Dag og Tid nr. 36, laurdag 4. september 2004:


Bøker
Stor erindringskunst

Det er ikkje kvar forfattar gitt å løfte litteraturen til noko meir og kvalitativt anna enn berre ord, ord og atter ord. Men Jarvoll greier det.


POETIKK
Svein Jarvoll:
Ustadighet. Ustadighet
H Press

Svein Jarvoll har ein spesiell posisjon i norsk samtidslitteratur. Omfattande kunnskapar i antikkens språk og litteratur saman med ein grensesprengande fantasi i form og innhald har gitt han ei plattform som er sjeldan her til lands, men meir vanleg ute i Europa. Og han skriv seg opp mot ein europeisk modernistisk tradisjon som frå starten omfattar namn som James Joyce og Marcel Proust, seinare Claude Simon, der stilen er forma av den frie tankeflyten, lange, ofte innfløkte setningar som kan gå over fleire sider, utan avsnitt, men med ein rytme som styrer lesinga. I norsk samanheng kan ein nemne Ole Robert Sunde som har mykje felles med Jarvoll, også Stig Sæterbakken, men der Jarvoll og Sæterbakken pendlar mellom det akademisk danna og det upolert folkelege språket, held Sunde seg innanfor den akademiske danninga.

Ei rad oppvisingar

Svein Jarvoll debuterte i 1984 med diktsamlinga
Thanatos, men det var først med romanen En Australiareise at han verkeleg viste seg fram og rydda seg ein plass blant dei fremste, og den seinare forfattarskapen har vist at dette ikkje berre var den eine, sensasjonelt gode boka, men den første i ei rad oppvisingar i stor skrivekunst i form av essayistikk, skjønnlitterær prosa og lyrikk der dei sprenglærde gjendiktingane av Arkhilokhos og Sapfo ragar høgt. Mindre kjend, men utruleg flott og morosam er Cornucopia jubilans eller Begeistringens overflødighetshorn, skriven i samband med 350-årsjubileet for Petter Dass i 1997.

Jarvolls forfattarskap omfattar i alt ni titlar. Den siste kom for kort tid sidan som bestillingsverk på det nystarta forlaget H. Press og er den første boka i Imperativ-serien som i alt skal omfatte 12 titlar, alle under fellesnemnaren «poetikk». Jarvolls bidrag er Ustadighet. Ustadighet, ei bok på vel 50 sider, og som minner meir om eit fragment enn eit fullført og avslutta verk.

«Poetikk» er læra om diktekunsten sitt vesen, om former og verkemiddel, og poetikken kan sporast tilbake til gamle Aristoteles og hans verk Poetica eller «Om diktekunsten» som den heiter på norsk i ei utgåve frå 1989. Det er ingen norsk tradisjon for å skrive poetikkar, men alle forfattarar vil sjølvsagt reflektere over form og verkemiddel i si praktiske skriving, sjølv om det nødvendigvis ikkje er innanfor ein teori eller ein systematikk. Når Jarvoll vel å levere ein skjønnlitterær og til ein viss grad sjølvbiografisk refleksjon og erindring rundt sin eigen oppvekst i Sigurd Johannesens vei på Nordstrand i Oslo i staden for eit lærd og teorietisk essay, ønskjer han vel å vise at poetikken ligg nedfelt i teksten.

Erindringskunsten

Det verkar som erindring er litteraturens eigentlege vesen, og dette demonstrerer Jarvoll ved å fortelje om den greske poeten Simonides frå Keos, gjengitt etter den romerske retorikaren Quintilians
Institutio oratoria der han gjer greie for korleis erindringskunsten oppstod, mnemoteknikken. Simonides hadde skrive eit hyllingsdikt som oppdragsgjevaren meinte gudane skulle honorere, ikkje han sjølv. I det gjestebodet der diktet blei framført, blei Simonides kalla ut på gardsplassen. I det same rasa huset saman og alle omkom. Men Simonides kunne i minste detalj gjengi bordplasseringa slik at alle dei døde blei identifiserte, og «det var gjennom denne Simonides’ erindring (...) at de etterlatte kunne ivareta dem som personer under begravelsesritene, ellers ville deres død bare ha vært en massedød i virvar: nå, etter Simonides’ systematisk-praktiske erindringsarbeid, kunne de begraves som personer, de var blitt tilstrekkelig individualisert til at pieteten overfor døden for de etterlatte ikke forble en vag fortvilelse, men kunne vende seg til en bestemt sorg knyttet til en bestemt person under en bestemt handling.»

Når Jarvoll viser oss dette sporet til Simonides og samtidig skriv om huset på Nordstrand og folka som budde der med seg sjølv som omdreingspunkt, glir dette på plass som mnemoteknikk, erindringskunst. Jarvoll sin poetikk er altså erindringa om seg sjølv og det som omgir han, svært detaljfiksert liksom detaljen utfyller heilskapen, svært språkbevisst og knytt til ei omfattande lesing av filosofi og litteratur der det heile fell på plass i eit overordna perspektiv. Så enkelt er det, og så vanskeleg, for det er ikkje kvar forfattar gitt å greie dette med å løfte litteraturen til noko meir og kvalitativt anna enn berre ord, ord og atter ord. Jarvoll greier det, og det er ei sann glede å lese han, frå første til siste bok, og når mykje av samtidslitteraturen er gløymd og borte frå erindringa, vil Jarvolls forfattarskap vere der, neppe i detalj, men som ei særprega stemme som gir ei like særprega stemning.

Oddmund Hagen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |