgelse. Han har sjusket, men ifølge det sagkyndige udvalg ikke været bevidst uredelig. Derfor finder jeg fakultetets sanktion helt urimelig.»

internasjonal stønad
Alle kollegaene til Nyborg, minus Jeppesen og tidlegare styrar Jens Mannen, sende no eit brev til dekan Hylleberg der dei prote­sterte mot sparkinga. Samstundes skreiv ei rad internasjonalt meritterte forskarar og professorar brev på brev til både rektor og dekanus og bad om at Nyborg måtte få att stillinga.

I fleire av breva vart det vist til at funna til Nyborg samsvara med nyare internasjonal forsking. Mellom anna publiserte professor Philippe Rushton ved universitetet i Ontario i april 2006 ein forskingsartikkel som synte nett dei same resultata som Nyborg hadde kome fram til. Rushton hadde gått gjennom over 100.000 IQ-testar av canadiske 17- og 18-åringar. Han fann at gutane i gjennomsnitt hadde 3,6 fleire IQ-poeng enn jentene. Stønadsbreva fekk ein viss verknad.

Fekk att stillinga
Nyborg hadde elles alt i 2005 både i dansk og internasjonal presse bede om stønad frå kollegaer mot det han oppfatta som ein hekseprosess. Denne appellen førde i sin tur til at Nyborg fekk formell refs frå dekanus. Dekanus skreiv i eit brev at Nyborg hadde synt «illojalitet» ved å gå til media med ei intern sak.

Men i august 2006 gav rektor Lauritz B. Holm-Nielsen delvis etter for presset. Rektoren oppheva «fritakinga» frå tenesta, gav Nyborg kontoret attende og tok bort sperringa av heimesida hans. Men samstundes gav Holm-Nielsen, i eit lengre brev, Nyborg «en alvorlig irettesættelse».

No fann Nyborg ut at han ville gå til motåtak. Han klaga seg sjølv inn for det offisielle danske organet Udvalgene Vedrørende Videnskabelig Uredelighed (UVVU) og bad UVVU sjå om det var hald i skuldingane mot han.

Men før avgjerda frå UVVU kom, vart Nyborg i januar i år sytti og måtte med det gå av for aldersgrensa. Då var det duka for nye forviklingar.

Både i Danmark og i Noreg vert professorar nær automatisk gjevne emeritusstatus når dei går av for aldersgrensa. Det tyder at dei kan halda fram med å nytta kontor og forskingsfasilitetar ved universitetet og at dei kan representera den tidlegare arbeidsplassen sin når dei publiserer eller held føredrag.

Nyborg fekk ikkje status som emeritus, noko som har gjeve Nyborg problem sidan han har ynskt å halda fram med forskinga si. Instituttstyrar Jeppesen kunne den 25. januar i år fortelja Jyllands-Posten at årsaka til at Nyborg ikkje fekk emeritusstatus, var at «han ikke passer til vores værdier».

Men dette var ikkje nok: I eit brev til Nyborg, som hadde vore tilsett ved instituttet i 39 år, skreiv Jeppesen at Nyborg ikkje fekk halda den tradisjonelle, offentlege avskilsførelesinga ved instituttet.

Frikjend på alle punkt
I mellomtida arbeidde UVVU med saka. Utvalet var samansett av fem professorar, ein lektor og ein domar. Det var eit stort materiale Nyborg bad dei taka stilling til, men hovudsaka var brevet der dekanus hadde «friteke» Nyborg for professorstillinga.

I brevet stod det mellom anna at Nyborg hadde «udvist en groft uagtsom adfærd, der indebærer en utilbørlig vildledning om egen videnskabelig indsats», og at han altså hadde «publiceret en helt utroværdig og værdiløs under­søgelse». Den 3. juli kom domen. Helmut Nyborg er «renset for alle anklager om videnskabelig fusk og uredelighed».

UVVU skriv at mange av skuldingane mot Nyborg botnar i usemje om kva slags statistiske metodar som bør nyttast ved intelligensforsking, men at dette må avgjerast gjennom debatt forskarar imellom og ikkje ved politiske eller rettslege føringar.

I ein kommentar til Jyllands-Posten den 4. juli sa dekan Sven Hylleberg fylgjande: «Nu vil jeg læse afgørelsen grundigt, men umiddelbart har jeg svært ved at tro, at den kan ændre min opfattelse.»
Hylleberg er elles professor i sosialøkonomi.

Det som ikkje kan seiast
– Om du ser på gruppeskilnader mellom kjønn og rasar, så er du ikkje berre suspekt, du er amoralsk, seier Helmuth Nyborg.

Professor Nyborg seier til Dag og Tid at han var fullt ut klår over at det måtte verta bråk då han gav seg i kast med forsking på ulikskapen i intelligensnivå mellom menn og kvinner.

– Innanfor psykologien kan ein ikkje tillata seg å tala om intelligens; ein kan ikkje måla intelligens og ein kan ikkje rangera folk etter intelligens. Heile intelligensfeltet er eit såkalla «no-go-area». Om du likevel vel å gå vidare, er du eit suspekt menneske, ein person som er viljug til å rangera andre menneske etter verdi. Og om du så ser på gruppeskilnader mellom kjønn og rasar, så er du ikkje berre suspekt, du er amoralsk.

– Er dette eit fenomen som avgrensar seg til Nord-Europa; du har fått mykje stønad frå nordamerikanske forskarar?
– Dette er ikkje spesielt nordeuropeisk. Presidenten ved Harvard, Larry Summers (tidlegare finansminister under Bill Clinton og ein av dei mest renommerte økonomane i USA, red.merk.) vart tvinga til å gå av då han i ein tale tillét seg å lansera intelligensskilnader mellom kjønna som éin forklåringsmodell på at det var så få kvinne­lege matematikarar og natur­­­­forskarar ved Harvard.

– Det vart for kontroversielt?
– Ja, og det endå det er veletablert kunnskap at spreiinga i intelligens er større mellom menn enn mellom kvinner. Det finst langt fleire lite intelligente menn enn lite intelligente kvinner; tilsvarande finst det langt fleire særs intelligente menn enn særs intelligente kvinner. Men det kunne ikkje Summers seia. Dette er ting ein ikkje skal tala om, og om ein likevel gjer det, ja, så får ein kjenna det.

– Men hadde du venta at det skulle gå så langt at du vart fjerna frå stillinga di?
– Nei, så langt trudde eg ikkje at det skulle gå. Det kom totalt overraskande på meg. Etter mitt syn er dette mellom anna eit resultat av den nye styrings­modellen i universitetssektoren som vi har fått her i Danmark. No vert leiarane ikkje lenger valde, men tilsette. Då får ein leiarar som tilpassar seg dei rådande politiske trendane. Leiarane har òg fått auka makt på kostnad av demokratiet. Også det opnar for misbruk.

– Men du har fått mykje stønad frå kollegaer?
– Ja, men det er ikkje tvil om at denne saka har gjort forskarar i Aarhus redde. Og redde forskarar er ikkje gode forskarar.

– Trur du at du får ei emeritusstilling etter dette?
– Ja, eg trur det.

– Er du lukkeleg no?
– Eg veit ikkje kva lukke er. Lukke kan ikkje målast, seier Nyborg med ein lett lått.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake