Dag og Tid nr. 26, laurdag 26. juni 2004
Roman:
Tjosann
To ting gjer at Halgeir Opedals debutroman i desse dagar blir omtalt i forholdsvis mange norske aviser: Debutanten er journalist i ei tabloidavis i Oslo, og romanen handlar om ein journalist i ei tabloidavis i Oslo.
Halgeir Opedal
Jøss!
Kolon forlag 2004
Journalistar har ein tendens til å gi journalistar meir merksemd enn dei fortener, og journalistane gjer ikkje noe unntak når journalisten Halgeir Opedal nå debuterer som romanforfattar. Opedal har fått intervju og oppslag som andre debutantar bare kan drøyme om. Elles blir det stadig vanskelegare å skilje mellom vanlege journalistar og forfattarar på den eine sida og underhaldningsjournalistar og -forfattarar på den andre, men det er sant nok ei anna historie.
Gary Riim er journalist i tabloidavisa Dagens Nyheter. Romanen opnar med at han vaknar utan å vite kvar han er. Av årsaker som det tar tid å forklare romanen forklarer det i løpet av 247 sider har Gary Riim tatt danskebåten og hamna i København i staden for å gå tilbake til avisa etter å ha intervjua ein professor som nettopp har omsett Dante til norsk. I København får Gary Riim telefon frå stefaren, som fortel at mor hans er død.
Romanen teiknar eit triveleg bilete av ein pliktoppfyllande og smånevrotisk journalist som står opp på det same tidspunktet heile veka for å høyre Dagsnytt på radio. Journalisten har ganske kjedelege og trivielle vanar utanom jobben. Rutinar er viktig for han, og dei styrer han meir enn han styrer dei. Gary Riim har engelsk far og satsar på å bli korrespondent for avisa i London. Han kan det meste om engelsk historie og samfunnsliv, men han veit ingenting om det viktigaste. Og sidan han er blank på fotball, får han ikkje London-jobben. Dermed byrjar nedturen for Gary Riim; furting, skrivesperre og dansketur. Han tvingar seg til å bryte vanar, får andre oppgåver i avisa og byrjar å skrive lesarbrev til andre aviser under psevdonym.
Halgeir Opedal skriv ikkje avslørande om det indre tabloidliv i Akersgata, og det har han nok ikkje meint å gjere heller. Lett morosamt hadde han nok likevel tenkt at det skulle vere. Og somme vil nok meine at romanen er artig, sjølv om han ikkje er sjølvkritisk og aviskritisk. Nyhetssjef Sjark Henriksen kjem stadig med kommentarar som verken Opedal, Riim eller lesaren treng å ta på alvor: «Du må aldri glemme dumhetens betydning for journalistens arbeid. Den verner dæ mot selverkjennelsen.«
Medietankane til Opedal og Riim blir tannlause og uforpliktande, og romanen undergrev det han i utgangspunktet måtte ha av kritisk potensial. Eit godt døme på dette finn vi mellom anna på sidene 62 og 63, der Gary Riim overvurderer journalistar og nedvurderer akademikarar. Halgeir Opedal som ikkje er Gary Riim, let mellom anna Gary Riim meine at journalistar er bindeleddet mellom kunnskapen på universitetet og folket, pluss mye meir i den same leia, og slike utsegner eller utbrot er passe sanne og usanne til at vi ikkje treng å snakke om det. Gary Riim er i det heile tatt ein tragikomisk figur det er vanskeleg å ta fullt på alvor, dermed tar vi ikkje romanen heilt alvorleg heller. Og det var nok heller ikkje meininga, trur eg.
Romanen er velskriven og smart konstruert. Han byrjar omtrent som han sluttar. Alt imellom er tilbakeblikk. Romanen er lett å lese. Forfattaren fører eit enkelt språk som ikkje uroar verken forfattaren eller lesaren. Dette er rett-fram-prosa utan tankesidespor og tungsinn, og Opedal har full kontroll over denne informasjonskontrollerte daglegprosaen. Forfattaren har med andre ord ikkje gitt seg over til språket og romanen, men har tamt og tøyla seg slik at romanen til forveksling liknar eit stykke avisprosa. Det står ikkje noe i denne romanen som forfattaren er uvitande om, eller sagt med andre ord: Denne romanen er ikkje eit kunstnarisk eksperiment der forfattaren har gitt seg ut i språket og romanen for å finne ut av noe eksistensielt, politisk eller menneskeleg viktig som forfattaren ikkje visste på førehand. Dette er ein artigroman med lett-eksistensiell krise som idé journalist går på fylla, får
liksom-skrivesperre, driv med språkrøkt i avisa og grublar lett og distansert over journalistikkens vesen, morskjærleik og annan kjærleik. Vittige opptrinn og replikkar skal gjere lesestunda triveleg, men ikkje opprivande og lærerik.
Boka opnar som sagt med ein journalist som vaknar og ikkje veit kvar han er. Oppvakningsopninga og bruken av Dante blir aldri nokon berande del av romanen, men står fram som påfunn som ikkje blir gjennomførde. Romanen sluttar fikst med at journalisten vaknar og veit kvar han er. Og det veit i grunnen lesaren også. Gary Riims eventyr var ikkje noka banebrytande erkjenningsreise verken for Gary Riim eller lesaren.
Atle Christiansen
|