Dag og Tid nr. 18, fredag 30. april 2004

På tomannshand:
Frontkjempar for alltid
Som ung var han frontkjempar, og det innrømmer han gjerne.
Denne tysdagen – 27. april – kjem han rett frå gravølet i Folk og Land – det gamle organet for tidlegare NS-medlemmer.
Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no

Kjell Blich Schreiner er ingen ungdom lenger, og det er ikkje dei tidlegare medlemmene av Nasjonal Samling heller. Dei siste 15 åra har Schreiner vore ansvarleg redaktør for Folk og Land, men no er det slutt.

– Eg er 81 år, men likevel ein av dei yngste. Det var vemodig å leggja ned Folk og Land, men me greier ikkje driva vidare. Det same skjedde med Heimefronten like før jul i fjor. Den siste av motstandsgruppene la inn årene. Dei hadde vorte for få og gamle, og markerte det på Hotel Continental. Me nøydde oss med kaffi og blautkake på kontoret, fortel den avtroppande.

Men ikkje alle er interesserte i at Folk og Land legg inn årene.

– Då det vart klart at det gjekk mot nedlegging, fekk me høyra at Erik Blücher og nynazistane ville byrja å gje ut ei avis med same namnet. Dei ville også sikra seg abonnementsarkivet vårt, men me greidde å fjerna det. For at nynazistane ikkje skal få overta namnet, kjem me i framtida til å gje ut eit lite meldingsblad med namnet Folk og Land.

Redaktøren forsikrar at Folk og Land heile tida har vore sterkt mot nynazistane.

– Dei har øydelagt så mykje for oss, med fyll og med å bera emblem som me aldri bar. Me marsjerte aldri med hakekrossen; me hadde vår solkross. Dessutan opptredde me aldri fulle. Det var strengt forbod mot fyll på møte og stemne i regi av NS.

Den game frontsoldaten vil ikkje ha på trykk kvar gravølet for Folk og Land vart halde. Heller ikkje vil han at det skal koma ut kvar avisa har hatt kontor. Ein gong heldt ho til i kjempeflotte lokale i ambassadestroket i Oslo, men så vart det oppdaga, og blitzarane kom og knuste ruter. Av omsyn til dei som budde i huset, fann avisa det best å flytta.

I framtida må blitzarane gå laus på andre. Folk og Land er ikkje nokon imponerande publikasjon, men han er både merkeleg og unik. Det siste nummeret, som kom ut i februar, er på tolv sider, og mange vil seia at det inneheld gammal graut. «Kappløpet om Norge april 1940» er hovudoppslaget, som så mange gonger før.

Men avisa har vore svært seigliva. Det var i 1947 at den pensjonerte læraren Nils Vikdal i Kristiansand byrja å gje ut Skolenytt. Frå sommaren 1948 fekk bladet namnet «8. mai».

– Den gongen hadde avisa nærare 15.000 abonnentar, fortel Schreiner.

Frå 1952 kom bladet ut i Oslo med ny redaksjon og med namnet Folk og Land. I 1958 tok Odd Melsom over som redaktør, og han vart sitjande i 20 år. Norsk krigsleksikon hevdar at det største opplaget avisa har hatt, er på 6000-7000, men legg til at det kan synast vel høgt.

– Då det siste nummeret kom i februar, var opplaget på 3000, men halvparten vart delt ut gratis til aviser og andre, fortel redaktøren. Norsk krigsleksikon hevdar at talet på abonnement var nede i 1000 i 1993.

– Kven har skrive i Folk og Land?

– Tidlegare NS-medlemmer, tidlegare frontkjemparar, historikarar og nøytrale skribentar, men også folk som har teke standpunkt mot oss. Dei gamle NS-medlemmene har abonnert for å halda kontakten, men også for å fanga opp det som er nytt.

I kvart nummer av Folk og Land er det oversikt over «vennegaver», og Schreiner fortel at folk har vore svært gåvmilde. I det siste nummeret fortel lista at det har kome inn mellom 30.000 og 40.000 kroner. Dessutan har det kosta 200 kroner å abonnera på dei seks utgåvene av Folk og Land som kjem ut på eitt år.

– Hadde ein mann som Henry Rinnan fått noko på trykk i Folk og Land, om han hadde overlevd landssvikoppgjeret?

– Nei, Rinnan var heilt forferdeleg. To gonger prøvde han å verta medlem i ungdomsfylkingen til NS, men begge gongene fekk han avslag på grunn av tidlegare kriminell verksemd. Han var aldri medlem av NS, og me fordømer fullt ut det som han var med på under krigen. Nynazistane har prøvd å få innlegg inn i Folk og Land, men me har aldri teke dei inn.

– Har avisa hatt nokon påverknad på det norske samfunnet?

– Ja, det trur eg. Avisa vert gjeven ut av Institutt for norsk okkupasjonshistorie, og saman har me absolutt hatt ein verknad. Dei første åra vart me kalla for nynazistar, men me har alltid teke sterk avstand frå nynazismen.

Schreiner viser til at både filosofiprofessor Arne Næss og tidlegare biskop Per Lønning er blant dei som har halde foredrag på møte som Institutt for norsk okkupasjonshistorie har arrangert.

– På desse møta har me ikkje hatt NS-folk som foredragshaldarar, berre motstandarar, og då har det alltid vore stappfullt.

I dag bur Kjell Blich Schreiner i generasjonsbustad på Hønefoss. Foreldra er gravlagde i Dale i Sunnfjord, og Schreiner fortel at han kjenner sterk dragning til Vestlandet. Då han var barn, var faren Vidkunn Schreiner redaktør i den konservative avisa Christiansands Tidende. Sommaren 1936 opplevde Kjell Blich Schreiner eit merkeleg møte i skjergarden utanfor Kristiansand. På ein holme vart faren merksam på eit fargerikt følgje. Det viste seg å vera Leo Trotskij saman med norske kommunistar. Medan Schreiner senior intervjua russaren, sovna junior på fanget til fru Natalia Trotskij. Intervjuet med Trotskij selde redaktøren til fleire utanlandske aviser, og for pengane kjøpte familien billettar til ei Tysklands-reise.

– Der fekk me oppleva Adolf Hitler tala, og det var stort, har Kjell Blich Schreiner fortalt til Bergens Tidende.

Under krigen tilsette tyskarane faren som redaktør nettopp i Bergens Tidende.

– Han var så nasjonal som det gjekk an å vera og byrja nesten å gråta når han høyrde «Ja, vi elsker». I avisa var han ivrig etter å skriva mot kommunismen. Eg vart snart fanga opp, og som tiåring vart eg eitt av dei yngste medlemmene i NS.  

– Du var frontsoldat og ungdomsleiar for Hirden. Likevel forsvarar du det du har gjort?

– Å ja!

I 1940 vart Kjell Blich Schreiner og fleire vener sende til Berlin for å studera Hitlerjugend.

– Det var tydeleg at tyskarane ville fortyska oss, seier han.

– I Tyskland oppdaga eg litt om korleis jødane hadde det. Me var på veg til operaen i samla tropp då me oppdaga ei eldre dame som snubla i rennesteinen. Me såg at ho hadde jødestjerna på jakkeslaget, men me fekk henne på beina. Då me reiste oss, stod ei stor forsamling tyskarar og såg forskrekka på oss. Den tyske leiaren skjelte oss ut for å hjelpa dama, og me vart sende tilbake til skulen. Då me kom heim til Noreg, rapporterte me dette til minister Axel Stang. Han vart rasande og rapporterte det vidare til tyskarane som lova å formidla kritikken til Tyskland. På den tida visste me ikkje meir enn at jødane gjekk med jødestjerne, og at dei vart dårleg behandla. Det var først då me kom heim etter krigen at me fekk vita om masseutryddinga.

– Kva synest du om den engelske historikaren David Irvings påstandar om at masseutryddinga av jødar ikkje har funne stad?

– Det er sjølvsagt berre tull!

Kjell Blich Schreiner var knappe 18 år då han vart frontsoldat. – Om lag 15.000 melde seg til teneste, og av desse reiste 7000-8000 austover. Eg verva meg friviljug, og det gjorde alle i den norske legionen. I slutten av 1941 kom me til ein stad i nærleiken av St. Petersburg, og der vart me liggjande i skyttargraver. Russarane låg i skyttargraver berre 60-70 meter unna. Både kulden og kampen var forferdeleg. Kringom oss fall menneske i tusental, og det krydde av lus.

Kjell Blich Schreiner fekk ein granatskade i beinet og vart send på sjukehus i Köningsberg og vidare til Berlin i 1943.

Etter krigen fekk han sin dom. Den 9. mai 1945 vart han arrestert i Florø. Der var han ungdomsleiar for Hirden i Sogn og Fjordane. Han hamna i fangeleiren på Espeland ved Bergen. Der sat også faren innesperra.

– Som alle andre fekk eg den vanlege frontkjemparstraffa på fire år. Dei fleste slapp med to år, men eg vart berre sitjande der fram til byrjinga av 1948.

– Syntest du det var urettferdig då du vart dømd?

– Nei, men eg synest det var urettferdig at alle passive medlemmer vart dømde. Eg hadde ikkje venta at så mange skulle verta dømde så hardt. Eg hadde ikkje trudd at me skulle verta dømde som landssvikarar, men som opprørarar.

– De var ikkje landssvikarar?

– Nei, så absolutt ikkje. Ein kan til naud kalla oss opprørar.

– Men de sveik både kongen, regjeringa og folket?

– Sveik ikkje dei oss då dei rømde frå landet, spør Schreiner. Men han vil ikkje rakka ned på kongen.

– Det er noko som heile familien vår har halde oss for gode til; me har aldri sagt «dævelskap» om kongen og jødane. Når me i ettertid har lese om den behandlinga jødane fekk, har me vore mot det som vart gjort.

Kjell Blich Schreiner har greidd seg godt etter krigen.

– Men i leiren på Espeland var det fælt, med lite mat og fangevaktarar som kom frå Sverige, og oppførte seg nett som tyskarane. Men som frontkjempar var ein van med å ha det vondt, og det gjorde oss ikkje så mykje. Fire dagar etter at eg slapp ut frå leiren, fekk eg meg jobb som rekneskapsførar i eit slepebåtfirma. Der møtte eg ein kommunist som hadde vore fange i Tyskland, og me utveksla røynsler og vart gode vener. Men eg var ingen dyktig rekneskapsførar. I staden satsa eg på hotellfagskulen og reiste ut på cruiseskip. Sidan vart eg restaurantsjef på Stjernesalen i Bergen.

– Fortel du om fortida?

– Når eg har vore saman med folk ei stund, fortel eg kven eg er og kva eg har vore med på. Eg fortel at eg står for det som eg har gjort. Me debatterer gjerne, og det er ikkje alltid me vert samde, men det er årsaka til at eg vert respektert, trur eg.

– Er det noko du angrar på?

– Det spørsmålet har eg fått mange gonger, men eg gjer i grunnen ikkje det. Det skjedde mykje dumt, men det skjer i alle parti. Me plukka binders, flagg og toppluer av folk, men det var småtteri. Det er ingenting alvorleg som eg angrar på.

– På slutten av 30-talet var det mange som forlet Nasjonal samling. Har du nokosinne ønskt at også du hadde forlate partiet den gongen?

– Nei, så langt ifrå! Eg var heilt frelst. Då det var slutt, sa eg til meg sjølv at viss det hadde hjelpt Quisling og partiet, skulle eg ha kasta meg framfor ei sporvogn.

– Er det ikkje både skremmande og livsfarleg å gå så sterkt inn for i ei sak?

– Eg har tenkt på det når eg ser dei religiøse rørslene i dag. Det er forferdeleg, men eg såg det ikkje slik då eg var med i Nasjonal Samling.

– Det vert hevda at Folk og Land har gjort NS-medlemmer og frontkjemparar ei bjørneteneste ved å halda debatten om rettsoppgjeret varm, i staden for å gløyma?

– Ja, men me vil ikkje gløyma, og det viser det gode samvitet vårt. Hadde me hatt dårleg samvit, hadde me gjort det.

– De greier ikkje å ta sjølvkritikk på det som de gjorde under krigen?

– Det greier me, når me har gjort dumme ting.

– Som til dømes?

– Det er vanskeleg å koma på noko i farten, men eg følgde samvitet mitt fullt ut då eg reiste til fronten.

– Du greier ikkje å kritisera Quisling?

– Nei, ikkje på nokon måte. Nasjonal Samling var eit lovleg parti, og programmet var godt. Hadde me ikkje hatt Quisling, hadde Noreg sikkert vore eit tysk protektorat. Under krigen vart me fullstendig førde bak lyset av Hitlers lovnader, men me avfeia han midtvegs ut i krigen.

– Var det ikkje vanskeleg å delta i krigen på eit slikt grunnlag?

– Det var ikkje for Tyskland me kjempa. Me kjempa mot kommunismen, for landet vårt og for at me kanskje kunne vera grobotn for ein ny norsk hær. I legionen hadde me norske offiserar og norsk kommandospråk. Då me kom til Tyskland, var det meininga at me skulle avleggja eid til Hitler, men ein stor del av oss nekta.  

Trass i at det no er slutt for Folk og Land, kjem norske frontkjemparar og tidlegare NS-medlemmer framleis til å møtast.

– År om anna legg tidlegare frontkjemparar ut på tur til gamle kampstader. Me har til dømes vore tilbake til ein av St. Petersburgs forstader. Der hadde me hovudkvarteret vårt, og der har me møtt motstandarane frå krigens dagar. På staden finst det ein stor minnestein som den katolske kyrkja og motstandarane våre steller om. Då me kom dit, var nauda forferdeleg. Dei sovjetiske mennene var ute for å kjempa i krigen. Berre kvinner og barn var tilbake. Svolten herja, og dei fall døde kringom oss. Me som var legionærar, delte rasjonane våre med dei, og hjelpte dei på alle moglege måtar. Dette er ikkje gløymt. Når me kjem tilbake dit i dag, vert me svært godt mottekne. På staden har me adoptert ein barneheim som me sender pengar til. Dessutan har russarane oppretta ein forsoningsorganisasjon som rettar seg både mot tyskarane og oss. Etter krigen har me hatt dei sovjetiske motstands-kjemparane på vitjing hjå oss i Oslo, og dei har budd hjå våre folk. Saman har me vitja gravplassen til sovjetiske soldatar her for å æra dei.

Som redaktør for Folk og Land har Kjell Blich Schreiner fått mange telefonar og førespurnader.

– Eg har inntrykk av at halve Noreg skal skriva bøker om krigstida og om oss. Særleg er det studentar og dei unge som er interesserte. No kjem dessutan snart filmen om Svein Blindheim, og det vert interessant. Dessutan kjem Egil Ulateig med bok om frontsystrene, som vart så dårleg behandla etter krigen. Ein god del av dei var sjukepleiarar tilknytte Raudekrossen. Dei melde seg for å pleia både ven og fiende under krigen, men då dei kom tilbake fekk dei gjennomsnittsstraffer på to års fengsel. Det var mange av dei, truleg fleire hundre. Hanna Kvanmo var ei av dei.

Kjell Blich Schreiner fortel at han røystar Framstegspartiet.

– Dei fleste i miljøet gjer det, og gjer dei ikkje det, vel dei SV. Eg høyrer aldri om nokon som røystar Høgre, Ap eller KrF.

– Vel dei Framstegspartiet på grunn av innvandringspolitikken?

– Ja, eg trur det, men for meg er ikkje det det viktigaste.

Schreiner fortel at han har halde kontakten med mange av frontsoldatane, og framleis har dei veterantreff.

– Me kjem nok til å halda kontakten også i framtida. Det er vanskeleg å seia kor mange som framleis lever, men det kan vel vera nokre tusen. I fleire landsdelar har dei sine månadlege treff, fortel den avtroppande redaktøren.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |