Dag og Tid nr. 26, laurdag 26. juni 2004

Leiar:
Uhyggeleg Høgre-mann

I intervjuet USA-korrespondent Eva Bratholm i Dagbladet gjorde med Jan Petersen i samband med gravferda til Ronald Reagan, feiar Petersen all tvil til side om kor han står politisk. Mellom oss bondevikingar, og for den del europearar, er det ikkje:

«I vår europeiske arroganse så vi han (Reagan) som enkel og litt naiv, intet kunne være mer feilaktig», sa Petersen, som såleis slår fast at Reagan visste kva han gjorde i til dømes Mellom-Amerika og Iran, endå om Reagan sjølv meinte seg uvitande om våpensal i Iran og blodpengar til Contras. «Han kom i kontakt med folk, hadde varme og spredte trygghet rundt seg», sa Petersen vidare om mannen som ikkje nøgde seg med å rusta opp her nede på jorda, men òg freista å eskalera den kalde krigen opp mellom stjernene på himmelen.

Under president Ronald Reagan tok folk i byar og bygder over heile verda til å skipa lokallag av Nei til atomvåpen. I 1981 sa Reagan: «Yes, there could be a limited nuclear war in Europe.» I 1984 sa han: «Yes, Armageddon could come the day after tomorrow», og skremde til og med eigne republikanske trusfellar. Då Reagan og Gorbatsjov skreiv under på nedrustingsavtalen, blei det sagt at dei rådde over nok atomvåpen til å utsletta alt liv på jorda ikkje ein, men 100 gonger.

I til dømes Nicaragua spreidde Ronald Reagan terror, miner, lik og sorg hjå dei etterlatne. Anten ein norsk utanrikspolitikar ikkje veit dette, har gløymt det, fornektar eller ser nett dette som «betryggande», så er det like ille. At Jan Petersen er andletet og røysta til Noreg i verdspolitikken, er ei skam for oss alle.

Det var vel helst i den inste krinsen at president Ronald Reagan «spredte trygghet rundt seg». Og det er nett der Jan Petersen står i dag, i «koalisjonen av villige».
Til nær sagt kva som helst.
Johan Brox

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |