Dag og Tid nr. 35, laurdag 8. november 2003

Islam:
Vil forske, ikkje fordøme

Norske islamforskarar kjenner seg ikkje råka av påstandar om at dei er ukritiske til islam. Vi er verken for eller imot, vi formidlar kunnskap, seier Knut S. Vikør.

Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no

Norske islamforskarar er for lite kritiske til islam, hevda Walid al-Kubaisi i meldinga si av boka Hvorfor jeg ikke er muslim i siste nummer av Dag og Tid. Han trekte særleg fram Kari Vogt, Knut S. Vikør og Oddbjørn Leirvik, og meinte at desse forskarane ikkje har gjort nok for å få fram dei negative sidene ved religionen islam. Men ingen av dei tre kjenner seg råka av kritikken.
– Det er viktig å skilje dei sosiale og kulturelle sidene i islamske samfunn frå religionen. Det blir for enkelt å hevde at folk er forstokka berre fordi dei er muslimar, seier Kari Vogt, førsteamanuensis i religionshistorie ved Universitetet i Oslo.
– Men eg tek det al-Kubaisi seier, til etterretning. Ein skal ikkje vere apologetisk, og eg er ikkje blind for dei negative uttrykka innanfor islam. Det finst sneversynte tolkingar innanfor alle religionssamfunn.
– Kan ikkje religionen òg vere ei medverkande årsak til dei lite humane sidene ved mange islamske samfunn?
– Dette er eit spørsmål som det står strid om. Men det er ikkje nokon opplagd årsakssamanheng. Somme muslimar har eit snevert  syn på religionen sin plass i samfunnet. Men andre muslimar tek sjølve opp dette som eit problem, og prøver å nytolke islam. Det skjer til dømes i Iran i dag, der det blir skrive tjukke verk som grunngjev at demokrati og islam er moglege å sameine.
– Bør forskarar berre skildre og forklare islamske samfunn, eller bør dei òg kritisere uheldige sider ved desse samfunna?
– Det kjem heilt an på kva mål ein har. Ein skal i alle fall ikkje dekkje over og idyllisere røyndomen. Men verdidommar kjem som regel ukritisk og raskt. Det er ikkje nett verdidommar og fordommar som manglar i ålmenta, det har vi i store mengder. Som forskarar skal vi først og fremst få fram korleis røyndomen er. Eg er for ein sakleg kritikk av inhuman praksis innanfor muslimske samfunn. Men ein må òg ha eit kritisk blikk på islamkritikarane og deira dagsorden, seier Kari Vogt.

Ønskjer fordøming

– Dei som studerer islam, er vane med å bli kritiserte for å vere for liberale og forståingsfulle, spesielt av dei som er antimuslimske, seier Knut S. Vikør, førsteamanuensis ved Senter for Midtøsten- og islamske studier, Universitetet i Bergen.
– Mange ønskjer at vi skal fordøme islam, og blir skuffa når dei les bøkene våre. Men vi studerer korleis islam har utvikla seg gjennom historia, og fordøming er ikkje målet for det vi driv med, seier Vikør.
– Dei som studerer islam, legg vekt på variasjonen, at islam ikkje er ein ting. Somme påstår at islam må vere undertrykkjande, at det ligg i islams natur. Vi seier at det ikkje må vere slik, og at det er opp til muslimske samfunn å avgjere kva veg islam skal gå. I dei formene som islam framtrer i dag, ser vi fleire som er i konflikt med vårt vestlege normsett. Men det er ikkje islam i seg sjølv som er undertrykkjande, men menneske som nyttar seg av ideologien til undertrykking.
– al-Kubaisi meiner islamforskarane er redde for å støyte muslimar?
– Eg trur ikkje vi er redde. Men vi prøver å formidle kunnskap og poengtere variasjonen i islam. Det er ikkje vår oppgåve å kritisere, men å gje grunnlag for kritikk. Vi skal få fram alle sider, også dei negative. Eg trur al-Kubaisi ventar seg noko anna enn akademiske arbeid. Han ventar at vi skal ta stilling for eller imot. Men vi er verken for eller imot, det får andre ta seg av. Vi formidlar kunnskap. Men fordi dei negative sidene dominerer i offentleg debatt, blir forskarane si rolle ofte å moderere det negative, seier Knut S. Vikør.

– Lite treffande

– Eg synest ikkje kritikken til al-Kubaisi er særleg treffande, seier Oddbjørn Leirvik, prosjektleiar for Interreligiøse Studium ved Universitetet i Oslo.
– I ei av bøkene mine har eg ei brei, kritisk drøfting av mellom anna religiøs legitimering av valdsbruk. Men mange av dei problema al-Kubaisi peikar på i islam, ser eg som generelle problem i dei abrahamittiske religionane (islam, kristendommen og jødedommen, journ.merk), seier Leirvik.
– At eg skal ha neglisjert religionskritikken innanfor islam, kan eg ikkje forstå. I ei av bøkene mine har eg til dømes eit eige underkapittel om Shabana Rehman, som er ei markert religionskritisk røyst. Det verkar som om al-Kubaisi vil skape eit bilete av seg sjølv som den som tør ta tak i dei vanskelege spørsmåla, medan vi andre ikkje tør å ta i det som er vanskeleg.
Skal ein finne ut kva islam står for, kan ein ikkje berre summere kva muslimar står for, meiner Leirvik.
– Ein kan ikkje gje islam som religion skulda for bestialske praksisar som ein må stille seg kritisk til på menneskerettsleg grunnlag. Mykje av islam som det framstår i Noreg, er like mykje prega av lokale tradisjonar i heimlanda som islam. Til dømes har tvangsekteskap og omskjering av kvinner røter i særskilde kulturar. al-Kubaisi skil for lite mellom kultur og religion, seier Leirvik.

– Velmeinande
Hos Lars Gule, leiar i Humanetisk forbund og tidlegare Midtausten-forskar, får derimot Walid al-Kubaisi støtte. Gule har skrive føreordet i den sterkt islamkritiske boka Hvorfor jeg ikke er muslim.
– Norske forskarar har ikkje gjort nok for å setje kritisk lys på negative sider av islam, som legitimeringa av kvinneundertrykking, og av straffemetodar som amputasjon, pisking og steining. Det er høgst legitimt å spørje i kva grad islam medverkar til mangel på demokrati eller respekt for menneskerettar, seier Gule.
– Forskarar finn fort politiske, økonomiske eller sosiale forklaringar, men det hindrar ikkje at religionen òg kan vere ei sjølvstendig årsak. Dei fleste islamforskarane har lagt for lite vekt på dette.
– Kva skulle i så fall det kome av?
– Det er velmeinande, men misforståtte forsøk på å prøve å hindre islamfrykt i opinionen. Det er prisverdig, men det har gått for langt. Arenaen for kritikk blir dermed overlaten til dei mest framandfiendslege, seier Gule.
– Eg har vore islam- og midtaustenforskar i over 20 år, og opplevd dette sjølv: Ein blir fascinert av studieobjektet sitt, og tett knytt til det ein studerer. Ein får for lite kritisk distanse til feltet, og blir meir tilbøyeleg til å bortforklare det som skjer. Slik var eg òg.
Lars Gule legg likevel vekt på kunnskapen til islamforskarane.
– Dei har ein god del å bidra med, men dei må ikkje gløyme å stille kritiske spørsmål. Kvifor skriv ikkje islamforskarane artiklar som presenterer dei forferdelege sidene ved islamske samfunn, og drøftar islam si rolle som årsak, spør Lars Gule.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |