Dag og Tid nr. 26, laurdag 26. juni 2004

Klok på bok 669:
Ordet mitt er lov

Ein må byrja ein stad. Og no er det her eg byrjar: Med ein gebursdag, og ei oppdaging, og ein gratulasjon, og med ei etterlysing. Ordet er ditt, Asgjerd Ramsfjell Taksdal, og gratulerer med overstått 74-årsdag!

«For første gong på mange år datt fødselsdagsgåva i postkasssa denne laurdagen: «Klok på bok» har eg sysla med for meg sjølv i alle år. Oftast utan særleg oppløftande resultat. Denne gongen kom blinken: Dette er dei første fem linene i den norske omsettinga av kanadiske Alice Munroe si novellesamling ‘Uvennskap-vennskap-forelskelse-forlovelse-ekteskap’, frå opningsnovella med same tittel. Ho kom på norsk no i 2004»
, skriv Ramsfjell Taksdal, og det er så sant, så sant, svaret hennar. Men så kjem etterlysinga:

«Det underlege er at eg kjenner igjen ei remse me jentungane forlysta oss med for mange år sidan, då me spådde kvarandres kjærleiksliv med prestekrage: Nappa kronblada av, eitt eller eitt, og las: «Uvennskap-vennskap-forelskelse – og så vidare. Sjølvsagt i høve til ein eller annan me «likte».
Me hadde ei remse til, og det galdt yrket til vår tilkomande: «Rikmann-røvar-bonde-prest – », heile remsa. Finst det lesarar som hugsar dei gamle jenteremsene våre, så ville eg setja stor pris på å få dei att! Underleg at same remsene tydelegvis også har levd i Canada?»

Så da går oppmodinga ut til alle klok-lesarar, kall det gjerne ei ekstraoppgåve, eller ei utfordring, eller stor moro, berre ikkje kall det umogleg. Alle vakre jenteremser kan de senda på e-post til klok@dagogtid.no, så skal dei sporenstreks formidlast til den gode Asgjerd – som er vinnaren av Klok på bok denne veka. Gratulerer, med overstått og i det heile!

Alice Munro er elles tydeleg ei dame som står sterkt i Klok på bok-krinsen. Somme hadde denne novellesamlinga på nattbordet, andre hadde ho friskt i minnet, somme på engelsk, somme på norsk. Og somme er tilmed lommekjende i Victoria, Canada, byen der Munro og mannen opna bokhandel i si tid. Til dømes Ingrid Lomholt, som tydeleg er det ein må kalla ei verdskvinne:

«Dette var V for Victoria! (som er hovudbyen på Vancouver Island, eg har vore der fleire gongar, veldig fin by med masse av blomar heile året). Forfattaren er Alice Munro, kanadiar, og altso no busett på Vancouver Island. Når eg eingong kjem på besøk, skal eg sanneleg besøkje bokhandelen hennar. No skal eg ta boka med til Paris og starte å lese på vegen ned. Eg likar ikkje å fly, so det er godt å ha noko å tenkje på. Særleg forelskelse! og so det andre òg.»


Om ikkje alle kan ta flyet til Canada slik på ein-to-tre, går det an å reisa dit på anna vis òg, slik Steinar Teigen påpeikar:
«Ta forresten en titt på bokhandelen Alice Munro startet sammen med sin mann på www.munrobooks.com. Den holder til i en restaurert, staselig bygning fra 1909. Lekre interiør som kan får enhver bokelsker til å sikle litt», skriv Teigen.

Den beste reisa er likevel, no som før, gjennom bøkene. Så kvifor ikkje gå rett til kjelda, slik Tove Thorp tilrår:
«Ja, nå skal du ha takk hvis dette får flere til å lese denne flotte novellesamlinga!  Den aktuelle novellen heter ‘Arvegods’ og forteller om hvordan jentunger som kjeder seg indirekte blir årsaken til at det blir født en gutt ved navn Ivan. Det er ikke lenge siden jeg leste dette, så det sitter ganske godt – selv om jeg leste i avisa i dag at hjernekapasiteten reduseres etter 40-årsalderen, som jeg forlengst har passert.»

Nei, Tove og andre, de skal ikkje tru på det som står i avisene. Avisene er fulle av løgn og fanteri og annonsar som prøver å lura dykk til å kjøpa massevis av dyre, ubrukelege ting de kjem til å angra bittert på at de har kjøpt når inkassobyrået kjem og tek dykk, fulle av artiklar som skal få dykk til kjøpa meiningar som skal syna seg meiningslause på dommedag. Det finst berre eitt unnatak, og det er dette: De skal tru på meg, Helene. Det får halda. Og på den gode litteraturen, og på Per Petterson, han kan de tru på, det meiner i alle fall Knud Torjesen, som skriv slik:
«Munro skriver meget innholdsrike noveller, som det tar en stund å bli ferdig med. Som små romaner. Fulle av levende mennesker og deres problemer, og ofte med kvinner i sentrale roller. Jeg fikk forresten tipset om å lese den flotte samlinga ‘Friend of my youth’ fra Per Petterson, i hans bok ‘I kjølvannet’.

Ja! Slik er litteraturen og slik er livet. Alt vev seg sakte, men sikkert saman med alt. Det eine ordet tek det andre året, alt peikar ut over seg sjølv og inn i sjølvet. Og no skal de lesa, og så skal de svara, når de ser kor eg peikar og de kjenner noko i dykk sjølve som kling med. Eller, sagt på anna vis – her kjem ei ny oppgåve.

Klok på bok 669

Det er en grusom lovsang

Det er en grusom lovsang
når den er opphørt,
og likevel må opptre
og stråle for hele verden
Det er lyset fra en femte himmel-retning
Det er deg
Det er livet og man brenner seg på det
Eksploderer det i en frenetisk glede,
kan ingen lenger samle meg

Om nokon lurer: Ja, det er lov å skriva slik. Og dette bør de ta på sparket, her kjem ikkje eit einaste lite indisium på kven ho er som har skrive slik. Men skulle nokon lura på kor de finn meg, så er eg her kvar dag:
Klok på bok, Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo.
Eller her: klok@dagogtid.no
Eller her: Faksnr. 22 41 42 10
Eller inst i hjarta, der de har forstanden dykkar. Kven skreiv at det var der han fanst, forresten? (Det er ei bonusoppgåve, det.)
Helene Myrbråten

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |