Dag og Tid nr. 51/52, laurdag 20. desember 2003

Leiar:
Muslimar og skaut

President Jacques Chirac i Frankrike vil ikkje laga ei ny lov som forbyr muslimar å bruka hovudplagget hijab, eller skaut. Det er snakk om ei presisering av lova. Heilt sidan 1905 har det vore forbode å markera politisk eller religiøs tilhøyrsle i den franske skulen. Ingen jødar får gå med kippa, svart hatt eller krøller ved øyro. Katolikkar får ikkje gå med krossen på brystet.

Republikken er éin. Skulen er verdsleg. Alle høyrer til i det same fellesskapet. Dette skal skulen fremja, og han skal visa at han er uavhengig av alle mogelege institusjonelle, åndelege og politiske bindingar. Difor er alle religiøse markeringar i praksis forbodne og rekna som eit åtak på fridomen til skulen frå utvendig innblanding.

Grunnen til at dette temaet kjem opp no, er at mange muslimske unge jenter av den siste generasjonen i større og større grad vil markera at dei er skikkelege muslimar, at dei er stolte av identiteten sin og at dei respekterer tradisjonane. Markeringar av den typen som den franske, republikanske, ikkje-religiøse skuletradisjonen har vore mot heile tida. Før var lova først og fremst retta mot katolikkar og overivrige kristne grupper, no også mot muslimar. Lova har aldri vore detaljert, ho har berre presisert at skulen er verdsleg – punktum. Så har det vore opp til rektorane å handheva dette i praksis.

Debatten i Frankrike kan vanskeleg overførast til Noreg. Vi har ein heilt annan tradisjon og ein mindre autoritær skule. Vi må prøva å løysa problemstillinga langt smidigare. Først og fremst ved å ikkje gjera det til eit problem og såleis marginalisera dei som måtte ynskja å bruka det som ei politisk ytring. Her heime er det framleis viktigare å få jentene til å kle på seg enn å kle av dei.
Svein Gjerdåker

Dag og Tid ynskjer lesarane ei god jol og eit godt nytt år.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |