Dag og Tid nr. 14-15, laurdag 3. april 2004


Bøker:
Arbeid frå ei meisterhand
Det finst to internasjonalt kjende norske statsvitarar. Jon Elster, no ved Columbia, før ved Chicago, Oslo og Paris, er den seriøse av dei.

SAKPROSA
Jon Elster:
Oppgjøret med fortiden.
Internasjonalt perspektiv på overgangen til demokrati
Pax


Oppgjøret med fortiden. Internasjonale perspektiver på overgangen til demokrati
 er den første boka hans på norsk på 15 år. Det kan vera at den norske marknaden for klåre tankar som er presist formulerte er for liten, men spanskspråklege lesarar har tilgang til fleire av bøkene hans enn norske. Elster er globalisert i ordets beste tyding. Han skriv bøkene sine på engelsk (og fransk). Også Oppgjøret med fortiden er omsett og Mie Hidle har gjort eit stort sett framifrå arbeid.

Jon Elster er mest kjend for  arbeidet sitt innan vitskapsteori, med særleg vekt på rasjonalismekritikk, og politisk teori, med vekt på problema knytt til distributiv rettferd. Oppgjøret med fortiden», første boka frå forskingsprosjektet «Å overkomme fortiden», handlar om distributiv rettferd. Ikkje teoretisk. Heilt konkret om rettferd i oppgjeret med fortida når ein nasjon går frå diktatur til demokrati. Boka sameinar, som det står på vaskesetelen, historisk framstilling med filosofisk analyse av dei problema som oppstår når det som var lov i går vert ulovleg i dag fordi regimet skiftar. Eller, meir spissformulert: Kan sigerherrejustis vera rettferdig?

Overgangen før og no

Den empiriske kjernen i boka er 36 historiske tilfelle av overgang frå eit autoritært regime til demokrati; det statsvitskapen kallar demokratisk transisjon. Elster famnar vidt – frå oppgjeret med oligarkane i Athen i 411 og 403 over restaurasjonane i England (1660) og Frankrike (1815) til oppgjeret med nazismen både i Tyskland og dei okkuperte landa etter 1945 – til avviklinga av autoritære regime i Sør-Europa og Latin-Amerika og kommunismen i Aust-Europa i nær fortid.

Men det er, overraskande nok, dei to transisjonane i Athen som får mest plass. Overraskande fordi statsvitskapen i si dyrking av sin eigen modernitet ikkje plar bry seg med døme eldre enn 1945. Men Elster viser med dei to døma frå antikken at alle problem som dukkar opp i vår tid var kjende og vart problematiserte også for over to tusen år sidan. Både klassifikasjonen av overgangar han presenterer i kapittel 1 og det analytiske rammeverket han legg på plass i kapittel III, er av det beste denne bokmeldaren har sett til no. Men det burde ikkje undra nokon.

Pensum

Boka har pensumkvalitet. Men ho bør og må finna lesarar også utanfor lesesalane. Elster maktar å gjera eit viktig, interessant, men vanskeleg stoff lett tilgjengeleg. Det gjer godt å sjå ei meisterhand i arbeid.
Men.

Som all overgangslitteratur er også denne boka prega av ein, i dette tilfellet heilt sikkert, umedviten liberal og humanistisk demokratisk triumfalisme: Påstanden om at berre folke- og fleirtalsviljen får rå grunnen, er tusenårsriket her. Elster si skildring av Athen er påfallande i så måte. Det er mogleg at Athen var eit «demokrati». Men Perikles’ regime var plebiscitært og imperialistisk; i moderne statsvitskapleg tale bonapartistisk. Det athenske folkestyret var finansiert ved rov. Dødsdomen mot Sokrates var, om ein skal tru Xenophon, demokratane sin hemn for at han røysta mot fleirtalsviljen i folkedomstolen i 406. Spissformulert provar Athen at rettsstat utan demokrati er betre enn demokrati utan rettsstat. Men rettsstaten er historisk eit produkt av det nordeuropeiske protestantiske einveldet. Han har inga anna form for kausal binding til det antikke demokratiet enn at det for dei som skapte rettsstaten var eit døme på dårleg styresett.

Men det er vel difor rettsstatsprinsipp er så vanskelege å sameina med demokratiske transisjonar.

Påfallande

Det er også påfallande at Elster, når han gjer greie for dei to posisjonane i synet på handsaming av taparane i overgangsoppgjer, republikanaren Stimsons forsoning og demokraten Morgenthaus hemn, teier om det viktigaste argumentet mot Morgenthauplanen om å avindustrialisera Tyskland etter 1945: At det ville ta livet av 30 millionar tyskarar. I handsaminga av nett dette emnet er mange venstristiske historiske dogme synlege. Det var faktisk britane under Labour, ikkje amerikanarane, som tok initiativet til oppdemminga av kommunismen i Europa. Og det var omsynet til attreisinga av dei okkuperte landa i Europa som sette bom for nedbygginga av tysk tungindustri. Utan kol frå Ruhr ville også gode sinnelagsetiske demokratar i Nederland og Danmark frysa i hel.

Mange vil også vera usamde i at kommunistregima i Romania og Bulgaria ikkje var innsette utanfrå, slik Elster hevdar i si klassifisering.

Dømet Tyskland rører heilt sentrale sider ved den demokratiske overgangen. Omsynet til rettferd må alltid vegast mot det naudsynte, for ikkje å snakka om spesifikt kristne dygder som miskunn. Justitia har ikkje høgare moralsk status enn necessitas så lenge det naudsynte vert gjort innanfor konstitusjonelle og retts-statlege rammer. Skjer det, degenererer politikken til sinnelagsetiske øvingar der målet alltid helgar middelet og midla vert ekstreme, enten dei er milde eller harde.

Paradoks

Det er eit paradoks at dei mest vellukka overgangane Elster skildrar enten har gått frå meir radikale til mindre radikale regime, som restaurasjon i England, eller har gått føre seg under ytre press og kontroll, som i Athen i 403 eller Tyskland i 1945, eller i paktar som sikra eliten rettstryggleik, som Spania i 1977 og Aust-Europa etter 1989. For avslutningsvis målber Elster tanken om at overgangsoppgjer etter autoritære regime er i ferd med å verta internasjonale institusjonar. Det er mogleg det. Det er også eit faktum at «demokrati» i svært mange land ikkje er anna enn tome institusjonelle former – ikkje minst der overgangen ikkje er administrert utanfrå. Demokratiet vert ein salida – ein utgang av ein overgang som ikkje fører nokon stad hen – som mange latin-amerikanarar vil hevda. I alle høve ikkje mot godt styresett.

Historisk er overgangane til demokrati mest vellukka i land som er demokratiserte med vald... Utanfrå. Av amerikanarane.
Pål Bakka

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |