Dag og Tid nr. 47, laurdag 22. november 2003

Roald Helgheim:
Prisen på ein jøde

Den 27. oktober 1942, dagen etter at okkupasjonsmakta og norsk politi sette i gang den landsomfattande aksjonen for å arrestere alle norske jødar, vart eit jødisk ektepar drepe ved Skrikerudtjern i Østfold, av to grenselosar som skulle føre dei over til Sverige. Dei drepne var ekteparet Jacob og Rakel Feldmann, og «Feldmann-saka» vart i 1987 skildra i Bente Erichsens spelefilm Over grensen, bygd på Sigurd Senjes bok Ekko fra Skriktjenn. Men alle stadnamn måtte endrast i filmen, skilt med «Trøgstad» på var openlyst sladda. Årsak: Drapsmennene vart frifunne etter krigen, og ville gå rettens veg for å stogge filmen.

Eg vart fødd i 1942, få månader før dei norske jødedeporasjonane. Det er noko eg stadig blir mint om, etter at den i mange tiår gløymde og forbigådde soga om det norske Holocaust meir og meir har blitt avdekt, denne veka gjennom Espen Søbyes gripande krønike om den jødiske skulejenta Kathe Lasnik. Rettssaka om grensedrapa i Østfold var i Sarpsborg i 1947. I samband med filmen dukka eg ned i arkiva med avisartiklar frå rettssaka, særleg i VG. Redaktør var Oskar Hasselknippe, ein leiande motstandsmann i Heimefronten. Det var heimefrontens menn, med Helge Motzfeldt, flyktningsjefen i organisasjonen i spissen, som var kronvitna for dei tiltalte, og det var VG som førde an i kampanjen for frifinning. «De var soldater», skreiv redaktøren på leiarplass. Ein jøde som vart førd som vitne, vart avbroten av lagmannen då han tok til motmæle mot alle dei nedsetjande vitneprova om ekteparet Feldmann. Likevel kom det for ein dag at drapet ikkje var ei spontan naudretthandling. Etter fleire forhøyr vedgjekk dei tiltalte, at dei kvelden før turen hadde bestemt seg for å drepe ekteparet og stele pengane deira. Likevel gjekk til og med aktor bort frå påstanden om eit ransmotiv. Dei vart dømde for underslag av 12.000 kroner som dei i open rett vedgjekk å ha stole.

Ekteparet Feldmann kom til Noreg i 1911, på flukt frå jødepogroma i tsar-Russland. Det byrja å brenne under føtene på kjøpmannsfamilien då adoptivsonen deira 23. oktober 1942 vart arrestert etter ein episode på Halden-toget, der ein norsk grenspolitimann vart skoten då han heldt på å avsløre og stogge flyktande jødar (adoptivsonen vart seinare sendt til gasskammera). Episoden vart nytta for alt han var verd i nazipropagandaen, og på sitt vis knyter han Feldmann-saka til det Espen Søbye skildrar i boka si.

I Dagbladet 27. august 1947 lyder ein av titlane: «Ekteparet Feldmann ble slått ihjel så humant som mulig». Det er ikkje Dagbladet sine ord, men forklaringa til ein av dei tiltalte. Dei vart slegne i hel med køller, fråstolne pengar og andre verdisaker og senka i Skrikerudtjern ved hjelp av tunge steinar bundne fast til kroppen.

Leo Eitinger var ein av dei få som overlevde deportasjonane i 1942. I 1947 var han ein aktiv avisdebattant, og skreiv dette i VG om dei tiltalte: «De mistet sin siste sjanse til å løfte sin siste gjerning fra forbrytelsens mørke til en ‘krigshandling’, og den ble til det den står for oss i dag: en udåd, en forbrytelse, en uhyggelig sådan, og Trøgstad-karene ble Feldmann-morderne». Men for Hasselknippe var dei soldatar: «Forskjellen på krig og fred er jo nettopp at soldaten i krig har rett og plikt til å ta menneskeliv.... Nå skrikes det opp om ansvarsløshet. Vi må da få lov til å rette et spørsmål til dem som skriker høyest: Hvor var du da kampen raste som verst? Skulle du ikke i stedet takke din Skaper for at du ikke i 1942 måtta ta slike voldsomme avgjørelser og sette dem ut i livet?»

Spørsmålet «Hvor var du?» fekk eit bitande svar frå Leo Eitinger: «I Auschwitz»! Men argumentet «de var soldater» vart nærmast eit slagord i debatten. Ein stud. jur skreiv i VG: «Dette slagord er valgt med omhu, og av et smart hode... Den appellerer til følelsene, men forfusker logikken». Utanom VG var det aviser som Halden Arbeiderblad, Fredrikstad Blad og 1. Mai som forsvara dommen. Vårt Land, Adresseavisen, Arbeiderbladet og Dagbladet var kritiske. Då ein innsendar i VG gjorde det tankeeksperimentet at Feldmann hadde oppdaga at flyktningførarane hadde tenkt å drepe han, og han drap flyktningførarane i staden. «Ville da lagretten ha frifunnet ham fordi han handlet i selvforsvar?»

Etter vår oppfatning: selvsagt», skriv VG på leiarplass. «I den foreliggende sak gikk de to tiltalte straffri fordi lagretten fant at de hadde handlet i en nødssituasjon, og vi kan ikke tenke oss annet enn at enhver norsk lagrett ville ha frikjent Feldmann.» Det må ein kalle heilgardering!

Den som best sette ord på kva ulike menneskeliv var verdt i denne tida, var den norske jøden Aksel Scheer. 5. september 1947 skreiv han i Dagbladet:

«I de norske jøders blodige historie merker en seg Stapos politifullmektig Rød, som sto for arrestasjonen av disse (jødene), med domsresultat: Frifinnelse.

Dødsdommen over den tyske gestapist Wagner, som bar ansvaret for deportasjonen av ca. tusen norske jøder, ble av Norges Høyesterett endret til en tidsbegrenset frihetsstraff.

Morderne fra Skrikerudtjernet, tiltalt for overlagt rovmord på to jøder, ble blankt frifunnet.»

«Går det en rød tråd gjennom disse rettsavgjørelser?», spør Scheer. «Er grunnen en bevisst eller ubevisst nedvurdering av en viss gruppe mennesker?», skriv han, og naglar lesaren til veggen med spørsmålet: «Hva koster det å slå i hjel en jøde i Norge?».


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |