Dag og Tid nr. 46, laurdag 13. november 2004:


Historie
– Forfalskar språkhistoria

Hans Fredrik Dahl driv med historieforfalsking når han framstiller målrørsla som NS-venleg, hevdar Kjartan Fløgstad i boka
Brennbart.
Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no

Hans Fredrik Dahl var redaktør for De store ideologienes tid, som var femte bandet av Norsk idé historie som Aschehoug gav ut i 2001.
– Kvifor får ein person med Hans Fredrik Dahls skandaliserte skjønn i oppdrag å skriva framstillinga av det tidsrommet i europeisk historie der skjønnet hans har svikta mest fatalt og der fiendskapen mot kunnskap har kome mest til syne, spør Fløgstad.
I boka siterer han flittig frå historieprofessor Odd-Bjørn Fures kraftige oppgjer med Dahl for nokre år sidan.
– I Noreg vert ikkje berre Dahls artiklar trykte i tabloidavisene. Dei vert kanoniserte som vitskap og idéhistorie, konstaterer Fløgstad.

Han omtalar Dahl som ein historikar som viser dårleg fagleg skjønn, og som skildrar krigen i Noreg slik eit moderat tidlegare medlem av Nasjonal Samling ville ha gjort det.
– I lys av denne konklusjonen må ein kunna gjenta og stadfesta at Hans Fredrik Dahl sjølv er mindre viktig enn dei representantane for forlagskapital og intelligentsia som har valt han ut. Og ikkje berre valt han ut: Etter at han leverte manus, har hans framstilling av idéhistoria passert forlagsredaksjonen (Harald Engelstad og Ivar Larssen-Aas) og blitt godkjend av verkredaktørane (Trond Berg Eriksen og Øystein Sørensen) og av forlagsleiinga (William Nygaard), så vidt eg veit utan motførestellingar.
Tidlegare har den akademiske litteraturvitskapen og forlagskapitalen streva med å kanonisera Knut Hamsun som den største romanforfattaren vår. Dei største forlaga våre, saman med offisiell litteraturhistorie og idéhistorie, ser med andre ord ut til å samstemma i at dei norske føregangsfigurane i det førre hundreåret begge var fascistar. Diktarhovdingen Knut Quisling og hovdingdiktaren Vidkun Hamsun. I så fall må dette vera ein viktig diagnose av det moderne Noreg. Men stemmer det? Og kven var dei føregangsfigurar for, spør Fløgstad.

Og han spør vidare kvifor det offisielle Noreg på nytt og på nytt støttar betremannsbarnet og den tidlegare radikalaren Dahls dragning mot mørkrets hjarte.
– Ikkje berre kanskje, men temmeleg sikkert stiller dette spørsmålet ein viktigare idéhistorisk diagnose på det moderne Noreg enn Hans Fredrik Dahls eiga idéhistorie. Er det intellektuelle av hans type dagens Noreg helst vil ha, spør Fløgstad.

Motkulturen
Eitt kapittel i boka har han kalla «Kven var fascistane?». Der viser han til noko Hans Fredrik Dahl skriv i Norsk idéhistorie:
«Andelen av mål- og norskdomsfolk som sluttet opp om Quisling, var ikke ubetydelig. NS-regjeringen var da også sterkt engasjert i slike ting som folkedans, bygdeungdomslag og alle slags norske og norrøne uttrykk og former. Det fantes målfolk som så det slik at Ivar Aasens verk ble videreført av ideologer som Alfred Rosenberg i Tyskland og Vidkun Quisling i Norge».

I boka viser Fløgstad til at dei geografisk-sosiale skilnadene i oppslutninga om den norske nazismen er grundig undersøkte. Og funna er eintydige: NS var i overveldande grad eit bybasert parti. Blant dei beste rekrutteringsområda var hovudstaden og kommunane kring Oslofjorden. I vestlege og sørlege kystområde mislukkast NS nesten fullstendig å vinna tilhengjarar både før og under krigen.

Fløgstad minner om at bedehusa, fråhaldslosjane, mållaga og den frilyndte ungdomsrørsla var ugjennomtrengjelege. Dei var immune.
– Legg ein kartet over nynorske skulekrinsar i 1940 over kartet som viser kor NS stod særleg svakt, ser ein nesten fullt samanfall. Der nynorsken stod sterkt, var NS veikt. Der NS var sterke,  stod nynorsken tilsvarande svakt. Unnataka som stadfestar regelen, er nokre kommunar i Setesdal og Nord-Gudbrandsdalen, der gammal «ættegardskjensle» og  ny kommunistfrykt slo gjennom.

Og Fløgstad summerer opp slik:
– Den motkulturelle immuniteten mot nazismen må seiast å utgjera eit viktig idéhistorisk funn. Utan faktagrunnlag og utan argumentasjon gjer Dahl denne motstandskrafta til det motsette, til ideologisk slektskap. Denne historieforfalsking kallar Aschehoug idéhistorie og gjev det ut i staselege band.

Kunnskapsfiendtleg
Fløgstad viser til at alle dei tre klassiske motkulturane stod sterkt i den perioden som er skildra i Norsk idéhistorie, men ingen av motkulturane ligg Hans Fredrik Dahls hjarte nær. Fløgstad minner om at nazistane streva hardt for å få kontroll over den store og viktige frilyndte ungdomsrørsla, men heilt utan hell. Denne avgjerande idékampen er fråverande i Dahls bok. Fløgstad viser til at når Dahl skriv om kristendom og religion, er han langt meir oppteken av (Undsets) katolisisme, (Fangens) Oxford-bevegelse og teosofi, enn av den mykje meir utbreidde lågkyrkjelege folkekristendommen.

– Den kunnskapsfiendtlege tendensen er sterk og systematisk, slår Fløgstad fast.
Hjå Dahl vert filologen Ingerid Dahl, som Trygve Bull kalla «ytterliggående ortodoks» riksmålsaktivist, til «den lærde lingvist og professor i germansk filologi siden 1939». Professor Gustav Indrebø er derimot ikkje lærd, og ikkje lingvist, men berre «fremtredende stednavnforsker». Kjeldene er ofte samde av di forfattaren har valt dei kjeldene han sjølv er samde med, påpeikar Fløgstad.

Han viser til at Dahl plasserer «norskdomsreisningens glanstid» til 1890-åra, men i heile det halve hundreåret som følgde, var målstrevet i sterk framgang. Opp mot ein tredjedel av grunnskuleelevane hadde nynorsk som opplæringsmål. Fram mot krigsutbrotet gjekk eit stadig stigande tal av skulekrinsar og kyrkjelydar over til nynorsk. På to år (før krigen) røysta meir enn 900 skulekrinsar inn nynorsk.

Nynorskframgang
Fløgstad fortel at den 9. og 10. april 1940 hadde riksmålssida tillyst store protestmøte mot rett-skrivinga av 1938. Dei vart avlyste, men enno medan kampane rasa på norsk jord, var framståande riksmålsfolk i full gang med å søkja først Administrasjonsrådet og sidan Nasjonal Samling om hjelp til å få omgjort stortingsvedtaket om den nye rettskrivinga. Sidan fekk dei NS-vennlege i Riksmålsforbundet både styret og landsmøtet med på samarbeid med Nasjonal Samling.

I Brennbart kjem Fløgstad med sterk kritikk av Lars Roar Langslet som skreiv soga til Riksmålsforbundets, I kamp for norsk kultur. Langslet brukar ikkje mange sidene på å fortelja om Riksmålsforbundet under krigen, men det som står, kommenterer Fløgstad slik:
– Riksmålsforbundets offisielle historikar fortel altså at det framlegget til landsmøtevedtak som vart avvist mot tre røyster, vart vedteke. Vedtaket gjekk i staden ut på det motsette. Mot eit lite mindretal vedtok det høgste organet i Riksmålsforbundet å innleia samarbeid med dei nazistiske styresmaktene for å få oppheva demokratisk fatta vedtak. Deretter refsar Langslet Mållaget for «formodentlig» å avvisa det framlegget landsmøtet i Riksmålsforbundet sjølv forkasta og aldri la fram. Til slutt lastar han det demokratisk sinna mindretalet i Riksmålsforbundet for å rippa opp i dette etter krigen, sidan det kan skada riksmålssaka. Om denne historieskrivinga kan det brukast sterke ord. Sjølv er eg knapt den rette til å ta imot vedkjenningar om anger og bot. Men for katolikken Langslet sin del er det å vona at han har ein storsinna skriftefar ikkje altfor langt unna, skriv Fløgstad.

Og han legg seinare til:
– I den nasjonal-liberale forteljinga om NS-styret vert språkhistoria snudd på hovudet. Samarbeidet til Riksmålsforbundet med Nasjonal Samling i kampen mot «det kothske knot» vert underslått, til liks med motstandslinja frå målrørsla og dei andre motkulturane.


Når verstingane brenner bøker

På verste Oslo vest har elevar ved den pene Persbråten og den endå penare Nissen vidaregåande skule brent nynorske ordbøker og prøvar. Kva skjedde etterpå, spør Kjartan Fløgstad.

Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no

I boka Brennbart dreg Kjartan Fløgstad ei line frå den dialekt-fiendtlege Vidkun Quisling og fram til gymnasiastane på Oslo vest som brenner nynorske skulebøker.

Dialektforakt
I boka byrjarFløgstad med eit hundreårsminne frå 1904. Han fortel om den 23 år gamle drengen Saamund Bergland som er på veg inn i Gjerpen prestegard med eit fang ved. Framfor hovudinngangen møter han den 17-årige Vidkun Quisling og nokre kameratar.
«Kan de flyttje dikkøn?» spør han.
Vidkun rikkar seg ikkje, Saamund må seia meir, og gutane ler.
«Det er et merkelig språk du har, Saamund», kommenterer Vidkun. Han vart sjølv plaga for å ha snakka fyresdølsk då han byrja på skulen i Drammen i 1893.
«Det målet ha’e vel du au, ein gong?» svarar Saamund.
Dermed går den kraftige Vidkun laus på den spinkle drengen, og det endar med at Saamund får lårbeinet sparka tvert av.

Kaudervelsk
I hundreåret etterpå lærde overklassen seg etter kvart eit minstemål av danning og sivilisert framferd i møtet med folk flest og talen til folket, konkluderer Fløgstad.
Han illustrerer skiljet mellom folket og overklassen ved å visa til ei reiseskildring frå 1847 av diktaren og geologen Theodor Kjerulf. Han hadde høyrt om Myllarguten og ville gjerne møta han. Han kom fram til det vesle huset hans, og der møtte han kona, som «pludrer nogle Ord, der for den uinviede lige godt kan være Spansk som Italiensk» – eit «kaudervelsk».

– Den språklege avgrunnen han opplevde på Haukeli, var utgangspunkt for den djupaste kulturkonflikten i det moderne Noreg. På det politiske planet har denne kløfta prega norsk politikk fram til denne dag, ikkje minst tydeleg under folkerøystingane om EF i 1972 og EU i 1994, skriv Fløgstad – og legg til:

– At kulturkløfta har blitt mindre avgrunnsdjup, er fortenesta til begge partar, men først og fremst ein triumf for målrørsla. Ivar Aasen viste at det språket som for Kjerulf like gjerne kunne vera spansk eller italiensk, korkje var kaudervelsk eller skrål. Etter kvart vart norsk forståeleg og til dels respektert, også mellom restane av den gamle koloniadministrasjonen.

Fløgstad viser til at i tillegg til det sosialdemokratiske klasseforliket, vart det inngått eit kulturforlik, som gjorde sivilisert samtale og samliv på tvers av sosiale skilje og dialektgrenser mogleg.

– Dette forliket har prega det norske samfunnet i heile hundre-året som sjølvstendig nasjon. Ikkje først og fremst som praktisk juss, men som regulativ idé har vedtaket om jamstelling mellom nynorsk og bokmål frå 1885 vore eit viktig kulturelt fundament. Sjølv om han ofte har verka fiktiv, har føresetnaden heile tida vore at me for det første har to jamstelte målformer i landet, og for det andre at alle kan begge målformer. Godtakinga av denne fiksjonen har vore eit norsk danningskriterium.

– I takt med det allmenne oppsvinget til ukontrollert pengemakt og høgrekrefter, med den såkalla postmodernismen som medfølgjande kulturell logikk, kan det sjå ut som om dette kulturforliket, eller danningskriteriet, no er alvorleg truga for første gong, hundre år etter den nasjonale frigjeringa, skriv Fløgstad.

Han viser til at politikarar frå fleire parti har nytta at nynorsk vert kalla «spynorsk» og ordlista «mordliste» som argument for å fjerna nynorskundervisninga i Oslo-skulen.

– Om ein høyrer uttrykk som «jødesvin» og «svartskalle», vert det meldt til politiet, ikkje brukt som argument mot dei minoritetane desse uttrykka ringeaktar og forhånar. I språkspørsmål er det utvikla ein diskurs der diskriminerande skjellsord ikkje berre kan seiast offentleg, men får applaus og sakleg tyngd, skriv Fløgstad.

Han viser til fleire døme på verste Oslo vest – på Nissen og Persbråten vidaregåande skule, der elevar har brent nynorske ordbøker og heildagsprøven i sidemål.

– Ved å setja fyr på skrifter dei ikkje liker, viser elevane at dei ikkje vil læra den nynorske varianten av sitt eige språk. Måten dei viser det på, tyder også på at dei ikkje ønskjer å læra av historia. Eller at verken den pene Persbråten eller den endå penare Nissen har lært elevane at det å brenna bøker tidlegare i historia har ført til at også andre ting har vorte sett fyr på. «Der ein brenner bøker, endar ein med å brenna menneske.»

– Kva hende etter bokbrenninga på Persbråten? Kva vil henda på Nissen? Kallar rektor inn til stormøte i aulaen? Får elevane refs, eller kanskje ros, for handlekraft og festlege aksjonsformer i kampen mot eit upopulært skulefag, spør Fløgstad.

Heimlaus
Han har også eit spark til Kristin Clemet og dei som ønskjer å fjerna både sidemålet og nynorsken.

– Dikting på nynorsk står sterkare enn nokon gong. Ikkje sidan Hamsun har ein norsk forfattar vore internasjonalt referansepunkt slik Jon Fosse er i dag. Samstundes arbeider styres-maktene, med byrådet i hovudstaden i spissen, iherdig for å gjera språket til Fosse heimlaust i eige land.

– Kva kjem først: Får Fosse Nobelprisen i litteratur før styres-maktene får avskaffa nynorsk som offisielt språk i heimlandet til diktaren, spør Kjartan Fløgstad.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |