Dag og Tid, nr 48, laurdag 29. november, 2003

Barnebøker:

Ei overlevingsbok

– Mykje av barne- og ungdomslitteraturen er «survival-litteratur», og boka mi har nok eit snev av det, seier Hilde K. Kvalvaag (35).

Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no

Ho debuterer med ungdomsromanen Hjarteklapp, og tilbakemeldingane er gode. Boka handlar om 13 år gamle Ingvild som trur ho kjem til å døy av hjartestans, slik systera gjorde for ikkje lenge sidan. Hjarteklapp handlar også om identitet, og hovudpersonen fører gjennom heile boka ein diskusjon om kven ho er. Boka konkluderer med at det går an å bestemma seg sjølv for korleis røynda ser ut, og ikkje la andre få definera kven ein er. Ho har med andre ord eit preg av «survival-litteratur».

Jentebok

Hilde K. Kvalvaag vedgår at Hjarteklapp er ei jentebok.

– Men slik må det vel vera så lenge det handlar om tankeuniverset til ei jente. Sjølv om eg har to søner, er det noko av eit mysterium for meg korleis gutar tenkjer, men eg meiner at boka inneheld allmenne problemstillingar også. Nokre av dei beste tilbakemeldingane har eg fått frå menn. Det bør vera interessant for gutar å lesa om korleis jenter tenkjer. Først og fremst vil eg skildra ein tilstand med samansette kjensler, der hovudpersonen er både trist, glad, sjølvkritisk, sjølvtilfreds eller sjølvironisk. Og eg ville visa ei indre utvikling.

– Ein kritikar har peika på at boka er lite dristig?

– Det kan ein kanskje seia, men andre har peika på at boka er både ærleg og usentimental. Eg kan gå med på at det kunne ha vore meir ytre dramatikk, men poenget var å skildra ein indre tilstand. Eg kunne ha gått lenger ned i det psykologiske, men for å få med meg dei unge lesarane, valde eg ikkje å gjera det.

Ikkje frontsoldat

Hilde K. Kvalvaag vil ikkje vera ein frontsoldat for barne- og ungdomslitteraturen.

– Eg skjønar ikkje heilt denne inndelinga. Kan ein ikkje heller snakka om god eller dårleg litteratur? Gjev du ut ein ungdomsroman, vert du fort plassert i ein bås blant dei som dei som skriv barnelitteratur. Myten seier at det er lett å skriva barnelitteratur, men det kan også vera som å skriva frå ein annan kulturell ståstad. Det kan samanliknast at du har flytta frå eit land, og så skal du prøva å rekonstruera korleis det var i gamlelandet. Dermed vert det som å skriva på eit framandt språk om dei eksotiske andre.

Over til nynorsk

Hilde K. Kvalvaag er frå Arna ved Bergen, men ho er busett på ei halvøy ute i Os-elva i Os kommune. Der regjerer ordførar Terje Søviknes, og femti prosent røystar Framstegspartiet.

– Men ute på øya vår er me godt verna mot Framstegspartiet, seier ho – og ler.

Hilde K. Kvalvaag var ein av studentane på det einaste heiltidskurset om barnelitteratur som Skrivekunstakademiet i Hordaland har arrangert. På den tida skifta ho frå bokmål til nynorsk.

– Eg fann ut at det vart mykje betre når eg skriv nynorsk, og eg er svært glad for at eg skifta, seier ho.

Hilde K. Kvalvaag er utdanna sosialantropolog og arbeider som journalist ved universitetet i Bergen.

Hovudfagsoppgåva handlar om barn i Nord-Irland, og studia i marka gjorde ho i Derry i Nord-Irland i 1994. Der undersøkte ho om etnisk tilhøyrsle var viktig for unge protestantar og katolikkar når dei møttest i ferieleirar. Konklusjonen var at dei unge greier godt å omgåast kvarandre når dei møtest utanfor sine nærmiljø, men at dei vert pressa inn i stereotypiar i eit sterkt segregert samfunn. I ferieleirane omgjekk dei kvarandre som heilt vanlege ungdommar.

– Men motsetnadene i Nord-Irland stikk djupt. Sinn Fein-tilhengarar som eg vart kjend med, meinte at det aldri kom til å verta fred. Då eg var tilbake i mai i år, var det mykje fredelegare, men avstandane mellom katolikkar og protestantar ser ut til å vera like store. Og Derry er like segregert, trist og fattigsleg.

– Nord-Irland kan verta bakgrunn for nye bøker?

– Det kan nok godt henda. Det kan vera interessant å sjå nærare på kvifor dei varme irane kan vera så stygge med kvarandre.

– Kvifor er dei det?

– Dei set folk i båsar. Du vert ikkje eit menneske, men du vert   representant for den andre gruppa, og då vert du tillagd eigenskapar som gjer at du fortener dårleg medfart. Det var mykje vald i det nordiske samfunnet, og ungdomsleiarar var ofte råe i omgangen med ungane, fortel Hilde K. Kvalvaag.

Ho er alt i gang med ein ny ungdomsroman, men kor tid han vert ferdig, veit ho ikkje.





© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |