Dag og Tid nr. 26, laurdag 26. juni 2004
Roald Helgheim:
Mutasjonane er over oss
På framsida av Klassekampen denne veka las eg dette: «Det er ikke bare diskriminering som gjør at store innvandrergrupper ikke blir som de innfødte.» Sitat: Sigurd Skirbekk, sosiologiprofessor ved Universitetet i Oslo. Han har sagt det i eit radioforedrag i P2-akademiet, no trykt i Klassekampen. P2-serien skal bli bok, og tidlegare har Knut Kjeldstadli, redaktør av storverket om norsk innvandringshistorie, halde akademi under tittelen «Å vandre er å forandre». For Skirbekk, som nyttar tittelen «Innvandringspolitikk og ideologi», er både vandringa og forandringa ein trussel mot sivilisasjonen. Bak opplysninga om at «i løpet av de siste femti årene har vestlige land opplevd en innvandring som i størrelse overgår tidligere perioder», ligg synet av ein fleirkulturell skrekk-visjon, som Skirbekk i vitskapleg sjargong har måla med brei penn i fleire bøker.
Den største og viktigaste kom i 1999, attpåtil utgitt på eit fagbokforlag under tittelen Ideologi, myte og tro ved slutten av et århundre. P2-akademiet innleier han med å hevde at dei fleste meiningsmålingar i vestlege land viser at dei som vil ha mindre innvandring, er fleire enn dei som vil ha meir. Det viser at eliten (folk med høgare utdanning, i media og politiske parti) er i utakt med folket. Det har han også lese i ei bok av ein australsk sosiolog, men treng vi å reise så langt? Som medlem av den norske eliten må Skirbekk anten vere unntaket som stadfestar regelen, eller eit symptom på at også eliten hans snur kappa etter den populistiske vinden. I alle fall er innvandringspolitikken etter Skirbekk sitt syn inne i ei lite ønskjeleg utvikling, og grunnen er eit internasjonalt ideologisk hamskifte som i 1948 kom med Menneskerettsfråsegna til FN. Denne fråsegna sette dei medfødde
rettane til individet i høgsetet, medan både argument og ideologi før krigen sette omsynet til nasjonen sitt beste fremst.
I tesen om at alle menneske er fødde frie og like i verde og rettar, uavhengig av andre skilnader, ligg det i forlenginga at dei har dei same rettane «uavhengig av tilhørighet til noen bestemt kultur». Dette hindrar nasjonen i å slåst mot kulturar han ikkje likar, seier Skirbekk, og når det ikkje lenger berre er folk frå «nærliggende land» som flytter over landegrensene, vil det seie at «mange i dag beveger seg over betydelige kulturgrenser, noen vil si over sivilisasjonsgrenser». Og den opphøgde Menneskerettsfråsegna «har gjort det vanskeligere å ta opp igjen den kulturspesifikke argumentasjonen fra før krigen».
«Den kulturspesifikke argumentasjonen fra før krigen», det er verkeleg ord med historisk sus over, kledd i ein vitskapssjargong til å mildne dei med. Skirbekk var ikkje så redd for å vere «spesifikk» i boka si. Her skreiv han at det var rimeleg å forvente at «levedyktige samfunn utvikler institusjonelle forsvar om de meningsbærende mønstre i sin kultur». Elles står det funksjonelle samfunnet i fare for å bli dysfunksjonelt. «På samme måte som de fleste mutasjoner er skadelige, må vi også forvente at de fleste former for kulturell fornyelse (uth. her), er det. Et sunt samfunn kan derfor forventes å ha ordninger for streng sortering av nye kulturformer, og for utstøtelse av det som virker dysfunksjonelt.» Og som om forfattaren anar at det er sterk kost, set han inn kårdestøyen:
«Mange talsmenn for kulturlivet, som gjerne taler varmt for ikke-diskrimerende kulturstøtte og mot offentlig sensur, vil ha vansker med å ta inn over seg slike tanker; selv om kultur opprinnelig betyr dyrking, og all dyrking innebærer luking.»
Vi kan ikkje forlate dette avsnittet utan å få med det kulturelle høgdepunktet. Etter at forfattaren har observert «påfallende mange kunstytringer som gir seg ut for ikke ha noen mening», kjem det:
«Det er ikke uten videre lett å forklare hvorfor moderne kulturmennesker søker selvbekreftelse ved å tilstrebe en indre naturtilstand gjennom et bombardement av utstuderte lydstimuli. De lydkomposisjoner som vi står overfor, har like lite med klassisk europeisk musikktradisjon å gjøre som kolasjevirksomhet kan forstås som en videreutvikling av tidligere tiders bildende kunstneridealer.»
I ei tidlegare spalte skreiv eg om korleis ungsosialistar før krigen lefla med totalitære åtvaringar mot utarta kunst. Boka til Skirbekk er ikkje ein diskusjonspamflett, men eit tjukt verk lansert som fagbok av Tano-Aschehoug, med ein tilforlateleg tittel. Like tilforlateleg er undertittelen «Sosiologisk kulturteori og funksjonsanalyse». Og sjølv om den «kulturspesifikke» argumentasjonen innimellom gir seg direkte komiske uttrykk, er boka eit tungt nasjonalt manifest mot kulturell ureining og ein innvandringspolitikk som i løpet av dette hundreåret vil gjere gode nordmenn til undersåtter for andre mutasjonar. «Når unge menn har vært villige til å ofre sitt liv for sin nasjon, har det ikke vært for å forsvare et sammensurium av interesser og livsformer til et antall individer som tilfeldigvis har samme borgerskap», skriv Sigurd Skirbekk, norsk professor i sosiologi. Og han konkluderer med at i
den franske revolusjonens slagord om fridom, likskap og brorskap, er brorskap ikkje eit anna ord for solidaritet, men for slektsband.
Det nyleg opptrykte akademiforedraget er ikkje stort anna enn ein oppdatert lettversjon frå den «kulturspesifikke» ideologiskuffa til Skirbekk. Ein skulle tru det var ei røyst frå grava. Er det «eliten» som gir han ny vind i segla? |
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|