Dag og Tid nr. 48, laurdag 27. november 2004

Treholt-saka:
Nakenstripping, isolat og  væpna vakter

Dag og Tid har fått tilgang til Arne Treholts private arkiv. 11,5 hyllemeter plassert i Arbeiderbevegelsens arkiv.

Svein Gjerdåker
svein@dagogtid.no

Nedsota vindauge, isolat, rømmingsplanar, nakenstripping, væpna politi ved framstillingar. Soningsvilkåra til Arne Treholt inneheld det meste.

All korrespondanse til og frå Arne Treholt då han sat i fengsel, finst i arkivet – i alt 24 boksar, inkludert alle søknader og svar om framstillingar, permisjonar, tilgang til telefon og besøk i fengslet.

Basert på dette arkivet har vi laga ein presentasjon av fengselsregimet til Arne Treholt:  

20.01.84. Arrestert på Fornebu.

20.01.84 – 05.03.84. I varetekt på politihuset i Oslo i 7. etasje. Døgnkontinuerleg overvaka av 3-5 personar. Lyset var alltid på i cella. Nedsota vindauge førte til tap av døgnkjensle. To vakter sat ved inngangen til døra når han skulle sova. Dodøra måtte stå open. Treholt fekk lufting først etter ei veke. Luftinga skjedde med handjern, på taket. Etter ei tid fekk han høve til å trena i kuverten på politihuset.
 
05.03.84. Overførd til Drammen kretsfengsel, kvinneavdelinga. Dei to næraste cellene var tomme. Vaktene hadde i starten instruks om å kikka inn gjennom celleluka kvart femte. minutt. Treholt sat isolert frå dei andre fangane fram til juni 1985. Treholt trefte Shelly Steele i fengslet og kom til å fungera som støttekontakt for Steele i lekselesing. Steele og Treholt vart seinare gifte. Treholt fekk ingen regelmessige besøk før april 1985, men faren fekk besøkja han fleire gonger.

20.06.85. Dømd til tjue års fengsel.

29.07.85. Overførd til Ila. Først ei veke på isolat, deretter plassert på avdeling K. Avdeling K har åtte celler som vender ut mot gangen. Korridoren er to meter brei og femten meter lang. Treholt sat saman med fleire psykotiske fangar som var overførde frå det nedlagde Reitgjerdet, og som sat for drap og valdtekt. I nabocella sat ein periode ein sterkt sinnslidande fange som var til kontinuerleg plage. Venen Egil Ulateig fekk status som Raudekross-gjest og besøkte Treholt ofte. Det vart også lagt romslegare til for besøk frå familie og vener. Også pressa slapp til.
 
19.06.86. Avslørd for å planleggja flukt.

20.06.86. Overførd til avdeling M på Ullersmo. Sat i starten på ei celle på seks kvadratmeter 20 timar i døgeret. Hadde ikkje tilgang til fellesskapsaktivitetar. Luftebingen var på 14 x 27 meter, inngjerda med netting og piggtråd. Einaste synsinntrykk var sprinklar, netting og piggtråd. Broren Thor Treholt måtte på eit besøk like etter overføringa til Ullersmo snakka med Treholt gjennom ein glasvegg. Det var i ein periode berre faren som fekk besøkja han.

1987. Tryggingtilhøva vart trappa ned og avdramatiserte. Underdirektør Tjønnøy ved Ullersmo gjorde det fleire gonger klart at Treholt skulle handsamast som dei andre fangane.

26.01.88. Ny innstramming av soningstilhøva etter at den spiondømde svensken Stig Berling rømde seinhausten 1987. Direktør Eigum sa på eit møte på Ullersmo:
«I behandlingen av Treholt må fellesskapets interesser gå foran individets interesser (...) Endringene i Treholts soningssituasjon er bestemt av forsvarssjefen etter råd fra sjefene i den sivile og militære etterretningsteneste» (sitert frå brev til fengselsleiinga frå Treholts psykolog som trakk seg fordi han ikkje lenger fann det «mulig eller etisk forsvarlig å fortsette som psykolog for Arne Treholt»).

15.05.88. Psykiatrisk vurdering av soningstilhøva til Treholt. Rapporten tilrådde straks å letta soningstilhøva for å unngå alvorlege helseskadar.

08.08.88. Overførd frå Ullersmo tilbake til Ila. Sona i starten under maksimalt vakthald på Ila. Fengslet fekk oppretta fleire ekstraordinære stillingar som berre skulle ta seg av vakthaldet av Treholt.

08.06.90. Treholts første permisjon (tolv timar frå 09.00-21.00) etter 6 1/2 år i fengsel. Normalt skulle han hatt første permisjon etter 4 år. Han var den einaste langtidsfangen ved Ullersmo som ikkje hadde fått permisjon etter 4-årsregelen sidan 1986.  

26.11.90. Treholt søkjer om nåde av helsegrunnar. Avslag.

28.05.92. Kona Shelly Steele døyr.

03.07.92. Gjeven nåde av Kongen i statsråd.   

Framstillingar
26.06.86. «Det er bestemt at De inntil videre kun kan motta besøk av Deres far Thorstein Treholt og Deres forsvarere. Besøk av deres far vil bli kontrollert.»
Kjell Tjønnøy, Ullersmo landsfengsel


18.11.87.
«Etter å ha fått en samlet oversikt over antall fremstillinger, er det gitt signaler om at fremstillingene skal reduseres for fremtiden (...) På bakgrunn av ovennevnte kan det ikke forventes fremstillinger til Deres sønn.»
Jan Magne Lyngvær, Ullersmo  landsfengsel


21.12.89.
«Fengselsstyret tar ikke til følge klagen fra Arne Treholt over direktørens avslag på hans søknad om permisjon i julen. (...) Avslaget bygger på en vurdering av så vel faren for svikt som de mulige konsekvenser av en eventuell svikt. (...) det er ikke tilstrekkelig overbevist om at domfelte vil vende tilbake til anstalten ved permisjonstidens utløp.»
Nina Messel, Fengselsstyret
Nakenstripping
30.01.90. «Jeg finner således ikke å kunne etterkomme din anmodning om å slippe kroppsvisitasjon i forbindelse med besøk.»
Rune Trahaug, Ila landsfengsel

15.03.90. «Etter besøket ble det foretatt kroppsvisitasjon av deg, men du nektet å ta av deg trusen etter at tjenestemannen hadde gitt ordre om det. (...) I medhold av fengselsloven refses du med 4 – fire – dagers innsettelse i enerom. (...) med en prøvetid på 3 måneder.»
Sjur Skjævesland, Ila landsfengsel
Telefontilgang
30.05.89. «Etter bestemmelsene kan det gis samtaler av inntill 20 minutters varighet pr. uke. De tyve minuttene kan deles opp i flere samtaler av til sammen tyve minutters varighet (...) Jeg kan ikke se at du har behov som skulle tilsi at din telefonadgang ikke begrenses av dette regelverket.»
Sjur Sjævesland, Ila landsfengsel.
Politioppbod
10.11.86. Lillestrøms røntgeninstitutt. Handjern, tre vakter og tre tenestemenn frå Overvakingspolitiet. Handjern på også ved røntgen-fotograferinga.

16.05.87. Bryllaup i Trefoldighetskirken. Utan handjern, to vakter.

14.10.87. Rikshospitalet. Handjern. Tre vakter. Handjern på også under konsultasjon.

25.10.89. Sjukebesøk hjå faren på Brandbu, som nyleg hadde hatt hjerneslag. Fem vakter, tre frå fengslet og to tungt væpna politifolk. Ein representant frå fengslet var heile tida til stades inne på rommet der far til Arne Treholt var sengeliggjande.

08.11.89. Operert for beinskade. Seks vakter; fire frå fengslet, to frå politiet. Politiet var væpna.

22.11.89. Framstilling til Arbeiderbevegelsens arkiv. I alt deltok ni vakter i operasjonen. Fire fengselsvakter var saman med Treholt i ein bil. Bilen vart følgd til og frå Ila av ein politibil med tre polititenestemenn i battledress. To sivile polititenestemenn stod utanfor inngangen med walkietalkie ved tilkomst og avreise.


Tek ikkje sjølvkritikk

– Eg meiner at Treholt vart handsama temmeleg likt andre langtidsdømde, seier tidlegare direktør for fengselsstyret Rolf B. Wegner.
Svein Gjerdåker
svein@dagogtid.no

– Opp til åtte personar for å passa på ein mann som skal opererast, inklusive tungt væpna politimenn. Det høyrest mykje ut?
– Det kjem litt an på kva ein hadde av opplysningar på det tidspunktet, og det har ikkje eg oversikt over no. Om det er indikasjonar på at ein langtidsdømd fange kan få hjelp av utanforståande til å rømma, må tryggingstiltaka dimensjonerast deretter.

– Men åtte mann?
– Eg kan forstå at utanforståande, som ikkje kjenner til vurderinga som låg til grunn for tryggingstiltaka, synest at det var noko overdimensjonert. Men det var ikkje noko poeng, korkje for politiet eller fengselsstyresmaktene å kasta vekk pengar på meiningslause tryggingstiltak. Slik som situasjonen var den gong, var tiltaka forsvarlege.

– Mitt inntrykk er at det var gjort freistnader på, frå arrestasjonen, via rettssaka og til fengslet, å skapa inntrykk av at her har vi med ein farleg mann å gjera. Kva hadde skjedd om Treholt hadde rømt i 1989?
– Fengselsvesenet må sørgja for at langstidsdømde ikkje forsvinn, sjølv om dei ikkje er farlege drapsmenn. Ein spiondømd kan representera ein særleg risiko for samfunnet dersom han kjem i kontakt med dei gamle oppdragsgjevarane sine. Det måtte vi forhindra.

– Det må likevel vera ei etisk grense ein stad. Ein kan jo ikkje sikra seg mot alle moglege tilfelle?
– Det er rett at det er ei slik grense, men eg føler meg sikker på at denne grensa i dette tilfellet ikkje vart overskriden.

 – Du vil ikkje ta sjølvkritikk?
– Nei.

– All denne strippinga – var det naudsynt på femte-sjette året? Ein måtte jo då etter kvart vita at Treholt ikkje dreiv med narkotika, og nøgd seg med nokre rutinesjekkar i ny og ne?
– Eg er klar over at kroppsvisitasjon er eit inngripande tiltak og at det vert opplevd som svært ubehageleg og kanskje også krenkjande. Ikkje dess mindre vil kroppsvisitasjon av og til vera naudsynt.

– Her vart det ikkje berre av og til, men svært ofte?
– Det kan eg ikkje kommentera. Eg hugsar i dag ingenting om grunnlaget for kroppsvisitasjonane.

– Ingen kommentar
– På grunn av teieplikta og personvernet vil eg ikkje uttala meg om denne saka, seier Knut Eigum, tidlegare direktør ved Ullersmo.

– Så du vil ikkje kommentera om du i ettertid synest fengselsvilkåra for Treholt var for strenge?
– Nei.

– Men dette er jo såpass langt tilbake i tid?
– Det hjelper ikkje.

– Du kan jo koma med ein generell kommentar?
– Generelt kan eg seia at det fengselsregimet som var den gong, og som vi har i dag, er eit temmeleg liberalt system.

– Det kan vera, men meiner du at Treholt vart utsett for eit liberalt system?
– Eg aktar ikkje å svara på det.

– Som tidlegare direktør er det jo interessant å vita kva du meiner om dette i dag?
– No har du fått svaret mitt, eg er ferdig med denne saka.      
 
– Burde letta soninga
– Alle som vert overførde på grunn av fare for rømming, vil i ein periode verta underlagde strengare soningsvilkår enn andre, seier Kjell Tjønnøy, som var direktør ved Ullersmo då Treholt vart overførd frå Ila.
Tjønnøy tek likevel ein viss sjølvkritikk.
– I ettertid ser eg at fengselsvilkåra til Treholt burde vore mjuka opp på eit tidlegare tidspunkt. Ulike grunnar gjorde at det likevel ikkje skjedde.

– Kva med nakenstrippinga, burde dei også vore letta på langt tidlegare?
– Etter at vi lærde han å kjenna kan det vera argument for det, ja.

– Men du tok ikkje initiativ til det?
– Her er det reglementet som kjem inn. Det er ikkje så lett å gjera unnatak for einskildfangar.

– Kva med dei store tryggjingstiltaka rundt framstillingane?
– Treholt hadde mange framstillingar i mi tid der det berre var to tenestemenn med – og det fungerte heilt greitt. Kvifor tiltaka rundt framstillingane du nemner frå 1989, var så store, kan eg ikkje svara på. Det høyrest overraskande mykje ut på meg.  

– Synest du Treholt samla sett vart underlagd eit urimeleg strengt fengselsregime?
– I ettertid kan ein absolutt stilla spørsmål om regimet var for strengt. I dag er det kanskje lettare å sjå det. Saka var oppblåst, der og då var det ei særs komplisert sak.

– Gode vilkår
– Treholt budde på eit vanleg rom i politihuset. Han kunne tinga den finaste mat frå kantina. Dei som passa på han, spelte kort med han og han fekk sjå på utvalde fjernsynsprogram. Det er truleg ingen varetektsfangar som har hatt så rimelege vilkår som han. Etter mi meining har han ingen grunn til å klaga, seier Jostein Erstad, overvakingssjef og ansvarleg for fengselsvilkåra til Treholt.

– Men kvifor fekk han ikkje skru av lyset om natta?
– Det er mange som alltid må ha lyset på i cella. Dette var gjort ut frå ei vurdering av den psykiske tilstanden. Dette var ei alvorleg sak, der ein måtte bruka sterke tiltak.

– Men kva med den psykiske tilstanden?
– Det må vi sjølvsagt vurdera til kvar tid. Lyset var på for å sjå at han ikkje gjorde seg sjølv noko. Det var av omsyn til han sjølv at vi gjorde det.

– Så du vil ikkje ta sjølvkritikk?
– Eg veit ikkje om ein fange i Noreg som har hatt det slik som han. Han hadde det så godt som ein kan forventa i ein slik situasjon.

– Kva med det store politioppbodet på kvar minste framstilling?
– Du er vel klar over kven han hadde arbeidd for? Og kven var interesserte i at han kom ut av fengslet? Det var KGB. Så tryggingstiltaka var naudsynte.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |