Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Verda styrd av ein elefant?

Av Roald Helgheim
,  02.02.07


Han har vore ein av dei beste kommentatorane i Herald Tribune i ein liten mannsalder. Forfattar og aktiv samfunnsdebattant sidan femtiåra, og ein konstant opposisjonell til dei rådande doktrinane i Det kvite huset, anten det sit demokratar der eller republikanarar, «born again»-kristne eller berre søndagskristne som passar på å vinke med Bibelen når dei går med familien i søndagskyrkja. Ingen av dei har vore i stand til å kome med eit brukande alternativ til Bushs øydeleggjande doktrine, då dei anten er gislar for si eiga tidlegare støtte, eller fordi også dei ligg under for trua på USAs historiske misjon.

Det botnar i det han kallar «eit større intellektuelt mistak» få eller ingen har gått til rota av, men som sist så misvisande vart tillagt den ruvande politiske analytikaren George Kennan, som nyss gjekk bort i ein alder av 101 år. Han stod for ein tolmodig politikk for oppdemming – containment – mot det dåverande Sovjetunionen. Men på seks tiår har det blitt til eit enormt prosjekt for å få slutt på «alt tyranni i verda».

«Bush-administrasjonen forsvarar arbeidet for dette målet med midlar som internasjonalt ulovlege, ‘førebyggjande’ åtak på andre land, akkompagnert av vilkårleg fengsling og bruk av tortur, ved å gjere krav på at USA har ein eineståande status mellom nasjonar, som pålegg det særlege internasjonale plikter og ansvar, og eineståande privileg i fullføringa av dette ansvaret». Med denne lakoniske måten å formulere denne misjonen på, har Pfaff i utgangspunktet torpedert han.

Andre leiarar før Bush jr. har gjort krav på særstatus i mindre saker enn dette, og det er å likne med nasjonalt kjetteri å ymte om at USA ikkje har nokon unik moralsk status eller rolle å spele. Men det har USA faktisk ikkje, konstaterer Pfaff, og eg minnest då nyomvende gammalliberalarar som Robert Kagan gjennom Makten og paradiset og Paul Berman i Terror og liberalisme leverte den «intellektuelle» ammunisjonen dei nykonservative trong. «Amerika og Europa i den nye verdensorden» var til alt overmål undertittelen til Kagan, som skulle forklare kvifor USA både hadde rett og plikt til å bruke den makta som var gudegjeven dei. Dette er ei «nasjonal innbilskheit», skriv Pfaff, og ein arv etter dei calivinistiske kolonialistane i New England, ikkje etter kjøpmennene i Virginia, kvekarane og katolikkane i Pennsylvania og Maryland eller andre, som ikkje hadde slike idear.

Til og med den nykonservative Francis Fukyama har i den siste boka skjøna dette. Pfaff viser til ein tale Condoleezza Rice heldt i 2003 då ho var nasjonal tryggjingsrådgjevar. Tida var inne til å gje avkall på det prinsippet om maktbalanse mellom suverene statar som i 1648 vart knesett i Westfalen-traktaten. Det enda berre med krigar. FN var eit ubrukande organ som ei ikkje-diskriminerande forsamling av statar, og måtte difor bytast ut med ein «definitiv verdsautoritet», utgjord av ein allianse mellom demokratia, meinte Rice. Maktbalansen hadde hindra nokre krigar, men hadde ikkje fremja ein «enduring peace» – varig fred. Kva er det han heiter, krigen i Afghanistan, Operation Enduring Freedom? Den logiske avløysaren for maktbalansen er i praksis å overlate alt til ei overmakt, og både den profesjonelle politiske eliten og opinionen elles i USA synest tru at heile det internasjonale systemet «naturleg» rører seg i retning av ei USA-leidd konsolidering, av ein demokratisk autoritet over alle internasjonale spørsmål.

Det første halvtanna hundreåret av historia til Dei sameinte statane var ikkje plaga av denne nasjonale myten, men alt endra seg då Woodrow Wilson som førstemann sa han trudde han var utvald av Gud til å leie eit USA som viste verda vegen, skriv Pfaff i det store essayet sitt i The New York Review of Books. Han viser korleis USA i fotefara til John Foster Dulles (utanriksministeren til Eisenhower) og den kalde krigen har tilteke seg ei messiansk rolle, som i Midtausten åleine styrer to ruinerande og vedvarande krigar, og som har medverka til å forverre situasjonen både i Libanon, Palestina og Israel. Men kvar kjem elefantmetaforen inn?

Det er Michael Mandelbaum, som i ei ny bok kalla verdsmakta til USA A Case for Goliath. Han likna USAs herredømme over verda med måten elefanten herskar over dei afrikanske savannane på: Ein roleg Goliat som held dei kjøtetande rivalane på respektfull avstand, mens han syter for næring til eit varierande utval av mindre kreatur, når han sjølv ruslar rundt og skaffar seg sjølv føde. Alle veit at USA ikkje er ei rovdyrmakt, så alle nyt godt av den stabiliteten vi syter for, meiner Mandelbaum. Pfaffs kommentar er at elefantar er også kjende for å trampe ned folk, rive opp avlingar og hagar, velte tre og hus, og av og til blir dei galne. Dessutan er «amerikanarar» også kjøtetarar. Administrasjonen i USA har gått til åtak på den eksisterande internasjonale ordenen, gjennom å føre ein politikk for å setje til side internasjonale avtalar og konvensjonar, og gjeninnføre tortur og vilkårleg fengsling på uviss tid, til ei høgare form for «sivilisasjon».

Kvar er stabiliteten, spør Pfaff, som meiner politikken til USA har ført til den største politiske, økonomiske, sosiale og kulturelle destabiliseringa verda har sett sidan den andre verdskrigen. Det har ført til det som mest liknar på «den konstante revolusjoneringa av produksjonen, den uavbrotne øydeleggjinga av sosiale tilhøve, evigvarande uvisse og uro», siterer Pfaff – frå Det kommunistiske manifest.   




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake