Dag og Tid nr. 51/52, laurdag 20. desember 2003

Media:
I Laurdagsrevyen er Keiko større enn EU
Kva er viktigast: Handballjentene, kvalen Keiko eller krisa i EU?

Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no

Laurdag 13. desember: I Brussel blir det klart at EU-forhandlingane om ny grunnlov har brote saman. Unionen er i ei av sine verste kriser nokon gong, somme kommentatorar kallar situasjonen katastrofal.
Laurdagsrevyen, same kveld: Først kjem eit fire minutt langt innslag om det norske damelandslaget i handball, som har tapt kampen sin mot Spania og mista plassen i neste sommar-OL. Intervju med trenar, handballpresident, fortvilte spelarar. Keeper Cecilie Leganger fortel at ho er «helt sånn matt, på en måte».

Så kjem eit tre og eit halvt minutt langt innslag om at spekkhoggaren Keiko er død. Dagsrevyen fortel om sjukdomen til Keiko, intervjuar dyrepassaren frå Island, og gjev sjåarane ein liten biografi om kvalen. «Det er en fantastisk reise som nå er slutt», seier opplesaren, medan vakre klipp frå livet til Keiko glir over skjermen: Bassenget i Mexico, treninga på Island, leikande med barn i Halsa.
Så, åtte minutt inn i sendinga, kjem eit innslag om at grunnlovsforhandlingane til EU har brote saman.

Ei samla vurdering
Det viktigaste skal kome først, seier ein gjerne i mediesamanhengar. Skal ein følgje den logikken, er altså handballjentene og dødsfallet til Keiko viktigare enn EU-krisa for Laurdagsrevyen.

Dag og Tid ringjer til Erik Wold i NRK, som var vaktsjef for denne sendinga. Eg lurer på korleis redaksjonen kom fram til denne prioriteringa.
– Det er ut frå ei samla vurdering. Vi prioriterer det som er viktig og interessant, vesentleg og nytt – ut frå dei kriteria vi brukar. Det var slik eg prioriterte, seier Wold.
– Og handball-VM og Keiko var viktigare enn samanbrotet i EU-forhandlingane denne dagen?
– Eg treng ikkje å svare på det. Men vi laga rekkjefølgja ut frå dei kriteria eg skisserte.
– Kan du fortelje litt meir om kva refleksjonar som ligg til grunn for denne rekkjefølgja?
– Vi ser etter kva som er nytt, interessant, viktig, overraskande, uvanleg, etter det vi trur folk vil vere opptekne av.

– Somme vil til dømes meine at samanbrotet i forhandlingane om grunnlova til EU er viktigare enn at Keiko er død?
– Sjølvsagt, og andre vil hevde at Keiko er viktigare enn handball. Om du ser på køyreplanen, finn du sikkert nokon som meiner at noko heilt anna burde vore prioritert først. Men eg har ikkje registrert nokon protestar på måten vi gjorde det på.

– Men kva refleksjonar ligg til grunn for å prioritere Keiko før EU-krisa?
– Det har eg ikkje noko behov for å svare på. Men saka vart vurdert som meir interessant og spennande der og da. Dette er den jobben eg er betalt for å gjere. Eg treng eigentleg ikkje å forklare kvifor eg gjer slik eller slik.

– Men eg lurte på dei meir spesifikke grunnane for at Laurdagsrevyen rekna dødsfallet til kvalen Keiko som så viktig.
– Eg har prøvd å forklare deg at viktigheit er eitt av kriteria. Men eg nemnde òg mange andre kriterium som ligg til grunn for avgjerda. Kva som er viktig eller vesentleg, er berre eitt av dei.

– Burde det ikkje ha allmenn interesse korleis den viktigaste nyheitsredaksjonen i landet veg og prioriterer saker mot kvarandre?
– Sjølvsagt. Men eg har ikkje registrert spesielle innvendingar mot vurderingane mine den dagen. Eg skjøner du har fått ein ide om at vurderingane var feil, eller at nokon meiner det. Det er alltid nokon som meiner vi burde gjort noko anna. Men det er aldri så lett å redigere ei sending som dagen etter at ho er send, og seie at vi burde gjort sånn og sånn, seier Erik Wold.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |