Dag og Tid nr. 47, laurdag 20. november 2004

Bøker:
Kjartan Fløgstad er vreid
Vreid som Vingtor då han vakna. Dette er norsk målstrid på sitt beste. Polemisk på grensa til det usaklege, skriv Pål Bakka.

Kjartan Fløgstad:
Brennbart
Gyldendal

Brennbart er eit innlegg om nynorskhatet i Noreg. I form er boka mest av alt ei essaysamling. Men tematisk er ho ei soge om historia om språkstriden i Noreg etter 1945; med vekt på den nynorskhatande «diskursen» som Fløgstad hevdar både i form av aggresjonsnivå og i form av «argument» ville vera uanstendig eller straffbar på andre samfunnsområde. Det vi på 1970-talet gjerne kalla ein fascistoid diskurs.

Fløgstad har grunn til å vera vreid. Nynorsken er under press meir enn nokon gong. Oslo Unge Høgre har fått gjennomslag i sin evige strid mot sidemålsstilen. Universitetet i Oslo vil helst sleppa å bruka nynorsk. Det er ikkje rom for nynorsk i aviser som Aftenposten og Dagbladet. Det nye fleirkulturelle Oslo treng ikkje det gamle kulturelle mangfaldet med to jamstelte skriftspråk.

Men fell sidemålsstilen i Oslo, fell nynorsken i heile riket. Då vert nynorsken usynleg i rikshovudstaden og dermed i dei tabloidiserte media som har okkupert det rommet norsk offentleg samtale skulle gått føre seg i. Nynorsken vert som ein bondeknøl som vil inn i Tostrupkjellaren utan å vera medlem i presseklubben.

Marknadskreftene
Men, hevdar Fløgstad: Dersom nynorsken vert trengd ut av det offentlege rommet, raknar det kulturpolitiske kompromisset mellom by og land som det norske demokratiet er tufta på.
Og det er nett det «nynorskhatarane» vil. Fløgstad ville ikkje vore gammal marxist dersom han ikkje meiner å sjå marknadskreftene som drivkrafta attom dagens språkpolitikk. «På det kulturelle planet handlar marknadslogikken om å utsletta fleire og fleire former for sosialt samliv og daglegliv, språkformer, talemåtar, lokale band, alt som står i vegen for kolonisering ovanfrå. Denne totalitære marknadslogikken ligg også bak den nye offensiven i kampen mot nynorsken. Den såkalla frie konkurransen krev einsretting.»
Det er «globalisering, vendt innover».

Meldaren vil ikkje gå god for nett denne årsaksforklaringa. Han vil heller ikkje gå god for at «nynorskhat» berre har sitt opphav i det sjølvhatet som kjem av å måtta fornekta opphav og røter. Til det er det for mange plattyske innvandrarar mellom dei.

Dagbladradikal
Fløgstad si skildring av den vitskaplege diskursen om målstriden er det beste i boka. I den mon boka har ein skurk, er det historikaren Hans Fr. Dahl, medieprofessor, journalist, Quisling-biograf, rikssynsar og rikskaklar. Fløgstad viser til fulle at Dahl i si handsaming av målrørsla sitt tilhøve til NS (m.a. i Norsk idéhistorie) anten ikkje kan stoffet eller fer med løgn. Og at Riksmålsforbundet kom ut or krigen med riper i lakken som kravde massiv skadekontroll. Hans Fr. Dahl er dagbladradikal – og difor revisjonist av natur. Han har kan henda prøvd å forstå Quisling og NS til dei grader at det verkar som om han tilgjev. Men det skal i vår tid lite til for å koma på kant med ortodoksien innanfor fascismeforskinga – som har sine eigne statstilsette tempelherrar.

Dersom det er slik at tenkjande riksmålsfolk for alvor meiner, slik Fløgstad hevdar, at det er eit åndeleg fellesskap mellom naziteoretikaren Alfred Rosenberg og Ivar Aasen, utover at begge trudde på ei evig og uforanderleg folkesjel som manifesterer seg i eit lokalt språk, ville eg ha sagt meg samd med Fløgstad. Men å lesa Hans Fr. Dahl si formulering i Norsk idéhistorie om at «Det fantes målfolk som så det slik at Ivar Aasens verk ble videreført
av ideologer som Alfred Rosenberg i Tyskland og Vidkun Quisling i Noreg» som ein slik påstand, går over mine tekstkritiske evner.

Derimot vitnar påstanden om at «Andelen av mål- og norskdomsfolk som sluttet opp om Quisling, var ikke ubetydelig», om at Dahl har ein omtrentleg omgang med historiske kjensgjerningar. Den som vil, kan lesa dette som eit døme på «nynorskhatande diskurs».

Ikkje plass til NS
Dahl har kan henda gløymt alt han må ha kunna om NS sin politiske geografi. I «motkulturen» på Sør- og Vestlandet var det ikkje plass til NS. Men Fløgstad har ikkje fått med seg at den amerikanske statsvitaren Lipsets klassiske tese om fascismen som «opprør frå sentrum» refererer til det partipolitiske, ikkje geografiske sentrum. Omsett til Noreg skulle vi venta at Venstrefolk skulle røysta NS. Noko dei ikkje gjorde – aller minst i partiet sine kjerneområde på Vestlandet. Venstrefolk var fornøgde med Venstrestaten slik han hadde vakse fram etter 1884 og 1905. Nasjonen var bygd og venstrefolk av alle slag var viljuge til å verna han mot både indre og ytre fiendar.
I motsetnad til DNA, som forstod dette etter 1923 og difor vart revisjonistisk, forstod
Quisling det aldri. Like lite som AKP (m-l) forstod at det norske folket treivst i arbeidarpartistaten.

Elegant
Fløgstad koplar på ein svært elegant måte Dahl sitt vrengjebilete av målrørsla under krigen opp til ein kritikk av revisjonismen som reiskap for spreiing av myten om det «gode diktatur». «Samstundes opnar normaliseringa av nazismen også for forståinga av at det kan vera naudsynt å ta i bruk autoritære styreformer for å sikra det liberale demokratiet.» Dette er ei sterk melding. Korkje Dahl eller andre i hovudstadsintelligentsiaen som har studert norsk fascisme eller freista forstå Hamsun, har «normalisert» nazismen. Eller er det slik at å freista å «forstå» nazistar automatisk er å normalisera nazismen?

Vel er det så at folk vert påverka av det dei les, men Fløgstad kjem farleg nær ved å bruka same diskurs som nynorskhatarane. Det er ikkje slik at du vert det du les. Den som studerer fascismen, treng ikkje verta fascist. Nynorskhatarane har ikkje monopol på fascistoid diskurs. Det er mogleg at den blømer best under totalitære regime. Men han gror godt i totalitære hovud også – utan omsyn til regime.

Når det er sagt: Brennbart er ei brennande sint lita bok som er ei lyst å lesa. Eit fantastisk godt stykke vreid retorikk. Polemisk på grensa til det usaklege – som tolkinga av Dahl si utsegn vitnar om. Men sakleg polemikk er no ein gong umogleg. Kan henda må polemikk vera prega av eit «aggresjonsnivå» og av «argument» som ville vera uanstendige eller straffbare på andre samfunnsområde.
Dersom ei sak ikkje innbyr til å snakka med store bokstavar, er ho kan henda ikkje verd å snakka om.
Pål Bakka

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |