Dag og Tid nr. 7, laurdag 14. februar 2004

Bøker:
Biografi over nynorskbibelen
Og Ordet vart nynorsk er eit verk av uvanleg stor kulturhistorisk verdi, meiner Anders Aschim.

Jarle Bondevik:
Og Ordet vart nynorsk. Soga åt den nynorske bibelen
Med bilete av Bjørg Hausle Bondevik
Norsk Bokreidingslag, 2003


Eg har ei vakker lita bok i handa. Ho er på snautt 150 sider og er utgjeven på eit lite forlag basert utanfor Oslo, sannsynlegvis med eit avgrensa marknadsføringsbudsjett. Men dei smålåtne ytre rammene kan ikkje løyne eit verk av uvanleg stor kulturhistorisk verdi. For å ta konklusjonen først: Alle som har att så mykje som eit fnugg av interesse for bibelsk litteratur eller norsk språk, bør lese denne boka!

Livsverk
Det ligg nær å seie at eit livsverk er samanfatta mellom desse to permane. Men det er å seie både for mykje og for lite.
For mykje, fordi Jarle Bondevik ikkje berre har sysla med nynorsk bibelspråk, sjølv om dette har vore eit sentralt arbeidsfelt for han gjennom 35 år. Nordisk-professoren i Bergen har mellom anna vore ein flittig utgjevar av Ivar Aasen-skrifter. Dessutan er han høgst oppegåande, så vi kan framleis håpe å høyre meir frå han, både om dette og hitt.

For lite, ettersom det er to livsverk representerte i denne boka. Dei talrike og fargerike bileta med bibelske og kyrkjelege motiv er det Bjørg Hausle Bondevik som står for. Bileta hennar er ikkje å forstå som illustrasjonar til ektemannens tekst, men som kunstnarens sjølvstendige kommentar til den bibelske tradisjonen. Slik fortel boka på fleire plan om vekselverknaden mellom bibelsk tradisjon og norsk kultur, om korleis bibeltekstane har påverka ein kultur som igjen har gjeve det bibelske materialet si stadeigne utforming. Eit tredje liv er skrive inn i boka gjennom dedikasjonen, til minnet om eit barnebarn som berre fekk leve ti månader.

Og 44 andre livsverk vert presenterte gjennom rammetekstar spreidde utover i boka. Kvar einaste omsetjar som har teke del i arbeidet med å gje Bibelen nynorsk språkdrakt, har fått sin korte biografi. Berre det er ei bragd. Oftast vert det Elias Blix og Alexander Seippel som kjem i fokus; den siste har fått ein gledeleg renessanse dei seinaste åra. Hos Bondevik er det plass til alle. Det har dei fortent.

Bibelbiografi
Men i denne boka er personbiografiane plasserte der dei høyrer heime, i margen. For først og fremst er dette biografien til den nynorske bibelteksten. Dette samlande grepet introduserer Bondevik i undertittelen og føreordet, og han gjennomfører det med konsekvens.

Og Ordet vart nynorsk kan med fordel meldast, kan hende jamvel lesast, bakfrå. Bibliografien er mykje meir enn eit pliktskuldig appendiks, ikkje mindre enn eit fullstendig kronologisk oversyn over «alle bibeltekstar som er omsette og prenta på nynorsk eller eit norsk målføre» i åra 1853-2003. Det ligg eit samlararbeid av dimensjonar bak desse fjorten sidene. Særleg på 1800-talet vart mange omsetjingar av korte tekstavsnitt trykte i tidsskrift og vanskeleg tilgjengelege publikasjonar.

I hovuddelen av boka følgjer vi dei ulike nynorske transformasjonane av dei gamle greske og hebraiske skriftene. Det er tekstane som får føre ordet. Eit fint utval tekstprøver presenterer dei ulike versjonane, frå «dei fyrste spirene» like etter midten av 1800-talet, gjennom «den store arbeidsbolken» i 1880-åra, som resulterte i det komplette landsmålstestamentet av 1889. Alexander Seippels omfattande omsetjararbeid har fått eit eige kapittel. Så kjem dei fullstendige bibelutgåvene: «Fyrebilsbibelen» (1921), «Indrebø-bibelen» (1938), den noverande kyrkjebibelen (1978/1985) og Norsk Bibel (1992).

Inn i denne renninga vev Bondevik med stor presisjon eit mangfald av trådar. Det språkpolitiske spelet legg sine fargar til historia. Valet av ord og former i dei ulike omsetjingane var emne for doktorgradsarbeidet hans. Ikkje alle akademikarar greier å formidle spesialfeltet sitt på ein forståeleg måte til folk flest, men det gjer denne. Med bibelspråket som inngang får lesaren eit godt oversyn over spenningane i målrørsla og utviklinga av det nynorske språket. Og dei korte innleiande kapitla, om grunntekster og grunnspråk, omsetjingsmetodar og bibelomsetjing på det nordiske språkområdet, gjev biletet perspektiv.

Dei avsnitta eg er mest glad for, handlar om bibelspråket vi ikkje fekk. Spesielt i kapitlet «Sidestraumar», men òg i det om «Dei fyrste spirene», får vi presentert tidlege talemålsnære eksperiment som Olaus Fjørtoft sin versjon av Bergpreika og – min personlege favoritt – tyskaren Georg Sauerweins bibelske salmar på gudbrandsdalsmål.

Språk og reformasjon
Det norske språket er fullt av bibelske allusjonar. Tittelen Og Ordet vart nynorsk spelar òg på ein bibeltekst: «Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss» (Johannes 1,14).
Da Noreg i 1981 slo England 2-1 i fotball, vart dette raskt kommentert på T-skjorter med påskrifta: «Gud er norsk». Denne typen nasjonalisme ligg Bondevik fjernt. Tittelen inneheld eit djupt teologisk poeng, som mellom anna var ei drivkraft for språk- og kyrkjereformatoren Martin Luther: Den inkarnasjonen evangeliet fortel om, er ikkje fullført før gudsordet har kome heilt inn i kvardagen til folk på deira eige språk. Berge Furre har sagt om dei som gjorde nynorsk til kyrkjemål «at dei på denne måten fullførde reformasjonen i Noreg». Bondevik nyttar ikkje så store ord. Men det er denne historia han har skrive.
Anders Aschim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |