Dag og Tid, nr 49, laurdag 6. desember 2003

Norsk Målungdom:
– Vi var fanga av systemet

Dei tiltalte i saka mot Norsk Målungdom skuldar på ein nedarva fuskekultur. I retten har det vorte teikna eit bilete av ein organisasjon med sterke lojalitetsband og indre justis. Tidlegare medlemer har pressa på for vidareføring av medlemsfusket, meiner dei tiltalte.


Kjetil A. Brottveit
kjetil@dagogtid.no

Domen i straffesaka mot seks representantar frå Norsk Målungdom (NMU) fell 17. desember. Dei er tiltala for at NMU i ei årrekkje har lurt til seg millionsummar i statleg stønad ved å oppgjeve for høge medlemstal. Fleire vitne i saka meiner at fuskekulturen kan førast tilbake til midten av 1980-talet.

Dei tiltala er i alderen 26 til 28 år og har alle hatt sentrale verv i NMU i perioden 1997-2001. Dei er tiltala for falsk forklåring og omfattande fusk med medlems-tala. Ved at NMU har oppgjeve medlemstal som har vore langt over dei reelle, har staten gjeve løyvingar på falskt grunnlag. Etter tiltalen har NMU narra til seg rundt 4,4 millionar kroner frå staten i denne perioden.

Løynd gjennomgang

Saka vart offentleg kjend i fjor haust då TV2 sende eit dokumentar program om NMU. I programmet vart det fremma påstandar om fusk og kriminalitet, og dokumentasjonen kom i stor grad frå ein omfattande rapport laga av Olav Torheim og Klaus Johan Myrvoll. Dei to var aktive i NMU frå slutten av 1990-talet. Dei fekk etter kvart mistanke om at alt ikkje gjekk rett føre seg i organisasjonen (sjå eige intervju med Torheim). Myrvoll sat i sentralstyret i NMU og hadde tilgang til kontora i Oslo. I ein periode vinteren 2000-2001 gjekk dei to i løynd gjennom det dei fann av dokument i både elektronisk og trykt form for å avdekkje mogeleg fusk og kriminalitet. Leitinga gjekk føre seg nattetid, og Torheim knekte passorda på datamaskinene. Der fann dei noko som skulle vise seg å vere prov på eit omfattande falskspel. Dei oppdaga ekte og falske medlemslister og teikn på at fleire lokallag var fiktive.

Kamuflasje

Våren 2001 brukte Torheim og Myrvoll mykje tid på å lage ein omfattande rapport om medlems-pengefusk i NMU. Dei sende rapporten anonymt til Økokrim og oppgav ei epostadresse som Økokrim kunne bruke for å få kontakt. Økokrim tok ikkje kontakt, og utpå hausten kontakta Torheim og Myrvoll TV2. Det var for seint på sesongen til å lage ein dokumentar då, men TV2 var interesserte i å bruke materialet dersom dei kunne vente eitt år. Dokumentaren vart send i oktober 2002, og neste morgon slo politiet til i NMU-kontora i Oslo. – Hadde det ikkje vore for rapporten frå dei to målungdomsmedlemene, hadde ikkje Målungdomen vorte avslørt, sa fyrstestatsadvokat Arnt Angell i retten.

I retten har det kome fram at NMU har vore organisert på ein temmeleg spesiell måte for å kamuflere medlemsfusket. Opplysningane som har kome fram, tyder på at organisasjonen har operert med ei rekkje lokallag som berre har eksistert på papiret. Talet på lokallag har nemleg òg lege til grunn for kor mykje NMU har fått i statlege overføringar. For å late som om det har vore aktivitet i desse falske laga, har NMU sentralt overført pengar til lokallaga. Personar som aldri har budd på staden, har vorte oppgjevne som leiarar i lokallaget. Etter ei tid har desse fiktive lokale tillitsvalde overført pengane tilbake til NMU sentralt. Leiinga i NMU har lagt mykje arbeid i å kamuflere denne verksemda og få det til å sjå tilforlateleg ut. Revisor oppdaga aldri fusket.

Arvesynd

Fleire av dei tiltala har lagt vekt på at dei har vore fanga av systemet og historia. Dei har fortalt om press frå tidlegare aktive i NMU om å halde fram med praksisen. Ein av dei tiltalte uttrykte seg slik:

– Det var ikkje artig å skrive under på noko som eg visste inneheldt urette opplysingar. Vi skreiv under, men det var ikkje berre oss. Det kjendest som om vi var fleire om det.

Ein annan tiltalt sa det slik:

– Eg kjende ikkje noko eigarskap til problemet.

Den manglande eigarskapen til problemet har dei tiltalte forklåra med at NMU iallfall sidan midten av 1980-talet har drive med systematisk fusk, men sakene frå før 1997 er forelda.

– Vi hadde kome inn i eit system vi ikkje likte, men vi ville ikkje melda tidlegare leiarar, sa ein av dei tiltalte.

Dei tiltalte har vidare lagt vekt på at dei ikkje hadde noko eigna forum til å diskutere problemet. Tilhøvet mellom NMU og Noregs Mållag var dårleg, og som ein av dei tiltala sa: «Vi kunne ikkje gå til Noregs Mållag, for dei ville berre ha gått til politiet.»

Dei tiltalte har òg lagt vekt på at medlemsfusket ikkje har prega det daglege arbeidet, berre den veka søknaden vart fylt ut. Dei har fortalt om hardt arbeid, dugnadskultur og jarndisiplin.

– Vi hadde alle slags dugnader: Pakkedugnad, ryddedugnad og ringedugnad. To gonger i veka hadde vi dugnad der vi ringde til folk for å få dei m
ed på kurs og liknande. Eg sleit frå klokka ni til midnatt, og det harde arbeidet var nok med på å rettferdiggjere det vi gjorde overfor meg sjølv, sa ein
 av dei tiltalte.

Lojalitet

Vidar Lund er tidlegare leiar i Noregs Mållag. Lund har vore delaktig medlemsfusket i NMU, og trekte seg som leiar etter at TV2 sende dokumentaren om NMU i fjor. Lund vart medlem i NMU i 1993, og har som vitne i saka hevda at ukulturen hadde pågått frå lenge før den tid. Han forklårar praksisen blant anna med ein sterk lojalitetskjensle.

– Engasjementet og idealismen var så sterk. I tillegg meinte vi at dette var noko alle gjorde, sa Lund og sikta til andre ungdomsorganisasjonar.

Lund var leiar i 1995 då AUF-saka kom opp. Då vart det avslørt at AUF hadde fuska til seg pengar frå Oslo kommune ved å oppgje for høge medlemstal.

– AUF-skandalen førte til ein sterkare indre justis og at jukset måtte haldast endå meir hemmeleg. Vi vurderte å gjere som Sosialistisk Ungdom og Framstegspartiets Ungdom og oppgje lågare medlemstal, men vi hadde ikkje ein moderorganisasjon å gå til som stilte opp. Ingen kunne gå til Norges Mållag for å be om hjelp. Det sat mange viktige personar i Norges Mållag som visste om praksisen, men som ikkje løfta ein finger, sa Lund.

Sidan det kunne verke mistenkjeleg med store svingingar i medlemstalet, tyder mykje på at ein utbreidd strategi i NMU gjekk ut på å få det reelle medlemstalet opp på nivå med det fiktive talet.

– Vi ville få ein slutt på overrapporteringa, men utan skandale, sa Lund.



© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |