Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


«Litt mer rettssikkerhet»

Av Roald Helgheim
,  16.02.07


Hugsar du også at PST-sjef Holme, som har gjort framlegg om dette i eit brev til justisministeren, sa at det ville «styrke rettssikkerheten selv om utlendingen selv ikke skal bli gjort kjent med saken, før den er avgjort»? Hugsar du kva Erna Solberg sa? Ho sa: «Det er viktig at sakene går raskere, og at dette faktisk gir litt mer rettssikkerhet». «Litt mer rettssikkerhet» fordi ein handplukka, tryggleiksklarert advokat får innsyn i det hemmelege materialet, i motsetning til i Krekar-saka, der verken han eller advokaten fekk vite kva slags hemmelege papir utvisingsavgjerda mot han bygde på. Etter Solberg og PSTs oppfatning av kva som er «litt mer rettssikkerhet», ville ein Krekar sikkert ha vore ute av landet for lenge sidan. Utan å få innsyn i dei hemmelege aktene, men gjennom å reise saka i all offentlegheit, har dei retta eit pinleg søkjelys på sakshandsaminga, om vedtaket om utvising står aldri så mykje ved lag.

Det betimelege spørsmålet er korleis ein politikar som Erna Solberg kunne sleppe unna med slik hårreisande omgang med hevdvunne rettsprinsipp. Det har sjølvsagt med hennar tapte prestisje i denne saka å gjere, men ho reiser heilt andre fundamentale spørsmål, eksemplifiserte gjennom andre måtar å straffe folk på utan lov og dom. Eit ferskt døme er henta frå Sør-Afrika, der to fetrar risikerer å få sperra kontoane sine fordi USA skuldar dei for å støtte terrorisme. Det fekk dei vite i ei pressemelding frå det amerikanske finansdepartementet (!), det same departementet som sytte for at Mulla Krekar hamna på terrorlista til FN. Formelt er det FNs sanksjonskomité som avgjer, men som Dag og Tid viste før jul, hamna Krekar der rett etter at han kom på lista til det same departementet, og norske styresmakter kan berre tvette hendene sine. Grunnen til at fetrane med etternamnet Dockrat enno ikkje har hamna på FN-lista, er at Sør-Afrika sidan årsskiftet har vore medlem av Tryggjingsrådet. Det er medlemene av dette rådet som utgjer Sanksjonskomiteen, som er ein leivning etter ein FN-resolusjon i 1999 mot Afghanistan. Difor er det fulle namnet framleis The Al-Qaida and Taliban Sanctions Committee, og dei vedtok 7. desember i fjor å føre opp Mulla Krekar frå Norge og Mohamed Mumu frå Sverige på ei liste der det står nesten 500 namn frå før, utan at nokon treng gjere greie for korleis dei hamna der. Det er hemmeleg, og ettersom komiteen tek avgjerdene utan å høyre den terrormistenkte sin versjon av saka, er alt i tråd med både PST-sjefen og Erna Solbergs oppfatning av kva som gjev «litt mer rettssikkerhet». Utan lov og dom råkar avgjerdene dei listeførde økonomisk og på andre måtar same kvar dei er i verda.

Dei to sørafrikanarane USA vil ha på lista, er ein muslimsk prest og ein lege. Presten blir skulda for å ha gjeve ein sum på storleik 400.000 kroner til eit fond som støttar Al-Qaida, ein annan blir skulda for å ha rekruttert sørafrikanarar til Al-Qaida-leirar. Det minner oss om dei høgrøysta påstandane frå norsk politi om pengeoverføringar frå norske miljø til internasjonale terrornettverk, saker som berre koka bort i kålen. Manipulasjon av etterretningsmateriale har blitt ein nasjonalsport under regimet til Bush. Det som har forpurra avgjerda i Sør-Afrika så langt, er at dei terrorstempla hadde råd til å skaffe seg advokatar som har bede den sør-afrikanske utanriksministeren om å få sjå kva skuldingane byggjer på, og å få rett til å forsvare seg. På spørsmål frå Politikens korrespondent i Sør-Afrika om det same, svarar utanriksdepartementet: «Vi er ingen domstol.»

Den sør-afrikanske terrorforskaren Anneli Botha seier til Politiken at ho held det for usannsynleg at Sør-Afrika vil gå imot fleirtalet i ein sanksjonskomité der alle vedtak må vere samrøystes. Sør-Afrika vil ikkje framstå som ein puddel i kampen mot terrorismen. USA venta med å leggje fram skuldingane for FNs sanksjonskomité til Sør-Afrika tok plass i Tryggjingsrådet i januar. Og ho legg til at det blir «ein interessant samanstøyt mellom behova det internasjonale samfunnet har for å kjempe mot terror, og dei omfattande garantiane til vern om rettane til individet som Sør-Afrika i 1996 bygde inn i den nye grunnlova, etter å ha sagt farvel til det rasistiske og svært undertrykkjande apartheidsamfunnet».

Det er ein kommentar med historisk sus over. Det er ingen prinsipiell skilnad mellom desse måtane å omgå internasjonal rettspraksis på, og måten Bush-regimet innførde militærtribunal mot Guantánamo-fangane på. Militærtribunala vart kjende ulovlege i USA, men det tok ikkje styresmaktene lang tid å få i stand «kompromiss» i presidentens favør. Uansett sit fleire hundre framleis som fangar, på ein base der det norske Kværnerkonsernet har sytt for at både infrastruktur og vakthald fungerer som det skal, akkompagnert av talsmenn frå konsernet som ikkje kan fatte at dette er å gå ærendet til dei som har sett i system brot på internasjonale konvensjonar.

Sanksjonssystemet i FN var opphavleg innretta på statar, med tilsvarande internasjonale domstolar. Eit tilsvarande system var ikkje laga for individ, men vi fekk ein sanksjonskomité utan tilsvarande domstolar, og i praksis med domsmakt, då det utan at vi får innsyn i grunnlaget, får alvorlege følgjer for den det råkar. Framlegget frå ein PST-sjef i eit land med andre demokratiske tradisjonar enn Sør-Afrika, er av den same ulla.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake