Dag og Tid nr. 22, laurdag 29. mai 2004

Tidsskrift:
Motvekt mot diskursanalyse
Sosiologisk tidsskrift er det beste norske samfunnsvitskaplege tidsskriftet, meiner Pål Bakka.

Sosiologisk Tidsskrift
Redaktørar: Karen Christensen, Johs. Hjellbrekke og Herdis Øystese (red. sek.)
Universitetsforlaget

Den eine føresetnaden for all samfunnsvitskap er at samfunnet ikkje finst. Det som finst, er menneske. «Samfunn» er dei mønstra forskaren les inn i handlingane til menneska. Måten å lesa desse mønstra på er det som i fagspråket går under namnet «metode»; og som med Bibelen finst det mange måtar å lesa samfunnet på. Nokre les som Fanden. Slik lesing går under namnet «kvalitativ metode». Det er ikkje noko gale med denne lesinga – anna enn at ho ikkje kan gi samfunnsvitskapleg innsikt fordi ho føreset at alle individ og ovringar er einståande.

Den andre føresetnaden for samfunnsvitskapen er det er mogeleg å koma med ålmenne utsegner om heilskapen av menneskelege handlingsmønster. Dersom individa er unike, er generelle utsegner om handlingane deira umogelege.

Den tredje føresetnaden for samfunnsvitskap er den som gjeld all vitskap: At lesemåten er slik at alle som kan lesa, kan etterprøva forskaren si innsikt. Skal noko vera vitskap, må metoden vera intersubjektiv. Dette tyder ikkje at all sann innsikt er vitskapleg eller at berre vitskapleg innsikt er sann. Litterær innsikt, metafysisk spekulasjon eller teologisk openberring kan godt vera sann. Men slikt gjev ikkje sann innsikt om samfunnet. Nettopp fordi samfunnet er ein samfunnsvitskapleg konstruksjon.

Frå anekdotar til vitskap
Ein måte å konstruera samfunn som forskingsobjekt på, er å bruka statistiske modellar og teknikkar. Det er faktisk einaste måten det er mogeleg å seia noko sikkert om eigenskapane ved den folkemengda som utgjer dette «samfunnet» på. Matematikken i botnen av metoden er «sann» – både fordi det er mogeleg å setja to strekar under svaret og fordi same matematikken vert brukt til å rekna ut styrken på bruer eller eigenskapane ved flymaskinar.

God kvantitativ metode er det ypparste av alt samfunnsvitskapleg handverk. Den gjev kan henda ikkje ny innsikt. Men metoden stadfestar innsikt ved å løfta henne opp frå det anekdotiske til det vitskaplege. Som t.d. Knud Knudsen sin artikkel «Ulikhetsbilder i endring. Persiperte og legitime forskjeller i en ny tid» i Sosiologisk Tidsskrift nr.1 for 2004. Innsikta det er tale om, er finansminister Erik Brofors si aforisme om at det er «utruleg kva skattar folk ven seg til». Rett nok slik ho er formulert av Robert Merton: At folk ven seg til verda som ho er i takt med at verda endrar seg. Knudsen har sett på haldningar til lønsskilnader i Noreg på 1990-talet og oppdaga, slik det stod i avisene i fjor, at folk ser ut til å godta større skilnader.

Beste tidskriftet
Artikkelen er representativ for Sosiologisk Tidsskrift – som etter denne meldaren sitt syn er det beste norske samfunnsvitskaplege tidsskriftet. Best fordi det ikkje har fallert på dei metodiske krava som må setjast til samfunnsvitskap, samstundes som artiklane som vert prenta i det, er interessante og viktige tilskot til kunnskap om samtids-Noreg. Knudsen sin artikkel er «tung» – fordi han sjølvsagt gjer greie for metoden han har brukt. Men det er nettopp metoden som gjer det han skriv, til meir enn journalistisk synsing.

Kva som hender når synsing møter forsking, står å lesa i artikkelen «Ulik lønn for likt arbeid? – Lønnsforskjellene mellom kvinner og menn under det statistiske mikroskop» skriven av Roy A. Nielsen, Geir Høgsnes og Trond Petersen: «I forhold til spørsmålet om kjønnenes lønn for likt arbeid, gitt like kvalifikasjoner, som yrkes-erfaring og utdanning, kan vi forsiktig konkludere med at tilstanden er meritokratisk» (s.  75). Ei innsikt som er noko nær ein handgranat i likestillingsdammen – ettersom det har vore ei vedteken  sanning i Noreg sidan 1970-talet at det ikkje er lik løn for likt arbeid. Også her er konklusjonen bygd på solid statistisk handverk. Det er sikkert dei som vil vera usamde. Det er opp til dei å avkrefta funna – som er mogeleg for den som kan handverket.

Sosiologisk Tidsskrift er viktig fordi det er eit forum for det gode handverk og dei interessante funna i ei tid der Fanden huserer både på universitet, høgskular og institutt med sin etnometodologi, diskursanalyse og ålmenne sjamanisme.
Pål Bakka,
universitetsbibliotekar ved Universitetet i Bergen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |