Dag og Tid nr. 26, laurdag 26. juni 2004
Energi:
Vasskrafta vår på veg mot børsen
«Et stort skritt i riktig retning», sa Øystein Hedstrøm (Frp) då Stortinget nyleg gjorde Statkraft SF til AS. Helst ville han privatisert og køyrt selskapet på børs med det same.
Johan Brox
Kristeleg Folkeparti, Høgre og Framstegspartiet har gjort Statkraft til aksjeselskap og kva så?
Etter Stortingsvedtaket frå stortingsvedtaket 14. juni 2004, kan ikkje aksjane seljast før det har vore ei ny stortingshandsaming. Og då kan det henda at KrF seier takk for følgjet til høgrepartia og seier nei. Men sikre kan ingen vera, for saksordførar Olav Gjedrem (KrF) var korkje klår eller overtydande i debatten, då Hedstrøm spurde han kvifor KrF valde å stogga på halvvegen:
«Me føler at tida enno ikkje er inne til å gje dei signala som opposisjonen har gitt inntrykk av at me skulle gje i dag at me skulle gå inn for delprivatisering og børspresentasjon av Statkraft. Det er ikkje tilfellet. Når det gjeld skepsisen, er det noko på grunn av at vasskraft er ein evigvarande energi, i motsetning til oljen, som er ein eingongsenergi. Difor er me veldig redde for at andre får tilgang».
Grunnen rydda
Gjedrem kunne fått store vanskar med partifellane sine, om han hadde talt Hedstrøm, Frp og Høgre heilt etter munnen i denne saka. Difor kjem nok ikkje privatiseringsspørsmålet opp på nytt i Stortinget i denne perioden, og kan hende heller ikkje i den neste. Men før eller sidan kjem det opp. Heile poenget med å skipa aksjeselskap er at aksjane skal omsetjast. Så òg med AS Statkraft. Det er for godt mål innebygd i stortingsvedtaket: «Regjeringen åpner for at Statkraft kan delta i den videre restruktureringen av kraftmarkedet i Europa gjennom industrielle løsninger, og der staten ikke lenger er eneeier». Og på side 20 i proposisjonen frå næringsminister Ansgar Gabrielsen (H) heiter
det: «En annen fordel med aksjeselskapsformen er at dersom det er ønskelig, vil det være enklere å bringe samarbeidspartnere inn på eiersiden gjennom allianser eller fusjoner».
Det vedtekne dokumentet er såleis ikkje til å misforstå, sjølv om saksordførar Gjedrem i debatten la størst vekt på det som må kunna kallast sekundæreffektane av å gjera Statkraft til AS: At Statkraft blir organisert i ei selskapsform som er ålment kjend i utlandet, og naturleg i høve til dei krava som EU stiller.
Stortinget har no vedteke ein konsernmodell for Statkraft der morselskapet framleis skal vera eit statsføretak og verksemda skal delast opp i ulike dotteraksjeselskap for produksjon, nett og så vidare.
Vêrhanen
Men Arbeidarpartiet har snudd trill rundt sidan den gongen for ikkje lenge sidan då Olav Akselsen var energiminister og Statkraft tinga friskt om fusjon med finske Fortum. I debatten hadde opponentane hans stor moro av å minna om nett dette, for i dag talar Olav Akselsen for eit Arbeidarparti som er sterkt imot både omstrukturering og privatisering av Statkraft. Til liks med SV, Sp og det norske folket. Åtte av ti av dei spurde i den seinaste meiningsmålinga ønskte at Statkraft skulle vera som det var. Berre fire prosent av dei spurde veljarane vil privatisera selskapet, medan det mellom dei valde på Stortinget er minst 36 prosent som vil selja selskapet da er ikkje KrF medrekna.
Kor Kystpartiet står, treng ingen tvila på: «Her er det snakk om å ta vare på det nasjonale arvesølvet ja, jeg vil si gullet», sa Steinar Bastesen og stilte seg på venstresida.
Venstresida freista til det siste å få utsett slutthandsaminga av denne saka til opinionen for alvor blei interessert og engasjert i saka, medan regjeringspartia og Frp på si side hadde eit påfallande hastverk.
Kremmarar
Statleg og offentleg eigarskap til sentrale infrastrukturar må ha perspektiv utover det som synest vera hovudinteressa til Ansgar Gabrielsen og Næringsdepartementet, som er avkasting og løn-semd ved sal av eigardelar. I bedriftsøkonomien seier me at ein avgjerdshorisont på 20-30 år er framsynt. Men i forvaltinga av vasskraftressursane til nasjonen, blir avgjerder med dette tidsperspektivet myopiske nærsynte, skreiv BI-professor Lars Thue i Dagens Næringsliv, under tittelen «Kremmeren Gabrielsen».
Difor høyrer ikkje forvaltinga av vasskraftressursane heime i ei ordinær bedriftsøkonomisk ramme. Både logikken til det økonomiske systemet og den økonomifaglege teorien som freista fanga denne logikken, kjem til kort når tidsperspektiva blir lange. Dermed sit dei folkevalde og styresmaktene med eit tungt ansvar, åtvara Thue, men det var før votering i «Innst. S. nr 248 (2003-2004)». Difor la han til:
Eg vonar soga frå 1936 gjentek seg. Staten ville selja Nore og Mørkfoss-Solbergfoss kraftverk. Men Stortinget gjekk mot framlegget til statsråd Adolf Indrebø og regjeringa Nygaardsvold av omsyn til dei langsiktige interessene til landet.
Castberg
I Stortingsdebatten var det Inge Ryan (SV) som drog dei lange linene, attende til 1905 og Johan Castberg, som den dag i dag står på sokkel utanfor statrådsalen på Tinget og gremmest, meinte Ryan. Han tvilte sterkt på at dagens næringsminister kom til å bli hugsa og heidra på liknande vis.
Eg trur komande generasjonar er svært lite nøgde med det som Stortinget legg opp til i dag, og at historiebøkene kjem til å visa at me i dag er med på ei uklok handling som set norske naturressursar og norske verdiar i fare, og som dette Stortinget ikkje har noka ære av.
Men når eg blir gammal og sit i gyngestolen med oldebarnet på
fanget, kan eg i det minste seia: Det var ikkje oldefars skuld. Eg gjorde så godt eg kunne.
Større enn Statoil
Ryan meiner elles at å gjera Statkraft om til aksjeselskap er ei større avgjerd enn sjølv privatiseringa av Statoil. Motsett Nordsjøolja, som i den store samanhengen er ein historisk parantes på 50-100 år, har fossekraft eit tusenårsperspektiv. Gjev me frå oss kjelda, tek me henne òg frå dei som kjem etter oss.
Kva er ein aksje? Jo, ein aksje er noko som kan omsetjast. Me veit at når me omset aksjar, er det ikkje sjølvsagt at me får dei attende, sa Ryan.
Musestilla
Venstre er òg med i den regjeringa som gjorde framlegg om å gjera Statkraft til AS. Men partiet til Johan Castberg (1862-1926) og Konsesjonslov-Gunnar Knudsen tok aldri ordet i stortingsdebatten 14. juni 2004, og har elles halde ein profil i denne saka som mange finn påfallande låg. Men energipolitisk talsmann og statssekretær Gunnar Kvassheim har faktisk teke bladet frå munnen i eit lesarbrev i Sirdølen 9. juni:
Der forsikrar Kvassheim om at Venstre ønskjer «at staten, fylkeskommunar og kommunar framleis skal stå sentralt på eigarsida i kraftsektoren». Han avviser at Regjeringa har gjort framlegg om å privatisera og børsnotera Statkraft, og når det gjeld partiet, slår han fast: «Medan sal til private er målet for mange på høgresida, og ein sterkt sentralisert statleg eigarskap er svaret til sosialistane, står Venstre for ein sterk offentleg eigarskap med fleire aktørar. Det gjev god styring av viktige ressursar, men òg mangfald og naudsynt konkurranse. Ein slik modell er òg i samsvar med dei gode tradisjonane når det gjeld forvaltinga av norske kraftressursar».
Utbytet
Dermed er me attende hjå Johan Castberg. Kva han hadde sagt til konsernmodellen, veit me ikkje. Men me veit kva mannen som dikterte konsesjonslovene, meinte om utbyte og «grundværdistigningen ved samfundets vekst»:
«Når staten f. eks. bygger en jernbane, bygget for det hele samfunds skyld så stiger tomterne omkring jernbaneanlægget voldsomt i pris og pengene soper samfundet ved anlægget av denne jernbane ind i enkelte privatfolks hænder fordi deres tomter tilfældigvis ligger der, hvor jernbanen skal gå. Det er millioner som på denne måte av samfundet skapes for enkeltmænd. Det er bare rettfærdig at denne værdistigning som er skapt ved og av samfundet tilfalder samfundet.»
|