Dag og Tid nr. 19, laurdag 8. mai 2004

EU:
Nei og atter nei til nye  EU
Etter 1. mai 2004 kan EU vanskeleg kallast ein «rikmannsklubb» lenger. Men utvidinga rikkar ikkje EU-synet til sentrale norske nei-folk.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no

Eu fekk ti nye medlemsland 1. mai: Estland, Kypros, Latvia, Litauen, Malta, Polen, Slovakia, Tsjekkia, Slovenia og Ungarn. Fleire av dei er svært fattige etter ein vesteuropeisk målestokk. I 1994 var «rikmannsklubben» eitt av dei nedsetjande kallenamna norsk nei-side brukte om EU: Rike og sjølvtilfredse land som ville barrikadere seg for å verne privilega sine og stengje dei fattige massane ute. Men no slepp fattige austeuropearar inn i klubben, med realistiske voner om vekst og velstand. Endrar ikkje dette både EU og premissa for EU-debatten fullstendig? Dag og Tid har spurt fem sentrale norske nei-folk frå striden i 1994.

Nei som før

– Eg er meir nei-mann enn nokon gong, eg, slår Stein Ørnhøi fast. Den tidlegare Nei til EU-leiaren let seg ikkje påverke av EU-utvidinga.

– For all del: Eg er sjølvsagt for at Noreg skal bidra til stabilitet og økonomisk utvikling i Aust-Europa. Og det gjer vi! Noreg betaler meir per innbyggjar til dei nye medlemslanda enn nokon av EU-landa, gjennom svært generøse EØS-bidrag. Men eg har alltid tykt det var dumt å sende pengane via Brussel, der mykje blir borte i korridorane.

– Men EU er i alle fall ikkje nokon rikmannsklubb lenger?

– Argumentet om å halde seg utanfor rikmannsklubben i 1994 handla meir om forholdet til fattige land i andre delar av verda enn i Europa. Og det å ha internasjonal handlefridom er viktigare enn nokon gong, seier Ørnhøi.


– EU-utvidinga er vel eit stort og viktig bidrag til økonomisk utjamning i Europa?

– Ved at utvidinga skaper eit stort europeisk frihandelsregime, vil ho bidra til vekst i Aust-Europa. På den andre sida kjem strukturane i Brussel til å skape frustrasjonar. EU-systemet tek frå landa sjansar til å bestemme over kvardagen sin. Det er bra at EU styrkar samhandel og grenseoverskridande kultur i Europa. Men det kunne vore gjort enklare og billegare, utan å undergrave dei demokratiske prosessane slik EU gjer.


– Men overføringane frå EU har vel òg spela ei rolle for veksten i dei fattigare medlemslanda, som Hellas, Irland og Portugal?

– Verdien av overføringane frå Brussel til einskilde EU-land har vore kraftig overvurdert. Overføringane, målte som del av BNP, er ikkje all verda. Det er frihandel som har sett fart på utviklinga i land som Irland og Portugal, ikkje overføringane. Men internasjonal handel er veldig bra for utviklinga.

– Er ikkje EU vesentleg endra etter utvidinga?

– Ja, i den forstand at sjansane for demokratisk fellesskap er svekte. EU som prosjekt er og blir eit demokratisk problem. At 450 millionar menneske med 20 ulike offisielle språk skal etablere ei sams ålmente, som er ein føresetnad for eit fungerande demokrati, er ikkje særleg realistisk. Det let seg ikkje gjere å organisere ein demokratisk struktur med autoritet for polakkar og portugisarar, frå det andalusiske høglandet til finsk Lappland. Det er ein illusjon, meiner Ørnhøi.

– Vi ser at svært mange menneske i EU forsvinn ut av den politiske prosessen. Og kombinasjonen av høg arbeidsløyse og mangel på politisk deltaking er forferdeleg farleg.


– Er ikkje EU-utvidinga ei stor utfordring til norsk nei-side?

– Ja, på grunn av det enorme svermeriet på ja-sida. Dei som skulle formidle kjensgjerningar, formidlar truserklæringar i staden. Eg møter den same blinde trua hos mange ja-folk som hos ein del kommunistar. Dei ser ikkje Berlusconi, USAs påverknad i Aust-Europa, deltakinga i siste EU-val i Finland på under 40 prosent. Dei er blinde overfor kjensgjerningane, seier Stein Ørnhøi.

– Eigne prinsipp

– For meg var ikkje dette argumentet om rikmannsklubben så viktig, seier tidlegare Sp-strateg Per Olaf Lundteigen gjennom ein sprakande mobiltelefon.

– Det argumentet som var ein berebjelke for meg, var retten til å velje internasjonal solidaritet ut frå våre eigne prinsipp. Denne fridomen har vist seg å vere viktig ved fleire høve. Under forhandlingar med dei minst utvikla landa i verda, MUL-landa, kom det i 1995 til konfrontasjon mellom MUL på eine sida og USA, EU og Japan på andre. Her var EU like aggressive som USA, og EU-medlemmene Sverige og Danmark var berre statistar. Noreg prøvde her å byggje bru, og kunne spele ei fri rolle fordi vi ikkje var med i EU.

– Men EU-utvidinga kan vel skape økonomisk utjamning i Europa?

– Delar av Aust-Europa kjem nok til å få økonomisk framgang. Samstundes kjem skilnadene til å auke innanfor dei einskilde landa, seier Lundteigen før mobilbatteriet hans gjev opp.

Fundamentalisme

I 1994 var bonde- og småbrukarleiar Aina Edelmann ein viktig figur på nei-sida. I dag heiter ho Aina Bartmann, men ho er framleis nei-kvinne – sjølv om ho trur utvidinga kan skape økonomisk framgang i dei austeuropeiske medlemslanda.

– Vi har sett før at EU har hjelpt fram fattige land. Medlemskapen gav økonomisk oppsving i land som Portugal, Hellas og Spania. Men om Noreg er interessert i å hjelpe Aust-Europa, er det betre å bruke pengane direkte i staden for å gjere det gjennom EU-systemet.

– Kva med «rikmannsklubben» frå 1994?

– Slik eg ser det, handla rikmannsklubbargumentet om at EU er tufta på ein føremålsparagraf med fri flyt som grunnlov. EU er marknadsfundamentalisme sett i system.

– Men nett frihandel blir av mange rekna for å vere det som skal skape vekst i fattige land?

– Eg er klar over det, og der er eg usamd. Eg trur ikkje det er oppskrifta for ei god samfunnsutvikling. Det å vere EU-motstandar handlar ikkje om å mangle solidaritet med Aust-Europa, men skepsis til EU som system, seier Bartmann.

– Men EU er vesentleg endra etter utvidinga?

– EU har no utfordringar av andre dimensjonar enn før. Men det er framleis dei store, sterke og rike landa som legg løpet. Og den demokratiske utfordringa er større, med store skilnader mellom dei ulike landa.


– Er ikkje utvidinga ei ny utfordring for norsk nei-side?

– Når vi ikkje vart lokka med av den svenske EU-medlemskapen, utgjer ikkje Polen noko sterkare press. Vi har vore eit land i Europa heile tida.

– Men utvidinga påverkar opinionen i Noreg?

– Det har ein psykologisk effekt. Det blir lettare å mane fram biletet av «vesle Noreg, som står utanfor alt som skjer» når EU blir enda større på Europa-kartet. For nei-sida er det viktig å få fram alternative, internasjonale samarbeidsformer, så vi ikkje blir svar skuldige, seier Aina Bartmann.

Fri stemme

– For meg var det eit viktig argument i 1994 at EU var ein rikmannsklubb – og i ein viss forstand er EU framleis det, seier SV-leiar Kristin Halvorsen.

– Den økonomiske politikken er stadig innretta etter marknadslover og liberalistiske prinsipp, sjølv om dei fattige europeiske fetterane er inviterte inn.

– Argumentet om rikmannsklubben handla vel om at Noreg skulle kunne føre ein meir solidarisk utanrikspolitikk enn EU?

– Ja, og det utanrikspolitiske argumentet er framleis viktig: Dei andre nordiske landa må samordne utanrikspolitikken sin med EU. Vi kan bruke vår stemme utan å samordne oss med EU. Det er elles verdt å merkje seg at fleire av dei nye medlemslanda er ivrige til å uttrykke støtte til USA. Det styrker ikkje den USA-kritiske delen av EU, som somme har lagt stor vekt på.


– EU-utvidinga er venta å skape økonomisk vekst i dei nye medlemslanda?

– Ja, men ho kjem òg til å medføre ei monaleg strukturrasjonalisering, som blir noko av ein blåmåndag for dei nye medlemmene, med stor arbeidsløyse. Dei nye medlemmene kan få materiell vekst ved å kople seg på EU-marknaden, men det blir ikkje smertefritt. Gjennom EØS er Noreg elles ein viktig bidragsytar til overføringane til dei nye medlemslanda.

– Kan ein tenkje seg noko viktigare tiltak for utjamning mellom Aust- og Vest-Europa enn EU-utvidinga?

– SV foreslo at Noreg kunne tilby EU å betale bidrag på andre måtar: ikkje til medlemslanda, men til fattige europeiske land som ikkje er med i EU, mellom dei Russland. Det ville verke meir utjamnande enn ordninga i dag. Men dette fekk vi ikkje gehør for. Og dei norske bidraga i Russland har blitt reduserte, seier Halvorsen.

– Når EU endrar seg, er det ikkje ei stor utfordring til nei-sida i Noreg?

– Det er ei utfordring å ha gode svar i debatten. Mange er nyfikne på kor EU vil gå, og det er viktig at vi er med i diskusjonane på ein reflektert og nyansert måte.

– Utvidinga pregar også den norske opinionen?

– Eg trur ikkje det er avgjerande. EU-debatten vår bør dreie seg om kva rolle Noreg kan ha i verda. Vi er eit lite land uansett, spørsmålet er om vi ikkje kan gjere litt meir utanfor EU enn innanfor. Eg trur det. Det demokratiske underskotet i EU er påtakeleg. Det overnasjonale skaper avstand til dei politiske avgjerdene, og det er ei farleg utvikling, seier Kristin Halvorsen.

Same EU som før

– Eg kan ikkje hugse at eg nokon gong har brukt omgrepet «rikmannsklubb» i EU-debatten, i alle fall har eg aldri lagt vekt på det, seier nei-ideolog og sosiolog Ottar Brox.

– Men nei-rørsla er ikkje toppstyrd, som vi såg da nokre bergensarar meinte at EU var Dyret EU var Dyret i Openberringa, og vart brukte til å diskreditere heile rørsla. Eg ser at ein del har gjort nummer av argumentet om rikmannsklubben, men eg synest ikkje det er så interessant.


– Men utvidinga endrar karakteren til EU?

– Spørsmålet er kva slag rolle desse nye EU-landa kjem til å spele. Då andre relativt fattige land kom inn i EF eller EU, var dei få i talet, og det var meir overskot å fordele. Da kunne EU fungere meir som eit omfordelingssystem. Men i dag er den europeiske kapitalismen inne i ein annan fase. Arbeidsløysa er stor også i vest. Dermed er det ikkje plass til ein stor straum av arbeidstakarar frå aust til vest, utan at dei bremsar lønsutviklinga eller at betre betalte arbeidarar blir skifta ut med dårlegare betalte, seier Brox.

– Derimot er det enormt mykje kapital i vest, men lite plass for industriell ekspansjon. Difor er det meir truleg at investorar i vest vil kjøpe eigedom i aust som spekulasjonsobjekt. Den tendensen vi har sett til utjamning og omfordeling i EU tidlegare, kan vi ikkje utan vidare rekne med å sjå no.

– Men det er vel grunn til å tru at EU-medlemskapen skal skape ny vekst i aust?

– Ein kan håpe at det skal bli slik, men eg meiner det er viktig å gjere merksam på nokre andre moglege scenario. Eit land som Irland fekk vekst som ein industriell satellitt for dei store internasjonale selskapa – men det var medan europeisk industri var i ein ekspansiv fase. Slik er det ikkje no.


– Er ikkje EU vesentleg endra etter utvidinga, meiner du?

– EU er det same som det var. I hovudsak er EU eit system som tek sikte på å redusere dei folkevalde sine sjansar til å leggje seg borti økonomien. I økonomistyringa er demokratiet erstatta av teknokratiet i Kommisjonen, og arbeidsløysa er på eit nivå som denne generasjonen av arbeidsgjevarar ikkje ser ut til å ha noko imot.

– Og dette blir ikkje endra av utvidinga?

– I så fall til det verre. Utvidinga gjer det lettare å halde lønene nede, ved å erstatte arbeidskraft i vest med billegare arbeidskraft frå aust.

– Meiner du at dei har gått fem på, austeuropearane som vonar på vekst og velstand gjennom EU-medlemskapen?

– På kort sikt kan nok EU fungere utjamnande. Men på lengre sikt trur eg at Aust-Europa kan bli ein slags koloni for Vest-Europa, seier Ottar Brox.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |