Dag og Tid nr. 14-15, laurdag 3. april 2004


Bente Riise:
Avgjerande journalistikk
Gravejournalistikk har vore omgjeven av mytar og mystikk. Ein har gjerne sett for seg hardbarka karar i skinnjakke med oppbretta krage og solbriller på hemmelege oppdrag. Menn som sit i mørke redaksjonslokale til langt på natt for å avsløre korrupsjon, kriminalitet og svindel. Dei som får ein toppolitikar til å måtte gå av, ein finanshai til å gå i fengsel, ein næringslivstopp til å bli dømd til eit liv som konsulent. Det har gjerne handla om finans, politikk og etterretning. Fallskjermar. Store pengar, gjerne under bordet. Watergate.

Lenge stemte nok dette bildet, men mykje har skjedd sidan SKUP, Stiftelsen for en Kritisk og Undersøkende Presse, vart stifta. Eit solid oppbod av journalistar frå presse og kringkasting møtte opp til stiftingsmøtet i 1991, og det vart sett ned gravegrupper og prosjekt i mange redaksjonar, iallfall i Oslo. Seinare begynte også regionavisene og lokalavisene. Det var mykje prøving og feiling med metodar, organisering av folk og arbeid, og mange hadde meir interesse enn evne og tolmod. Det har gått litt opp og ned med gravinga i norske redaksjonar.

Men macho-stempelet kan ein iallfall leggje bort. Det var nesten ei rein kvinneforsamling som for to veker sidan stod på podiet og fekk SKUP-diplom for god undersøkjande journalistikk, då åtte av ti diplomar gjekk til kvinner. Hovudprisen gjekk til to mannlege journalistar i VG som avslørte psykiateren Sharok Azazi og Lucia-stiftelsen, som utetter var ei idealistisk stifting som gav bu- og behandlingstilbod for barn og vaksne med store psykiske problem, og innetter ein stad som brukte tungt kriminelle som miljøarbeidarar – medarbeidarar som var knytte til torpedoverksemd og ruskriminalitet på fritida. I dag er institusjonen under avvikling og leiaren sit i varetekt. Dei to journalistane, Rolf J. Widerøe og Tor Strand, hadde snakka med 250 munnlege kjelder, gjort 70 intervju, 61 personar vart inngåande granska og ei lang rekkje verksemder vart inngåande saumfarne. Juryen sa at dette var journalistikk av ypparste klasse.

Det er klart at det er langt frå alle journalistar og redaksjonar som har ressursar til å drive så inngåande graving. Mange små redaksjonar har meir enn nok med å klare å fylle morgondagens avis. I distrikta har ein murra litt fordi det er dei store redaksjonane i Oslo som har hatt kapasitet til å grave, og som også har fått flest prisar. Men dei siste åra har stadig fleire grave fram viktige saker i sine lokalmiljø, og dei som har gjort det, har som regel gjort det ved sida av anna arbeid. Det handlar om å kunne metodar og å leggje til rette. Det handlar om å prioritere.

Heldigvis er det no stadig fleire felt enn finans og politikk som blir granska. Kritikkverdige forhold finst det overalt, og det er pressa sitt samfunnsoppdrag å avdekkje slike forhold. Av dei arbeida som vart sende inn til SKUP i år, var det omtrent like mange saker knytt til helsevesenet som til økonomi og finans, og det var ei større breidd i type område og felt enn nokon gong. Og altså svært mange kvinnelege gravarar. Dette gjer noko med gravejournalistikken, fleire får lyst til å drive med dette, og det blir grave i andre typar saker.

Over 500 journalistar og redaktørar tok del på årets SKUP-seminar, noko som var rekord. Utifrå dette kan det verke som det aldri før har vore så stor interesse for å lære om og å drive med graving. Dette er ei interessant utvikling, også fordi det er fleire forhold som gjer at den undersøkjande journalistikken kan bli meir utsett framover.

Aviser og andre medium er inne i tronge tider. Stadig fleire får kutta budsjetta, og redaksjonane sit att med både mindre ressursar og færre medarbeidarar. Mange fryktar at effektivisering og nedskjering kjem til å gå ut over den kritiske journalistikken. For det kostar å jobbe grundig, tid er pengar, og kanskje er dei små redaksjonane mest utsette.  

Ein annan ting er journalistane. Mange mellomleiarar i norske medium klagar over den unge generasjonen journalistar, at dei er for «flinke» og ukritiske. Journalistutdanninga er blitt ei av dei vanskelegaste å kome inn på, og journalistyrket er blitt kult, eit springbrett til andre karrierar. Det er ikkje eit brennande engasjement eller ei overtyding om at dei skal spele ei viktig samfunnsrolle som er drivkrafta.

For å drive undersøkjande journalistikk er det journalistens vilje til å grave og stå på som er avgjerande. Det er ofte svært tidkrevjande, og fordrar at ein vil noko meir enn å underhalde lesaren. Men underhaldning fyller no stadig meir av avisene. Dagbladet og VG tevlar med Se og Hør på kjendisstoff, og vedgår det heilt ope.

Med ei større satsing på underhaldning får pressa også ei utfordring med å forklare kva slags rolle dei skal spele i samfunnet, og kvifor dei treng momsfritak for «det frie ord». Skal avisene fylle si rolle og utøve sitt samfunnsoppdrag, må ein satse meir og betre på kritisk og undersøkjande journalistikk. Det krev ein sterk vilje, både frå journalistane og leiinga. Ein kan ikkje rekruttere berre unge nikkedokker som vil underhalde. Ein kan heller ikkje ha utgjevarar som berre ser det økonomiske resultatet som suksesskriterium.

Gode aviser er meir enn det. Det må dei, om dei framleis vil vere aviser, då.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |