Dag og Tid nr. 32, laurdag 7. august 2004:


Bøker:
Bustadnamn i Østfold
Bustadnavn i Østfold kjem til å bli ein overmåte nyttig reiskap for namne- og historievitskapen. For første gong får vi eit samla oversyn over alle bustadnamna i eit fylke. Og nytten av dette store verket, og storverket, skulle gå langt utafor fagfolks rekkjer.

SAKPROSA
Kåre Hoel:
Bustadnavn i Østfold 5. Rygge og Moss.  
Utgitt av Seksjon for navnegransking, Institutt for
nordistikk og litteraturvitenskap, Universitetet i Oslo.
Ved Tom Schmidt. Oslo 2004

Mange nordmenn kjenner til at Norske Gaardnavne er eitt av våre nokså få nasjonale standardverk. Det byrja å komma ut på slutten av 1800-talet, og i år er det 80 år sia dei innpå tjue fylkesbanda var ferdig utgjevne. I Norske Gaardnavne blir kvart einaste av dei om lag 50.000 gardsnamna i landet vårt tolka og drøfta på ymse vis.

Her ligg òg noko av årsaka til at vi som nasjon på sett og vis er forholdsvis velorienterte om stadnamn: Gardsnamna, og meir sjeldan bruksnamna, har fått ein ny funksjon som slektsnamn. Det er nemleg ikkje samanstillinga Jan Johansen som speglar av den norske namnerøynda, heller Ola Berg. Dei fleste nordmenn har nemleg slektsnamn som Berg, Gjerdåker eller Bondevik, og dette er sjølvsagt med og gjev ein lokalknytt identitet hos den einskilde namneberaren.

I sommar har vi fått eit nytt skott på den ikkje ubetydelege norske litteraturen om denne namnetypen. Det er band 5 av Bustadnavn i Østfold, eit verk som er meint å skulle femne om heile Østfold fylke. Det blir utgjeve heradsvis, etter den heradsinndelinga som gjaldt fram til først i 1960-åra. Bandet i år femnar om Moss og Rygge, dei fire tidlegare banda har teke for seg granneherada nordaust for desse.

Supplement i 24 band

Frå først av var dette arbeidet tenkt å vera ein revisjon og eit supplement til Østfold-bandet av Norske Gaardnavne. Det har det òg vorte, men i tillegg har ein no teke med alle namn på bruk med fast busetjing, namn på husmannsplassar og elles namn på stader der ein veit folk har budd fast før år 1900. Slik sett får Bustadnavn i Østfold eit heilt anna omfang enn Norske Gaardnavne for Smaalenenes Amt frå 1897. Dette Østfold-bandet av Norske Gaardnavne fekk plass i eitt band medan Bustadnavn i Østfold blir på heile 24 band.

Dette omfangsrike arbeidet er livsverket til totningen og nordmøringen Kåre Hoel, professor ved det som enno først i 1980-åra heitte Norsk stadnamnarkiv. Hoel bruka vel 30 år av livet sitt til å fara rundt på markarbeid i Østfold, stort sett på sykkel, og utarbeide eit manuskript over bustadnamna her. Før utgjevinga har det vore naudsynt med ein gjennomgang av manuskriptet for å standardisere framstillingsmåten i dei ymse heradsbanda og å ajourføre manuskriptet med resultat frå nyare faglitteratur, i somme tilfelle og å komplettere med realopplysningar.

Her har dei to utgjevarane (Margit Harsson og Tom Schmidt) gjort eit dugande arbeid. Tom Schmidt har hatt ansvaret for utgjevinga av bandet om Moss og Rygge som no ligg føre. Det har vorte eit verk på knapt 470 sider.

Det som først og fremst slår ein når ein les i denne boka, er sjølve den store mengda av opplysningar. I starten av namneartiklane i hovudkapitla får vi namnet oppgjeve med ei fornuftig normering – vi slepp uhyrlegheiter som Ihlebæk  (for Ilebekk), for å plukke eit østfolddøme frå telefonkatalogen. Deretter kjem uttalen av namnet i ei lettleseleg lydskrift for kvarmanns auge, og så får vi gjengjeve dei gamle skriftformene av namnet. Til slutt blir så namnet tolka og drøfta med tanke på tyding og opphav, og da kan det ofte bli rom for mange realopplysningar. Det som utgjevarane har føydd til, er klart merka, så det er ingen problem med å sjå kven som er opphavsmann til dei einskilde tekstdelane.

Namneaggresjon

Det er elles tydeleg at utgjevaren av Moss og Rygge-bandet ikkje høyrer til blant dei som rugar over eigne funn og held opplysningar tilbake. Tillegga til Hoels tekst kan såleis bli heller voluminøse, sikkert til stor glede for mange lokalhistorisk interesserte og slektsnamnberarar av østfoldske gards- og bruksnamn. Dette ser vi t.d. tydeleg ved Krosser og Bellevue på Jeløya. Motenamnet Bellevue (frå fransk belle vue ‘vakkert utsyn’) greidde ein sorenskrivar å manøvrere inn som gardsnamn i staden for det gamle Krosser i 1837.

Slik oppynting av namn er ikkje ukjent frå andre stader av landet heller, og vi finn fleire liknande døme frå Østfold, og vi har hatt tilfelle med den slags namneaggresjon heilt fram mot våre dagar. Det er difor godt å vita at den revisjonen av Lov om stadnamn (frå 1990) ein no arbeider med, venteleg vil gjera slutt på slikt.

I tillegg til drøftinga av dei einskilde namna i hovudkapitlet er det òg mindre bolkar om bortkomne namn og gamle bygde- og fjerdingsnamn, eit spennande emne både for den språk- og historieinteresserte. Dessutan er det med eit større avsnitt om «topografiske ord», altså ord som berg, dal, vik, grind, hamn,-rød  (som er den østfoldske forma av rud) osb. Dette er både eit interessant og nyttig oversyn, men samstundes eit noko farefullt tema, slik som vi ser det for substantivet haug som skal karakterisere «(rundaktig) forhøyning i terrenget». Frå gammalt av vart det helst bruka (ein) hol om den rundaktige haugen.

Så har det òg vorte plass til eit oversyn over «noen spesielle navnegrupper», m.a. såkalla imperativsnamn (typen Kikut, Gata) og skjemtande eller nedsetjande namn. Dei siste typane har artige døme som Kattepina og Galantenborg. Til slutt i boka har vi så fyldige kjelde- og litteraturlister, og eit nyttig namneregister for den som raskt skal finne fram til sitt namn.

Nyttig reiskap

Eit samla inntrykk så langt for Bustadnavn i Østfold er at det etter kvart som banda kjem, vil bli ein overmåte nyttig reiskap for namne- og historievitskapen på ymse vis. For første gong vil vi no i Norge få eit samla oversyn over alle bustadnamna i eit fylke.

Men nytten av eit slikt verk skulle gå langt utafor fagfolks rekkjer. Her er det nemleg mykje stoff som burde vera av største interesse for både den profesjonelle lokalhistorikaren og den som er interessert i historia for nærmiljøet på eit meir amatørgrunnlag. I tillegg kjem så dei som bryr seg om namna i ein identitetssamanheng, t.d. som slektsnamn.

Også for skolane og biblioteka i Østfold burde boka om bustadnamna i Rygge og Moss vera ei gullgruve. Her finst det mykje materiale for særoppgåver og «prosjekt». Slikt sett kan vi trygt seie at denne boka både er eit stort verk og eit storverk.
Ola Stemshaug

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |