Dag og Tid nr. 50, laurdag 13. desember 2003
Bøker:
Sjanger-krigen
Det er framleis forskjell på skjønnlitteratur og saklitteratur. Og hurra for det. Men kva er forskjellen?
Geir Gulliksen:
Poetokrati
Spartacus
Eg trur Geir Gulliksen må vere ein flott redaktør å samarbeide med. I den nye boka si framstår han som genuint spørjande og interessert. Han spør gjerne to og tre gonger mot det same fenomenet utan at han verkar å ha noen baktankar med det. Han spør fordi han ikkje veit, og så finn han noen svar i løpet av teksten. Slik skal det vere: Spørje, grave og svare. Noen av spørsmåla Gulliksen reiser, har rett nok ikkje enkle svar, og Gulliksen er smart nok til ikkje å svare enkelt. Vi må vel kunne seie at spørjinga noen gonger er svar nok i seg sjølv, eller som eg trur Georg Johannesen (eller var det Stein Mehren?) skreiv omtrent slik ein gong: Det finst spørsmål som ikkje har svar, men som er så svære og viktige at vi stiller dei likevel.
Diktarveldet
Det er åtte essay i den nye boka til Geir Gulliksen. Eitt av essaya er reine hyllingstalen til den uvanlege måten Cecilie Løveid skaper litteratur på. Løveid-essayet og noen andre er tidlegare publiserte i ei litt anna form, men eg har ikkje lese dei før, og dei gjer seg i bok. Den raude tråden eller hovudbodskapen i alle essaya må vi kunne seie er eit forsvar for skjønnlitteraturen vis á vis saklitteraturen. I tittelessayet, «Poetokrati», går Gulliksen til vennleg åtak på sakprosaistane for å fare lett og upresist omkring med omgrepet «poetokrati», og han forfølgjer opphavet og betydningsmangfaldet til omgrepet. Erling Aadland, som er ute med ny bok på det same forlaget som Gulliksen, seier i byrjinga av si bok om Leonard Cohen at poetokratiet har brote saman, men at det lever vidare som rock-poetokrati. Gulliksen hevdar «poetokrati» er eit upresist og særnorsk
omgrep, og det finn han prov for i løpet av essayet sitt. I dag kan ein Knut Olav Åmås meine, som Gulliksen siterer, at Anne Holt tilhøyrer «poetokratiet, der litteratur er lik fiksjon», og Kjell Lars Berge og Trond Berg Eriksen sukkar likeins over at poetokratiet ennå lever i beste velgåande. Desse karane representerer sakprosaen, og det er som sakprosa-forsvararar at dei rakkar ned på skjønnlitteraturen og det såkalla poetokratiet. Dette viser Gulliksen på ein fin måte, dessutan ertar og ironiserer han grundig over dei når han lakonisk-ironisk spør om sakprosaens problem er at skjønnlitteraturen i større grad blir sett og lagt merke til av massemedia? Svaret på det spørsmålet gjer sakprosa-forsvararane akkurat så små som dei prøver å gjere skjønnlitteraturen. Skjønnlitteraturen må nemleg ikkje bli uviktig for at sakprosaen skal bli viktig.
Sakprosaen må bli god i seg sjølv. Og jada, jada, det finst god sakprosa, men den gode sakprosaen er antakeleg den som har ete seg feit på skjønnlitterær innsikt, akkurat som den gode skjønnlitteraturen et seg smart på viktig sakprosa. Smart litteratur har ikkje nok med seg sjølv.
Fortruleg
Eg liker den nye essaysamlinga til Geir Gulliksen, og eg skal muligens lese henne om igjen. Det kjem litt an på kor glad eg blir i boka når eg nå skriv om henne. Eg misliker at forfattaren prøver å gjere meg til sin fortrulege med stor patos og «ærleg» sjølvutlevering utan distanse: «Det var kanskje en form for oppmerksomhet, årvåkenhet. Noe hadde våknet i meg.» Det er nummeret før det kjem ei hand ut av boka til Gulliksen og stryk meg på kinnet, og eg forstår ikkje denne ublyge måten å stadig skulle innlemme lesaren i noe intimt og personleg. Kjenslespelet framstår som påstandar og naivglade invitasjonar, det høyrer liksom ikkje heime i vaksen sakprosa. Eg kunne likt det viss det var eit dikt eller ein roman som innvigde meg i intimitetar og nærleik, ein roman som ikkje sa han skulle gjere det, men som gjorde det fordi han handla om noe heilt anna enn å skulle
ville innvie meg i intimitetar og nærleik. Intimiteten kunne oppstå fordi romanen talte til meg utan å henvende seg til meg, altså blei eg ein einsam og spørjande lesar som stadig kravde og kravde det av romanen som den sjølv hadde vekt til live i meg. Gulliksen har det med å intimisere og dikkedikke med lesaren og lesarsituasjonen, ja, han dikke-dikkar både med seg sjølv og med lesaren. Det er nesten like høgfølsamt som i den syltynne samtaletråden til Anders Johansen. Er det slik menn skal skrive i dag? Javel, seier dei på Sørlandet. Det betyr god dag og ha det.
Forma og innhaldet
Nå skulle eg kanskje ikkje fortape meg i forma igjen, men eg siterer meg sjølv slik eg viseleg sa det for eit par bokmeldingar sidan: Det er med forma og innhaldet som med Faderen og Sonen: Det er ikkje godt å seie kven av dei som ikkje taler til deg.
Sant nok er det meir enn dikke-dikk med essaya til Gulliksen, ja, mye meir, og nå skulle eg ha skrive noe fyndig, flott og klokt om essaya hans, men Dag og Tid stiller ikkje meir spalteplass til rådvelde. Det er trass i alt bare ei bok vi snakkar om, ei sakprosabok til og med. Men i alle fall, eg skal lese henne om igjen, merkar eg nå, og kanskje skal eg sitere frå henne i ein annan samanheng. Dette er ei fin bok, og kanskje er Gulliksen innom tema vi kjem til å diskutere heftig i tida framover. Gulliksen grublar over det nyttige med skjønnlitteraturen, eller snarare forsvarer det unyttige ved han. Og han spør seg om det finst god religiøs litteratur. «Påfallende ofte ligner dårlig religiøs poesi på dårlige kjærlighetsdikt,» skriv han, og han drøftar i same gata om det går an å skrive god politisk litteratur i essayet om den «gløymde» krigstrilogien til Dag Solstad. Spørsmålet om sakprosaen versus skjønnlitteraturen er ikkje ferdigdrøfta med denne boka, men boka gir gode premiss og
godt bakgrunnsstoff for den vidare diskusjonen. Mest overraska og glad blei eg for essayet om den svenske forfattaren Kristian Lundberg. Her prøver Gulliksen å gjere Lundbergs Kristus til ein metafor for «overskridelse» i staden for namnet på ein mann som står i ein lang, lang tradisjon. Det er litt krampaktig gjort, men Gulliksen er klar over det, så det gjer ikkje noe. Nå om dagen er både Kristus og det sjølvbiografiske sjenerande til stades i skjønnlitteraturen, kvar skal dette ende? I denne omgang her i alle fall.
Atle Christiansen |
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|