Dag og Tid nr. 25, laurdag 19. juni 2004

Kommentar:
Engasjert idealist
takkar for følgjet

Då eg var ein ung mann, for stygglenge sidan, las eg mykje. Parallelt med veksande kunnskap om «avsindige misforhold» mellom røyndom og eigne ideal steig trykket for å formidle mine moralske dommar om politikk (ikkje flir). Eg var sprekkferdig av klare oppfatningar og la ned eit stort og for ein stor del meiningslaust arbeid i å få desse på prent, helst der heilt andre syn rådde grunnen. Ei avis som Aftenposten var under den kalde krigen redigert etter sunne leninistiske prinsipp om kva som var «konstruktive bidrag til å bringe debatten videre», dei hadde ein ungdommeleg sikker innsikt i kva «alle rettenkende mennesker vet», og kunne følgjeleg skåne lesarane for mitt og andres tøv, som dei elles polemiserte mot på leiarplass. No, derimot, sit eg med eigen spalteplass og veit ikkje lenger kva eg skal tru og meine.

Nordahl Grieg skreiv om nyheitsflaumen i mellomkrigstida, dette «daglige morgeninntrykket av det forferdeliges uavvendelighet», som gjorde lesarane forvirra og motlause. Hans motbilde var ei sosialistisk avis som synte fram «lovmessigheten i begivenhetene», som visste at «klarhet er fremskrittets viktigste våpen.»

Ein intellektuell er ein som blandar seg inn i ting han eller ho ikkje har greie på, dvs. ikkje har formell kompetanse i. Dei som sit på den formelle kompetansen, har elles ein tendens til å berre seie at det nok har sine grunnar at verda er som ho er, og at ho difor helst bør halde fram med det. Som partilaus mann på venstresida har eg ein viss kjennskap til den lange tradisjonen med folkeleg motstand mot «reaksjonen» – i dei fleste tilfella representert ved den danna elitens konvensjonelle fornuft (til dømes bør ikkje bønder eller «de ukyndige masser» få rote med politikk – her går lina frå Universitet i Christiania og fram til Erling Fossen).  

Den arrogante, reaksjonære eliten er ei «stor forteljing», ei identitetsskapande innramming der eins eige vesle strev mot det vrange og skakke kan setjast inn i ein stor tradisjon. Det er soga om den folkelege motstanden mot dei mektige, ført av den demokratiske folkerørsla, antinazistane, feministane, you name it – korleis «vi» småfolk gong etter gong har sigra. Og makta prøver seg nok att, så det gjeld å behalde kampgløden. Det gjeld å vere kritisk, om ikkje nett sjølvkritisk. Kor er det vorte av opprøret, jamrar 68-arane, kor er det ungdommelege engasjementet? Men verken engasjement eller opprør er til å kjenne att – verda har fått nye frontliner.   

Normalmodusen for ein aktiv medborgar i denne romantiske tradisjonen er ei trykkimpregnering av velberga moralisme og ekstrem sinnelagsetikk. Ein føreset, slik moralistar ofte gjer, at ein er åleine om å ha ei etisk grunngjeving for synet sitt. At dei andre berre forsvarar snevre privileg, eller er manipulerte og uvitande. Og kan ein påvise eigeninteressa til motparten, treng ein ikkje ta argumenta hans på alvor. Men det er feil, og det er nett difor vi treng ytringsfridom: Fordi vi alle er svaksynte høns. Fordi eit korn av sanning er eit korn, også når det vert henta fram av ei blind høne som elles berre fer med tøv. Nordahl Grieg, som på 70-talet av mange vart feira som ein klarsynt profet, såg klart på det eine auget, det er sant. Det andre, som vende mot aust, var ideologisk snøblindt.

Korleis kan ein antidemokrat som Grieg plasserast i ein lang og progressiv tradisjon som dei veletablerte «opprørarane» skryter seg inn i? Fordi han var ein idealist som «trass i alt gjorde noko». Han ville det godt. Og i den luthersk-bjørnsonske tradisjonen er det «viljen som frigjør eller feller». Ein feirar det livslange, «trufaste» engasjementet, det som ikkje kastar bort kaloriar på konkret analyse av kva som skjedde etter at dei store orda vart kjøt. Som aldri har teke inn over seg at politikk er eit vanskeleg felt å meine noko om, at det kan gå frykteleg gale, nett når ein meiner det som best. «Reaksjonens» tabbesaga er inga forsikring om at ein sjølv representerer framsteget.  

Kva treng vi å lesa, då, vi som enno trur på ein opplyst offentleg debatt? Eg har tru på den journalistiske informasjonen, den som hentar fram relevante fakta og tiltrur lesarane ein mon av eiga dømmekraft. Eg har tru på nyttige påminningar om kva andre før har tenkt, i liknande tilfelle. «Lovmessigheten i begivenhetene» overlet eg til livssynsberserkane å finne ut av. Kva veit vi, så langt? Altfor lite, sjølvsagt, meiningane våre er skjøre improvisasjonar, laga under tidspress. Grunnane bak våre eigne solide meiningar er ofte dei fordommane som den sosiale bakgrunnen vår har utrusta oss med. Derfor har vi lite å skryte av og enno mykje å lære.  
Ivar Bakkke

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |