Dag og Tid nr. 8, laurdag 21. februar 2004

Per Sivle:
Det vanskelege diktarlivet
– Du som ikkje tener pengar nok til å brødfø familien din, må ikkje eta så mykje, og ikkje leggja så tjukt med smør på brødet, sa kona – til Per Sivle.
Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no

Diktaren vart rasande. Kvit i andletet reiste han seg. Utan eitt ord treiv han smørasjetten og kasta han på golvet – så smøret skvatt oppetter veggen. Så fór han ut og vart borte resten av kvelden.
Året var 1900, og det stod dårleg til med Per Sivle. Den vesle familien hadde leigd seg inn i andreetasjen i Øvre Storgate i Drammen. Per Sivle hadde fått ein flik av stovebordet. Der skulle han som var så ille plaga med hovudverk, skriva dikt nok til å tena til livets opphald.

Riking og råtass
Per Sivle vart fødd i Aurland i Sogn 6. april 1857. Faren hans, Eirik, kom frå garden Sivle på Vossestrand. Mora, Susanna, var frå Nærøydalen i Sogn.
Mora døydde då Per berre var to og eit halvt år, men han meinte å hugsa eit skimt av andletet hennar. Faren var ein av dei største hestehandlarane i landet; ein riking som kjøpte sonen fri frå gardsarbeidet hjå steforeldra. Den unge Per fekk god tid til å lesa.

I 1875 flytta Sivle til Kristiania, og den 4. januar året etter noterte han i dagboka ein merkeleg draum han hadde hatt om mora. Det førte til at han skreiv sitt første dikt på norsk; «Dan fyrste songen».
Per Sivle byrja å skriva på riksmål, men halvparten av skriftene hans er på nynorsk. Dei siste åra måtte Sivle skriva riksmål – om han ville tena pengar.

Pietismen
Heimanfrå fekk Per Sivle med seg ein sterk kristen påverknad, og i ungdommen er han omtalt som ein mørk og pietistisk grublar. Etter at han vart konfirmert våren 1872, byrja han på Sogndal Folkehøgskule. Der knytte han kontakt med Jakob Sverdrup og den ivrige målmannen Henrik Krohn. I 1875 fór han til Statens planteskule i Sandnes, og der høyrde han Lars Oftedal tala i Sandnes bedehus.
Dei to første bøkene til Per Sivle var strengt religiøse. Den første, En digters drøm, gav han ut i 1878 under psevdonymet Simon de Vita. Ho er merkt av sjelestrid og angst i pubertetsåra. Digte kom ut året etter, men ingen av desse samlingane har vorte prenta på nytt, og Sivle vedkjende seg seinare berre motviljug at han hadde skrive bøkene.

Sjukdommen
Då Per Sivle drog til hovudstaden synest han å ha teke ei avgjerd; han ville verta prest, skriv Bjarte Birkeland.
Men Sivle var sterkt plaga med hovudverk – truleg migrene, og medan han las til artium, vart verken svært plagsam. Det vart så gale at han måtte kutta ut lesinga, og hovudverken plaga han sterkt i periodar resten av livet.
– Ein ulideleg hjerneverk med rykker av nakkekrampe. Det var som om nokon saga gjennom bakhovudet – saga og saga og gav seg god tid. Det røynde på vitet. Doktorane visste ikkje anna råd, men dei heldt han oppe med gode voner – og morfin, skreiv venen Anders Hovden.
Dei verste riene var så harde at Per Sivle var redd for å verta galen og koma på sinnsjukehus.

Redaktøren
I Drammen og Kristiania kom Sivle inn i ein kameratflokk av unge radikalarar, og han vart ein radikal venstremann og ein stor beundrar av Johan Sverdrup. Venstrebladet Drammens Amtstidende vart starta opp i 1882, og Per Sivle vart styrar.

Då Venstre vart skipa i Oslo i 1884, var det stor landsmøtefest i Arbeidersamfunnet, og dei fremste Venstre-folka var med. Då kom det fram ein ukjend mann, og det var Per Sivle, som las opp det første lange, sogediktet sitt «Erling Skakke og Sverre Konung».
– Folkemengda spila augo opp. Det vart stilt som i ei kyrkje. Dei såg ei openberring av noko nytt! Han fekk ei fagning som ikkje ville ta ende. Ingen andre opptredande vart meir akta på; Sivle han var mannen åleine, skriv Hovden.

Snart visste heile folket at ein gjæv skald hadde stige fram, skriv han – og legg til:
– Det var gildt å møta han på denne tida. Det var fòk i karen, og han var så tidlaus og gjekk i slik ein køyr gjennom gatene at venene han råka, vart rivne med. Hjernen hans var som ein smieavl der det alltid glødde av mange jarn. Hovudverken hadde han nok dagstøtt rier av, men den fjåge larmen av arbeid døyvde mykje.

Til Danmark
I 1884 reiste Per Sivle til Danmark, og der vart han verande i to år, den lengste tida ved Askov høgskule. Der skreiv han Sogor med utgangspunkt i heimbygda, og der møtte han Wenche von der Lippe Nilsen frå Bergen. I mai 1886 trulova dei seg, og i ein dansk bøkeskog skreiv Per Sivle det optimistiske diktet Vår-Von:

Han Per, han Per
– å hei! hurra, tralala! – han er her.
Og det kann han kjenna i kveld, i kveld,
at livet det er no det likaste lell!

Dei gifta seg i Bergen 1. august 1887. Samlivet vart vanskelegare enn dei hadde trudd, men dei heldt i hop, sjølv om dei budde på ulike stader i lange periodar.

Sverdrup-perioden
Medan den harde politiske striden gjekk føre seg i heimlandet, ikkje minst i Venstre, var Sivle i utlandet. Kanskje var han desorientert då han i 1887 vende heim for å ta over redaktørstillinga i Kristianiaposten. Avisa var venstreavis, men på denne tida var ho kontrollert av moderate venstrefolk som støtta Johan Sverdrup og regjeringa.

Politisk var ikkje Per Sivle alltid like konsekvent, og han heldt fram med å beundra Sverdrup også etter splittinga i Venstre. I viktige saker tok han standpunkt for Sverdrup mot Radikale Venstre, som stod for ei konsekvent haldning i unionsspørsmålet, i spørsmålet om allmenn røysterett og om diktarløn til Alexander Kielland. Redaktør Sivle støtta nølande Kielland, men han meinte at tida ikkje var moden for allmenn røysterett. Han var dessutan viljug til å fira på somme punkt overfor Sverige og måtte tola mykje kjeft.

Det kunne sjå ut som om Per Sivle hadde teke eit steg til høgre i politikken, men samstundes skreiv han dikt om arbeidarane og kampen deira. 17. mai 1888 let han prenta diktet «Arbeideren» i Kristianiaposten. Det same diktet innleier romanen Streik som kom ut nokre år seinare. I 1889 finn ein minnediktet for den franske revolusjonen i avisa. Det er ikkje så lett å skjøna korleis Sivle kunne støtta Sverdrup og samstundes skriva radikale arbeidardikt, men Bjarte Birkeland har peika på at to idear merkjer seg ut hjå Sivle: Nasjonal sjølvhevding og nasjonal einskap.

Streik
I 1891 slutta Per Sivle i Kristianiaposten og flytta til Svelvik for å fullføra Streik, den første arbeidarromanen som vart skriven her i landet.
Sivle bygde på faktiske hendingar. I juni 1881 streika trelastarbeidarane i Drammen. Nokre av leiarane vart arresterte, men streikande arbeidarar braut seg inn i rådhuset og sette arrestantane fri. Styresmaktene rekvirerte militær hjelp, og den 24. juni kom det til eit veritabelt slag mellom soldatar og demonstrantar på torget. Folkemengda brukte pukkstein, og soldatane svarte med å skyta med skarpt, fortel Willy Dahl i eit føreord til Streik.

I samanstøytane vart ein ung gut drepen. Mange vart skadde og femti arresterte. I romanen let Sivle den omkomne vera ein gammal mann, og boka kom ut ti år etter den store samanstøyten.
– Då hadde det sosiale klimaet vorte enda verre, men det gjorde likevel ikkje Streik til ein litterær suksess. Dei tonegjevande i litteraturkrinsar hadde vorte ny-romantikarar og kravde djupnepsykologi av diktarane, slår Willy Dahl fast.

Meldarane var samde om at det ikkje var noka god bok, men meldaren i Dagbladet var panegyrisk. Likevel vart Streik sett om til svensk, og det kom tyske utgåver i 1905 og 1916.
Den dårlege mottakinga av Streik her i landet gjorde ikkje livet lettare for Sivle.
– No vart han skuva ut av alle forhold, rykt opp med rot og slengd ut. Den mor- og heimlause hadde for første gongen smaka heimehugnad i samliv med ei kvinne, men fattigdommen reiv dei frå kvarandre. Kona og det eine barnet deira flytta heim til foreldra i Bergen. Sivle stod att åleine «så arm som ribbet strå», vanvyrd og helseknekt, skreiv Hovden.

Det nasjonale
Per Sivle hadde ei sterk nasjonalkjensle, og trass i at han vakla litt i unionsspørsmålet som redaktør i Kristianiaposten, tok han det att seinare. Utpå 1890-talet var det slutt på å mana til varsemd om tilhøvet til Sverige.

Per Sivle hadde god kjennskap til norsk historie, og han skreiv mange sogedikt. Alle er ikkje like aktuelle, men under krigen gjekk det til dømes rykte om at Gestapo var ute etter å arrestera ein forfattar som heitte Per Sivle og som hadde skrive ei rekkje illegale dikt om nazismen. Under EEC-kampen vart fleire Sivle-dikt plukka fram att.

Salta våre selskap
I juni i 1894 møtte Hovden Sivle på gata i hovudstaden. Sivle var sjuk både på lekam og sjel og tolte knapt å vera edru. Livet var altfor fælt. Hovden tok med seg Sivle til Lista der han budde, og der vart Sivle verande meir enn eitt år. Han arbeidde mykje, og det meste av Bersøglisvisur, Skaldemaal og Nye Vossastubbar var til her.
Han fekk forskot frå Samlaget for å skriva ei bok frå Vossabygdene som skulle heite Brigde, men det vart aldri noko av henne.

Skralt med diktarløn
I 1880 hadde faren til Per Sivle kjøpt garden Langum vest for Drammen. Per Sivle hadde ikkje evner og interesse til å verta bonde, men det hende at han stod på torget i byen og selde frukt, grønsaker – og eigne dikt.

I 1898 døydde faren til Per Sivle. Etter fleire år frå kvarandre flytta familien til Per saman att, men diktaren var ein vonbroten, sjuk mann, som hadde vorte van til eit rotlaust og flakkande liv. Familien budde på Langum ei tid, men så selde dei og flytta til Drammen. Der budde han dei siste tre-fire åra. Etter at han hadde betalt gjelda, var det lite att av arven. Han fekk stipend, men så var det slutt. Det vart søkt Stortinget om diktarløn for han, og han fekk diktarløn i eitt år, men i 1903 – berre 800 kroner i stipend. Seinare vart det ikkje sett av pengar til Per Sivle. Ingen tok til orde for han i Stortinget, og i pressa kom det ingen reaksjonar. Då Sivle fekk vita det, skreiv han: «No skal Noreg ha takk for meg», men Bjarte Birkeland peikar på at stipendsaka berre var ein del av tragedien.

 Kjelder: Ei livssoge av Anders Hovden – med tillegg av Karl-Anders Hovden.
Per Sivle – Bjarte Birkelands doktoravhandling.
Forfatterens litteraturhistorie – Klaus Hagerup om Sivle.
Sivle frå Voss, redaktør Bjarte Birkeland.
Streik – Willy Dahls føreord.
Dikt i samling.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |