Dag og Tid nr. 24, laurdag 12. juni 2004

Treholt-saka:
«Gambleren som tapte alt»
Treholt-saka skapte ein situasjon der spekulasjonane fekk fritt spelerom.
Svein Gjerdåker
svein@dagogtid.no

Pressemeldinga frå Riksadvokaten vart levert NTB laurdag 21. januar kl. 14.00: Arne Treholt var arrestert, mistenkt for spionasje. Året etter vart «moldvarpen, superspionen, gamblaren, kvinneforføraren og KGB-offiseren» dømd til 20 års fengsel. Saka vekte enorm merksemd og ikkje så lite debatt. Gråsoner, den nye boka til Arne Treholt, aktualiserer saka hans på nytt. Korleis handterte media, sentrale politikarar, offentlege tenestefolk og instansar Treholt-saka?   

Forsvarets Høgskule
Treholt var mistenkt for spionasje då han i 1982 vart elev på hovudkurset til Forvarets Høgskule. Statsminister Kåre Willoch, utanriksminister Svenn Stray, forsvarsminister Anders C. Sjaastad og justisminister Mona Røkke tok denne avgjerda om å sleppa han inn sjølv om dei visste at han hadde kontakt med sovjetiske representantar. Hadde ein fylgt vanleg praksis for tryggjingsklarering, skulle Treholt ikkje ha kome inn på skulen. I 1982 hadde ein allereie nok informasjon til å dømma Treholt for utruskap i tenesta.

At Treholt hadde gått på Høgskulen, påverka også dommen:
«Spesielt foredragene m.v. fra Forsvarets Høyskole inneholdt opplysninger av stor betydning for vårt land. Kompromitteringen av opplysningene medførte meget store skadevirkninger for forsvaret» (s. 190 i dommen).

«Fleire forsvarsbudsjett»
Skadeverknadene av verksemda til Treholt «...vil det ifølge forsvarssjefen koste beløp tilsvarende flere års forsvarsbudsjetter å reparere», heiter det på side 51 i dommen, med tilvising til forsvarssjef Fredrik Bull-Hansens vitneutsegn i retten. Å ikkje stoppa Treholt på eit tidlegare tidspunkt kom såleis til å verta dyrt – minst eit tital milliardar, skal ein tru Bull-Hansen. I etterkant vart det aldri gjeve ekstra løyvingar frå Stortinget for å retta opp alle skadane Treholt skulle ha påført Forsvaret.

Mista løna
Stortinget tok frå Treholt løna 4. juni 1984 – eit år før dommen. Berre to representantar røysta nei: Hanna Kvanmo frå SV og Georg Apenes frå Høgre.
«Stortinget slutter seg nå til rekken av dem som betrakter de fremtidige begivenheter i Tinghuset som noe i retning av en mellomting mellom bestillingsverk og sandpåstrøing», sa Apenes då saka var oppe i Stortinget.

Utanriksminister Svenn Stray hadde ei anna tilnærming: «Men det må fastholdes at det å bli avskjediget fra sin stilling ikke er noen straff. Å miste lønnen kan være hardt, men det er ikke noen straff.»

Skodespel
Treholt var ein farleg mann, med farlege oppdragsgjevarar. Treholt var storspionen som kunne verta drepen av oppdragsgjevaren sin og måtte vernast mot attentatforsøk. Då rettssaka opna, var det sirener og blåljos, hundepatruljar, terrorpoliti og skarpskyttarar på taket rundt Oslo Tinghus. Treholt vart kvar dag eskortert med fleire politibilar mellom fengselet i Drammen og rettssalen i Oslo.

Kofferten
«Han var også i besittelse av graderte dokumenter ved pågripelsen», står det i den første pressemeldinga frå Riksadvokaten, 21. januar 1984.
«Dokumentene i hans attachékoffert illustrerer videre karakteren av tiltaltes virksomhet», heiter det i dommen (side 58).
Avisene spekulerte, og folk fekk ei allmenn oppfatning av at kofferten til Treholt som vart beslaglagd på Fornebu, var full av sensitive, hemmelege dokument.

Seinare kom det fram at kofferten ikkje inneheldt eitt dokument med høgare gradering enn konfidensielt, mesteparten var budsjettframlegg, tidskrift og avisutklipp. Dei sakkunnige kom i rapporten sin fram til at ingen av dokumenta utgjorde nokon trussel mot trygg-leiken til Noreg, eller kvalifiserte til tiltale etter spionparagrafen.

Media
Treholt-saka skapte eit enormt medieoppstyr. Berre i Aftenposten, Arbeiderbladet, VG og Dagbladet var det første veka til saman 279 sider om Treholt-saka. Treholt vart kalla spionen eit og eit halvt år før han vart dømd. Ordet «sikta» vart knapt brukt. Eit unntak var den kristne avisa Dagen under Artur Berg sitt redaktøransvar. Dagen brukte konsekvent «den sikta byråsjefen», og nemnde ikkje Treholt ved namn.

Spekulasjonane og påstandane i avisene den første veka etter arrestasjonen sette dagsorden for saka, og stempla Treholt som skuldig i opinionen. Til media sitt forsvar må det seiast at pressemeldingane frå riksadvokaten dei første dagane var tvitydige, og kunne gje inntrykk av at Treholt hadde tilstått alt. Uansett er det media sitt ansvar å ha ei kritisk tilnærming.

Dagsrevyen opna førehandsdømminga den helga pressemeldinga om arrestasjonen vart send ut, med hovudoppslaget «Pressesjefen var spion». Så kom avisene for fullt måndagen: «Spionen gikk rett i fella» (Dagbladet), «Treholt KGB-offiser» (Arbeiderbladet), «Den perfekte agent» (Klassekampen), «Spionen på den røde plass» (VG).  
VG fylgde opp med titlar som «Elsket penger» og «Gambleren som tapte alt». Kjeldegrunnlaget kunne vera temmeleg tynt – «etter det VG får opplyst» skulle Treholt ha sagt: «Dette har jeg ventet på lenge» då han vart arrestert.

Arbeiderbladet og Bergens Tidende var i starten kanskje dei mest kreative i spekulasjonane sine. «Hemmelig barn bak jernteppet» stod det på framsida til Arbeiderbladet. Barnesporet til avisa førte fram til «flere barn i Øst-Europa» eit par dagar seinare. Treholt hadde visstnok hatt «hyppige kvinnebekjentskaper i flere øst-europeiske land».

Han skulle tidlegare ha vorte utnemnd som major eller oberst i KGB, men hadde diverre ikkje ««hatt mulighet til selv å være til stede i Moskva i forbindelse med utnevnelsen». Saka var illustrert med eit bilete av Den raude plass, med ein smilande Treholt manipulert inn på veg over plassen.
Treholt var ein «sjarmerende gambler», og var ifylgje avisa jamleg gjest på Bjerke travbane og dreiv med kjøp og sal av gull og sylv.

Då han vart teken, var han ifylgje Arbeiderbladet visstnok klar over at han var avslørt som spion. Han var på veg austover for godt. «Hans eneste mulighet var å komme seg på den andre siden av Jernteppet. Fredag kveld var han på vei, slik Arbeiderbladet i spionreportasjen mandag var den første avis til å antyde.»

På kultursidene var tonen ein annan. Bengt Calmeyer vart ein av dei mest kritiske journalistane i Treholt-saka, men hevdar at han til slutt fekk skriveforbod om saka. Også Harald Stanghelle kom snart til å representera ei alternativ røyst i avisa.

Paparazzi-fotografar
Eit botnnivå for pressa stod VG for natta før rettssaka skulle ta til. Ved hjelp av ein kran hadde VG kome seg opp på nivå med cella til Treholt i 7. etasje og tok til å knipsa. Biletet ligg enno tilgjengeleg hjå biletbyrået Scanpix, med biletteksten «Spiondømte Arne Treholt på sin celle i Drammens Kretsfengsel 1985.»

Boikott av Alene
Gunnar Sønsteby, Gerhard Heiberg, R.K. Andersen, Bjørn Braathen og fleire næringslivsfolk oppmoda gjennom ein eigenfinansiert annonse folk til å boikotta Treholts bok Alene. Boka kom ut på Cappelen i september 1985.
«Nå er det nok!», var overskrifta på annonsen. «Høyesterett har fremdeles ikke behandlet anken. Arne Treholt bør ta sin straff og ikke høste noen belønning (...) Han har hatt full anledning til å forsvare seg i retten. Nå får det være nok. I respekt for vårt rettssamfunn og i reaksjon mot det uverdige skuespill vi er vidner til, sier vi nei til denne boken og går ut fra at mange vil gjøre det samme som oss.»

Dødsstraff?
Sjefredaktør Knut Haavik i Se og Hør skreiv i si faste spalte fleire artiklar om Treholt-saka. Hausten 1985 skreiv han: «Men hva med Treholt om han kjennes skyldig i et slikt gigantisk landsforræderi? (...) I dag er straffen maksimalt 15 års fengsel, ti pluss fem år om han kjennes skyldig etter hovedparagrafen i spiontiltalen. Hvis de syv dommerne sier ja til landssvik og dømmer Treholt til 15 år, vil nok en slik straff utløse en debatt her i landet: Bør det gjeninnføres dødsstraff for landssvik også begått i fredstid?

I dag er det slik at Treholt, selv om han får lovens maksimum, sannsynligvis blir løslatt etter halvsonet dom. Trekker man så fra varetekten er han – om han dømmes til lovens strengeste straff – ute allerede sommeren 1991 – enda bare 48 år gammel.»

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |