Dag og Tid nr. 17, laurdag 24. april 2004


Bøker:
Eventyret som tar kaka
 Dette er eit eventyr av ei bok - bokstaveleg talt. Det eventyrlege ligg både i handlinga og i språket, ja i heile leseopplevinga! Og det kjem ikkje berre av forfattaren.

ROMAN
Andrus Kivirähk:
Trollskap i november
Pax forlag, 206 sider.
Omsett frå estisk av  Turid Farbregd

Romanen blei premiert som årets beste bok i Estland i 2000. Forfattaren Andrus Kivirähk er fødd i 1970 og er utdanna journalist. Han er kjent for sine satiriske, tabubrytande avisspalter og har dessutan skrive fleire romanar og barnebøker, samt skodespel og TV-seriar. Han blir sett på som eit av dei mest originale komiske talenta i estisk litteratur.

Handlinga finn stad på landsbygda, i eit samfunn som består av liveigne estiske bønder rundt eit storgods som blir styrt av ein tysk baron. Alt skjer i løpet av november månad, i eit uspesifisert år, men kanskje er det for om lag 150 år sidan.

Den første november inntreff på ein torsdag, den mest magiske vekedagen, og troll og skrømt fyk gjennom lufta. For folka i bygda er det ikkje noko merkverdig med det; dei livnærer seg av tjuveri alle som ein og nyttar seg ivrig av alskens trollpakk.

Tenestejenter går rundt i kjolane til baronessa, og fattigfolk et mat frå baronen sitt stabbur. Dette er allment akseptert blant alle i bygda; storfolket merker ingenting eller er likeglade, dei berre bestiller inn fleire klede og meir mat etter kvart som det dei eig forsvinn. Djevlar og gjenferd er romankarakterar på lik linje med dei levande bøndene, og alle omgås i mistenksam og fiendtleg forståing.

Bøndene stel frå godset og frå kvarandre, hovudsakleg ved hjelp av «skratter», framtoningar dei konstruerer av plankar og bøtter og eigentleg kva som helst, og som dei så får blåst liv i ved å alliere seg med sjølve djevelen. Ingen er lojale mot nokon, ingen nyt synderleg respekt av nokon, verken baronen, tykjen, heksa eller pesten, og alle er ute etter å lure alle. Og det klarer dei: Alle vonde makter blir øydelagd, igjen og igjen, dei gode maktene med - og alt går gale.

Det gjer også romanen si lidenskapelege kjærleikshistorie. Ein fattigmann forelskar seg sjukleg i dottera til baronen, og ei fattigjente forelskar seg i den forelska fattigmannen. Det er ei vakker forteljing med element både frå folkeeventyra og verdslitteraturen. Men sjølv om fattigmannen lagar seg ein skratte av ein snømann(!) som skal hjelpe han til å få den vakre baronessa, og sjølv om  fattigjenta skapar seg om til ulv og sørgmodig luskar rundt i buskene på natta, får denne romanen sanneleg ingen happy end. Og likevel lo eg så tårene trilla.

For Trollskap i november er eit vanvittig sprøtt eventyr - men det er meir enn oppspinn. I vaskesetelen frå forlaget står det at boka kan lesast som ein harselas over det sjølvstendige Estland, der mål og meining med livet er å bli rik, og der alle midler kan brukast. Og slik nordmenn kjenner seg igjen i karakterane i Ibsens Peer Gynt, slik kjenner esterane seg igjen i karakterane i denne romanen. Den er ein satirisk allegori over heile det estiske folket sitt mangslungne og svært lange historie som kasteball for ulike nasjonars interesse, frå mange hundreår før det blei ein del av Romanov-dynastiet, og seinare ein sovjetrepublikk. No er det estiske folket blitt akseptert som europearar - med alt dette vil innebere framover.

Originalutgåva er skriven på estisk, og det er eit språk eg ikkje kan lese. Likevel tør eg påstå at den norske omsetjinga tar kaka! Turid Farbregd, Noregs einaste omsetjar frå estisk, er opp gjennom åra blitt heidra forsvarleg både med norske og estiske prisar, og omsetjingane hennar er etter mi meining alltid gode. Men her overgår ho seg sjølv. Trollskap i november er omsett til eit så forrykande ellevilt, fantasifullt, fælt og vakkert norsk at eg naut kvart eit ord og måtte lese fleire setningar om og om igjen berre for å trekkje ut gleda. Turid Farbregds norsk er nynorsk - og ho svingar seg rundt i det leikande som ein akrobat, med smidig kontroll. Kom ikkje og påstå at norsk er eit fattig språk!
Nøste Kendzior

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |